Ein Shemer




Koordinatar: 32°27′40.68″N 35°0′24.12″E










































Ein Shemer

kibbutz

En Shemer01.jpg

Land

Flag of Israel.svg Israel

Distrikt

Haifa distrikt
Kommune

Menashe

Koordinatar

32°27′40.68″N 35°0′24.12″E


Grunnlagd

1927
 - Grunnlagd av

Hashomer Hatzair-medlemmar

Tilhøyrsle

Kibbutzrørsla




Israel location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Ein Shemer

Nettstad: www.ein-shemer.com


Ein Shemer er ein kibbutz i Israel i Shomron-området, omgjeve av sitruslundar, frukthagar og enger. Han ligg kring 6 km nordaust for Hadera, og ligg i Menashe regionale kommune. Kibbutzen vart grunnlagd i 1927 og lever av jordbruk og industri, i tillegg til arbeid frå individuelle medlemmar utafor kibbutzen.



Historie |


I 1913 valte ei gruppe unge jødar frå HaShomer (Vaktmennene) å opprette ein vaktpost nær inngangen til Wadi 'Ara, som skulle tene som ein stoppestad for reisande mellom kysten av Middelhavet og Galilea.


Frå starten av var staden busett av og på av nokre små pionergrupper, som alle vart drivne bort av dei tøffe forholda - malaria, vassmangel (fram til 1935 måtte ein føre inn vatn med hest og vogn frå den nærliggande Karkur), den lange avstanden til andre busetnader og fyrste verdskrigen som pågjekk og gjorde livet vanskeleg.


I 1921, etter at britane tok over landet frå dei osmanske tyrkarne, kom medlemmar av Gdud HaAvoda, Arbeidarbataljonen, til staden og bygde ein gardsplass med festningsverk. Dei bygde to meter høge steinmurar med opningar for å kunne skyte angriparar, og ein stor jernport. Eit to etasjars hus i stein vart òg bygd for å huse dei lokale innbyggjarane i tilfelle problem. Huset vart bygd i sørfransk 1800-talsstil og står framleis i dag. Trass i dei store investeringane, var det berre få av Gdud HaAvodah som vart verande att etter, og seinare berre ein person, som seinare vart det første medlemmet av kibbutzen Ein Shemer.


I 1927 kom dei første pionerane frå HaShomer HaTzair til staden. Dei var alle ungdomar som hadde immigrert frå Polen og først hadde budd og arbeidd i Ein Ganim nær Petah Tikva. Shavuot 1927 er rekna som datoen kibbutzen vart grunnlagd. Dei neste åra kom fleire HaShomer HaTzair-pionerar frå Polen til den staden. Den første tida var særs hard. Mange kom frå velståande familiar i Polen og dei fleste såg aldri familiane sine igjen. 80 av 100 første medlemmane vart sjuke av malaria. I 1934 fekk kibbutzen elektrisk straum og først i 1935 vart det funne vatn på staden. Medlemmane prøvde å søke samarbeid og venskap med dei arabiske naboane sine, men i 1930- og 1940-åra var det likevel uro, og i 1938 vart to medlemmar i kibbutzen drepen av ein arabisk gjeng. Etter andre verdskrigen tok medlemmane i kibbutzen del i den såkalla «ulovlege» immigrasjonen av Holocaust-overlevande til Israel, som vart forbode av dei britiske mandatstyresmaktene. Då britiske soldatar raida nabokibbutzen Giv'at Haim i 1945, kom medlemmar frå Ein Shemer til for å forsvare kibbutzen og retten for jødar til å immigrere til Israel. I kampane vart eit medlem av kibbutzen drepen og fleire andre skadde.


Frå 1940-åra og frametter kom fleire immigrantar til kibbutzen, somme frå Egypt og Balkan. Andre kom frå Unge Aliya-organisasjonen frå Europa etter Holocaust og innfødde israelarar slo seg òg ned på staden.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ein Shemer» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:








Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad























Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum