Kristent Samlingsparti
Kristent Samlingsparti | |
Ideologi | Basert på Bibelen og den norske grunnloven |
---|---|
Oppretta | 1998 |
Farge | Raud og blå |
Partileiar | Ørnulf Nandrup |
Ordførarar | 0 |
Kommunestyre- representantar | 1 |
Fylkestings- representantar | 0 |
Stortings- representantar | 0 |
Nettstad | www.kirken.com/ks.htm |
Kriste Samlingsparti tek mål av seg å snu sekulariseringa av Noreg ved å grunne alle politiske avgjerder i deira tolking av Bibelen og grunnlova. Grunnsteinen i den politiske plattforma til partiet er at Bibelen er sann og ufeilbarleg og kjem direkte frå Gud. Partiet ønskjer å avsekularisere Noreg.
Kriste Samlingsparti arbeider mellom anna for ein strengare innvandringspolitikk. Der vern vert godteke gjennom asyl med opphaldsløyve på humanitært grunnlag skal utgangspunktet vere at asylmottakaren reiser tilbake til opphavslandet etter at forholda der har stabilisert seg. Partiet er særs Israelsvenleg. U-hjelp, frivillig bistand og gåver skal i større grad distribuerast gjennom kristne og andre humanitære (òg ikkje-kristne) kanalar og organisasjonar.
Innanriks arbeider KS for ei kraftig betring av stamvegnettet og oppjustering av fartsgrensene på somme strekningar. Krass motstand mot sambuarskap, homofili og abort. Partiet ønskjer òg å gjennomføre ei drastisk endring av religionsundervisinga i skuleverket til ei rein kristendomsundervising.
I 2001 melde partiformannen, Ivar Kristianslund seg ut av partiet og skipa partiet Kristen Framtid i protest mot at sentralstyret endra vedtektene for å opne for kvinner i partileiinga.
Partiet har ein kommunestyrerepresentant i Kautokeino kommune.
Innhaldsliste
1 Struktur
2 Kort historie
3 Politikk
3.1 Innanriks
3.2 Utanriks
4 Statistikk
4.1 Valoppslutning
4.1.1 Kommuneval
5 Bakgrunnsstoff
Struktur |
Landsmøtet er det øvste styrande organet i Kriste Samlingsparti. Der møter heile landsstyret og omtrent 2 representantar frå kvart fylkeslag.- I landsstyret sit alle fylkesfomenn og -nestfomenn.
- Mellom landsmøta har sentralstyret det politiske og administrative ansvaret. I sentralstyret sit føremannen og dei to nestføremennene (ein organisatorisk og ein politisk) i tillegg til to einskilde styremedlemmer.
Kort historie |
Det tidlegare Kriste Samlingsparti gjekk inn i Samlingspartiet Ny Fremtid i 1994. Samlingspartiet Ny Fremtid slo seg seinare saman med Kriste Konservativt Parti den 26. september 1998. Denne fusjonen tok opp att namnet Kristent Samlingsparti.
I 2001 forlet partiformann Ivar Kristianslund partiet i protest mot at sentralstyret, i strid med vedtak gjort på landsmøtet, tillet kvinner i leiinga. Han har sidan starta partiet Kristen Framtid.
Politikk |
Innanriks |
Kriste Samlingsparti legg Bibelen til grunnlag for sitt politiske utgangspunkt. Hovudsaka til partiet er å snu sekulariseringa av Noreg. Med grunnlag i si tolking av Bibelen ynskjer partiet å forby abort (abort vert omtala som fosterdrap) og homofilt partnerskap. Dei vil òg avskaffe eller omarbeide likestillingslova og gjere om religionsundervisinga i skulen til eit reint kristendomsfag.
Utanriks |
Partiet er imot norsk medlemskap i EU med grunnlag i Grunnlovens §1 og at Gud, i følgje deira tolking av Bibelen ynskjer nasjonalstatar (1. mosebok, kapittel 11, vers 1-9 og Apostelgjerningane, kapittel 17, vers 26-27). Partiet meiner at Israel er eit folk utvald av Gud, og annerkjenner difor staten Israel i fundamental forstand med Jerusalem som hovudstad.
Statistikk |
Valoppslutning |
Kommuneval |
- Partiet fekk ein representant inn i Kautokeino kommunestyre i 1999.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Politiske parti i Noreg | |
---|---|
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2017. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad. | |
På Stortinget |
|
Ikkje på Stortinget | Pensjonistpartiet (0,4) Helsepartiet (0,4) Partiet Dei Kristne (0,3) Liberalistane (0,2) Demokratane (0,1) Piratpartiet (0,1) Alliansen (0,1) Kystpartiet (0,1) |