Saint-Denis



































Saint-Denis

Basilique de Saint-Denis
Basilique de Saint-Denis





Byvåpenet til Saint-Denis

Byvåpenet til Saint-Denis

Styresmakter
Land
Region
Departement

Frankrike
Île-de-France
Seine-Saint-Denis
Geografi
Flatevidd
 - By


12,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik


95 800
  7 751/km²
Koordinatar

48°56′10″N 2°21′53″EKoordinatar: 48°56′10″N 2°21′53″E
Høgd over havet
33 m
Diverse anna

Heimeside: www.ville-saint-denis.fr
Plassering

Seine-Saint-Denis-Position.png


Saint-Denis er ein kommune i dei nordlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 9,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Saint-Denis er eit sous-préfecture («underadministrasjon») i departementet Seine-Saint-Denis og setet for Arrondissementet Saint-Denis i regionen Île-de-France.


I Saint-Denis ligg den kongelege gravstaden ved Basilique de Saint-Denis, som tidlegare hadde eit tilhøyrande kloster. Her ligg òg nasjonalstadiumet til Frankrike, Stade de France, som vart bygd for Fotball-VM i 1998. Pleyelkrysset er eit kjent landemerke i Saint-Denis.


Saint-Denis var tidlegare ein industriell forstad, men næringsverksemda har i ei seinare åra endra karakter og i dag har audiovisuell og tenesteytande industri i stort mon teke over. Mange av innbyggjarane er muslimske immigrantar frå tidlegare franske koloniar.


Innbyggjarar frå Saint-Denis vert kalla dionysiens, som stammar frå latin Dionysius, som i sin tur kjem frå gresk Dionysos..



Næringsliv |


Frå 1975 til 1995 var Saint-Denis inne i ei økonomisk krise, som råka heile det området som vert kalla la Plaine de France (den franske sletta), som forutan Saint-Denis omfattar kommunane Aubervilliers og Saint-Ouen. Men i dei seinare åra er det bygd mange audioviselle studio i området og la Plaine de France har utvikla seg til eit nasjonalt audiovisuelt senter. Ein ny filmby er under bygging på eit område som tidlegare høyrde til Électricité de France (EDF). Områdert dekkjer eit areal på 6,5 hektar (65 mål) og fleire studio, med eit samla areal på 25 000 m², er under oppføring. Sentret vert kalla la Cité du cinéma (filmbyen) og skal stå ferdig i 2009.
Den audiovisuelle industrien kan likevel ikkje kompensera for tapet av den gamle industrien.


Men frå 2004 har både offentlege institusjonar og fleire private føretak etablerte seg i området og det er skapt rundt 6000 nye arbeidsplassar. Dette var om lag like mange som dei industriarbeidsplassane som gjekk tapt frå midten av syttitalet og utover. I ein periode på ti år har det kome til 462 nye føretak. Mellom desse er SNCF (dei franske jarnvegane), Afnor, Generali, Arcelor, plus fleire helseføretak. Men mange av dei nye arbeidstakarane er innflyttarar frå andre kommunar og det er framleis stor arbeidsløyse (17 % i byrjinga av 2005). Mange (4200 i 2006) lever òg på minsteløn.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Saint-Denis



  • Saint-Denis, ein landsby i mellomalderen

  • Cité du cinéma





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum