Abort




Abort er avbrotet av eit svangerskap før fosteret er ferdig utvikla,[1] slik at fosteret døyr. Det er vanleg å skilja mellom spontan abort, som skjer uventa og som følgje av feil ved fosteret, ytre påverknader eller ukjende grunnar, og provosert abort,[2] som kan skje som følgje av eit medisinsk inngrep eller gjennom vald mot livmora.


Abort kan vera eit medisinsk problem, eit rettsleg problem og eit etisk problem. Innan svangerskapsmedisin har ein arbeidd for å finna grunnar til at spontanabortar skjer og måtar å hindra dei på. Det er også blitt utarbeidd trygge måtar å framprovosera sjølvvald abort på. Etisk er abort omdiskutert, med ulik vekt lagt på den gravide kvinna sin rett til å bestemma over eigen kropp og helse, stilt opp mot fosteret sin rett til forsøk på liv. Rettsleg finst det mange ulike tilnærmingsmåtar til inngrepet, der abort kan vera totalforbode innan nokre rettssystem og nærast påkravd i andre.




Innhaldsliste






  • 1 Biologi


    • 1.1 Spontan abort


    • 1.2 Provosert abort




  • 2 Årsaker til abort


    • 2.1 Naturlege årsaker


    • 2.2 Årsaker til å ønska framprovosert svangerskapsavbrot




  • 3 Syn på abort


    • 3.1 Abortsyn i norsk offentlegheit og media




  • 4 Lovgjeving


    • 4.1 Den norske abortlova


      • 4.1.1 Politiske grupperingar




    • 4.2 Sambandsstatane og Irland




  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Biologi |



Spontan abort |


Spontan abort kan skje gjennom heile svangerskapet fram til fosteret er levedyktig. Etter denne tida blir svangerskapsavbrot før fostertida er over kalla prematur fødsel. Det finst inga klar tidsgrense mellom spontanabort og for tidleg fødsel, og tidsrommet har flytta seg i takt med utviklingar innan nyføddmedisin.[3]


Det er ganske vanleg for kvinner å spontanabortera, særleg tidleg i svangerskapet. Mange befrukta egg forsvinn før kvinna er klar over at ho er gravid. I svangerskap som blir oppdaga, leier rundt 15 % til spontan abort.[3] Om kvinner spontanaborterer tre gonger etter kvarandre utan å oppnå ein barnefødsel, blir det sett på som habituell abort som kan trenga undersøking.[3]



Provosert abort |


Innan moderne medisin kan ein framprovosera abort med medikament eller kirurgisk. Det er vanleg å kombinera antiprogesteron og prostaglandin som abortframkallande middel. Desse får som regel livmora til å støyta ut fosteret og alle svangeskapsprodukta. I nokre høve (ca. 3 %) trengst også ei kirurgisk utskraping. Abort med medikament kan i Noreg utførast heime fram til 9. svangerskapsveke og deretter på sjukehus.[2]


Kirurgisk abort kan føregå ved hjelp av eit vakuumsug etter at livmorhalsen er noko blokka opp. Inngrepet tek rundt 5 minutt, og blir utført under narkose.
Operasjonen kan ha komplikasjonar som ufullstendig tømming, infeksjonar eller perforasjon av livmorveggen. Ved moderne medisinske metodar er det uvanleg med alvorlege komplikasjonar som eventuelt sterilitet.[2]



Årsaker til abort |



Naturlege årsaker |


Det finst mange grunnar til at spontanabortar hender, mange av dei ukjende.
Hjå menneske skjer over halvparten av tilfella på grunn av kromosomfeil hjå fosteret.[3]
Andre grunnar kan vera hormonforstyrringar og ulike infeksjonar.[3]
Hjå husdyr kan ein oppleva abortepidemiar som følgje av baktriar som Brucella abortus, Campylobacter foetus eller Salmonella og virus som pestivirus, herpesvirus og parvovirus.[4]


Det er kjent at nokre kvinner har større sjanse for å abortera, og at denne aukar jo eldre dei vert.
Spontanabortar kan òg skje på grunn av ytre faktorar, som svolt: Dersom mora ikkje har nok mat til seg sjølv, vil ho i alle fall ikkje ha nok mat til å fø eit barn.


I nokre artar er spontanabortar ein velutvikla overlevingsmekanisme: Hjå dei høgproduktive kaninane kan til dømes hoa ta opp fostera i kroppen igjen dersom ho føler seg svært truga. Ho unngår dermed å føda ungar i ein sårbar situasjon, og får tilbake all næringa ho har brukt på dei.



Årsaker til å ønska framprovosert svangerskapsavbrot |


Kunstig abort kan verte utført på grunn av fare for mora eller ungen si helse under den kommande fødselen, fordi det er feil eller misdanningar ved fosteret, eller på grunn av sjukdom hos fosteret. Eit abortinngrep kan òg vere utført etter at kvinna har vorte utsett for valdtekt eller andre overgrep eller at kvinna har ein særs vanskeleg livssituasjon.


Kunstige abortinngrep kan òg verte gjennomført fordi fosteret ikkje fyller forskjellige krav foreldra har til det (eit døme på dette er kjønnsbestemt abort). Abort vert òg nytta som ei form for nødprevensjon etter samleie der det ikkje vart nytta prevensjon, eller prevensjonsmidla ikkje virka.



Syn på abort |


Abortar av begge typar kan kalle fram sterke kjensler. Medan spontanabortar stort sett fører til sorg berre hjå dei det gjeld, er kunstige abortar eit emne som har vore (og er) underlagt stor debatt i store delar av (om ikkje heile) verda.


Nokre rørsler er bygd på religiøse, kulturelle og politiske (statlege) lovverk eller grunnpilarar som forbyr sjølvvald abort. Andre rørsler meiner at det er ei kvar kvinne sitt val om ho vil bera fram eit barn eller ikkje.


Dei mest radikale abortmotstandarane reknar alle former for sjølvvald abort som regelrett barnedrap, medan dei mest radikale abortforkjemparane meiner det er eit angrep på fridomen til ei kvinne (med andre ord menneskerettane) å nekte ho kontroll over sin eigen kropp.


I alle demokratiske land der det har vorte innført eiga abortlovgjeving i moderne tid har det vore sterke og klåre grupperingar for og mot. I mange tilfelle har folk vorte drepne grunna standpunktet sitt i abortspørsmålet.


Ofte går det eit skarpt skilje i abortspørsmålet mellom radikal-konservativt religiøse grupperingar og sekulære grupperingar, men det er langt i frå ein fast regel.



Abortsyn i norsk offentlegheit og media |


I Noreg er ikkje nokon av dei mest radikale synspunkta lenger dominerande i offentlegdomen og media i særleg stor grad, men det finst radikale feministiske organisasjonar og radikal-konservative kristne organisasjonar med liknande formuleringar i føremålsparagrafane sine. Det er berre på motstandarsida at det finst eigne organisasjonar som berre konsentrerer seg om abortspørsmålet. Kristne meiningsberande media, som til dømes avisa Dagen tek oftare opp abort-debatten enn det som er vanleg elles i norsk media.




I dag er det relativt stor stønad i dei fleste norske samfunnsgruppene for den abortlovgjevinga Noreg har. Hausten 2013 gjorde Kristeleg Folkeparti, Framskrittspartiet og Høgre avtale om at fastlegar må få reservasjonsrett mot mellom anna å måtta tilvise pasientar til abort.[5]



Lovgjeving |


Historisk har abort vore ukjend, skjult eller forbode mange stader. Først på 1900-talet blei inngrepet generelt godkjend i lovverk, først i Sovjetunionen i 1920, deretter på Island i 1935.


Abortlovgjevinga varierer frå land til land, der somme tillèt det til svært seint i svangerskapet, medan andre berre tillèt det i særskilde tilfelle, som når mora er i fare. Nokre få stader er all framprovosert abort forbode.



Den norske abortlova |




Frå kvinnedagen 8. mars 2014 i Oslo: Forsvar kvinna sin rett til sjølvbestemt abort


I 1978 vart det gjort endingar i Lov om svangerskapsavbrudd som heilt klårt gav norske kvinner rett til å ta abort. Endringa av abortlova i -78 var kulminasjonen av ein hard og oppheita strid som hadde stått på lenge. Lova vart knappast vedteke i Stortinget med ikkje meir enn ei røyst i overvekt.


Etter lovendringa kan kvinner no sjølve avgjere om dei ønskjer å ta abort fram til den tolvte veka i svangerskapet. Etter tolvte veke i svangerskapet lyt ein søke om tillating hos ei sokalla abortnemnd. Abortnemnda kan innvilge inngrep om eitt av dei følgjande krava er oppfylt:



  1. det er fare for den fysiske eller psykiske helsa til kvinna

  2. kvinna har ein vanskeleg livssituasjon

  3. det er stor fare for sjukdom hos ungen (òg kalla eugenisk indikasjon)

  4. svangerskapet er eit resultat av valdtekt eller incest

  5. mora er psykisk sjuk eller -utviklingshemma.


Lova seier òg at «det skal legges vesentlig vekt på hvordan kvinnen selv bedømmer sin situasjon».


Etter atten veker er det ikkje tillate med abort. Lova opnar likevel for at nemnda kan innvilge inngrep om «det er særlig tungtveiende grunner for det» fram til den 23. veka i svangerskapet. Etter den veka reknar lovgjevaren (Stortinget) det som sannsynleg at eit foster kan vere levedyktig utan mora.


Om kvinna står i fare for å døy under fødselen kan abortinngrep gjennomførast på alle stadium av svangerskapet.



Politiske grupperingar |


Partiet SV har programfesta at dei ynskjer fri abort fram til sekstande veka, noko som er i samsvar med krava åt organisasjonar som Kvinnefronten og Kvinnegruppa Ottar. Partiet Raudt har programfesta eit ynske om sjølvbestemt abort fram til attande veka. I Noreg er det organisasjonen Menneskeverd som frontar kampen mot fri abort.



Sambandsstatane og Irland |


Medan debatten ikkje er særleg dominerande i norsk media lenger, er det framleis sterke kløyvingar i nokre av dei dominerande politiske miljøa i andre land om det bør vere lovleg å framprovosere ein abort.


I USA vart sjølvvald abort innført i 1973 med ei høgsterettsavgjerd i den sokalla «Roe vs. Wade»-saka. Høgsterett slo fast at lover som forbaud abort braut med den grunnlovsfeste retten til privatliv. I teorien gav Høgsterett høve til å innføra restriksjonar på abortar utførte i andre eller tredje trimester, men i praksis har alle seinare lovendringar som set avgrensingar på abort vorte avviste av retten som ukonstitusjonelle. Dersom pasienten klarar å finna ein lækjar som er viljug til å gjera inngrepet, er det juridisk sett inga grense for kor langt ut i svangerskapet ein kan taka abort. I USA vert det gjennomsnittlege teke 1,5 millionar framprovoserte abortar i året, og om lag 1 % av desse vert utførte etter den 21. svangerskapsveka. I Noreg er det ikkje lov å taka abort etter 23. svangerskapsveka med mindre livet åt mora er i akutt fåre.


Medan Høgsterett i USA ser på retten til abort som heimla i grunnlova, er stoda den motsette i Irland. Her vart det i 1983, etter ei folkerøysting om saka, lagt inn eit tillegg til grunnlova som slo fast "the right to life of the unborn, with due regard to the equal right to life of the mother'". I 1992 slo Høgsterett i Irland fast at eit 14 år gamalt valdtektsoffer kunne fara utanlands og taka abort av di det elles var fare for at ho kom til å taka sitt eige liv.



Kjelder |





  1. «abort» i Nynorskordboka.


  2. 2,02,12,2
    Nesheim, Britt-Ingjerd. «Abort» (13. februar 2014). I Store medisinske leksikon.



  3. 3,03,13,23,33,4
    Nesheim, Britt-Ingjerd. «Spontan abort» (12. februar 2014). I Store medisinske leksikon.




  4. Velle, Weiert Martin. «Abort hos husdyr» (10. januar 2014). I Store norske leksikon.



  5. Svendsen (2013). «Dette punktet nektet Venstre å skrive under på». NRK.  Parameteren |utgivelsesdato= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |vitjingsår= er ikkje støtta av malen. (hjelp)




Bakgrunnsstoff |



  • Statistisk Sentralbyrå: Abort i Noreg

  • Lovdata: Lov om svangerskapsavbrudd





Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029