1968












< 1968 >




1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970
























Mekiskanske studentar jublar rundt ein utbrent buss 28. juli 1968.
Foto: Marcel·lí Perelló





Richard Nixon under valkampen til neste års presidentval, som han skulle vinna.
Foto: Oliver F. Atkins





Fredeleg opptog under nasjonaldagen i Singapore med folk frå People's Association, ein organisasjon tufta for å fremja samfunnsånd.
Foto: Lama Jey Tsong Kapa



1968 i den gregorianske kalenderen var eit skotår som byrja på ein måndag. Året er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon.


Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.[1]


Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.


USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.[2]


Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og vonbrot, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst framleis innan seinare politikk.[3],[4]




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Født


  • 3 Døde


  • 4 Skildringar av 1968


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Fotnotar




  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Galleri





Hendingar |




Amerikanske soldatar ved ein bunker under Operation Worth. I 1968 hadde USA grave seg fast i Vietnam, og fleire tok til å tala mot krigen.


Pågåande hendingar i 1968 var Andre Chimurenga-krigen i Rhodesia (1964–1979), Kulturrevolusjonen i Kina (1964–1969), Den namibiske sjølvstendekrigen, (1966–1988) Borgarkrigen i Yemen (1962–1970), og Vietnamkrigen (1959–1975).



Utlandet |




  • 2. januar: Den sørafrikanske legen Christiaan Barnard utførte den første hjartetransplantasjonen der pasienten overlevde.


  • 5. januar: «Prahavåren»: Reformvennlege Alexander Dubček blei leiar for kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia.


  • 15. januar: Jordskjelv på Sicilia. 200 omkom, 42 000 blei huslause.


  • 21. januar:

    • Eit B-52 bombefly frå USA med fire hydrogenbomber om bord styrta under nødlanding ved Thule på Grønland.


    • Vietnamkrigen: Slaget ved Khe Sanh tok til. Det varte fram til 8. april, og er blitt sett på som byrjinga på Tet-offensiven.




  • 23. januar: USA sitt etterretningsskip USS Pueblo blei teke i arrest av den nord-koreanske marinen.


  • 25. januar: Den israelske undervassbåten INS Dakar sokk i Middelhavet og 69 drukna.


  • 30. januar: Vietnamkrigen: Tet-offensiven, den største offensiven frå Front National de Liberté i Vietnam så langt, tok til med åtak på 36 provinshovudstader og 64 lokale senter.


  • 31. januar:

    • Presidenten av Nauru, Hammer DeRoburt, erklærte sjølvstende frå Australia.


    • Vietnamkrigen: Tet-offensiven heldt fram med åtak på Saigon. Sentrale institusjonar som radiohuset, presidentpalasset og USA sin ambassad blei tekne av FNL.




  • 1. februar: Vietnamkrigen: Avrettinga av ein fanga FNL-offiser utført av ein sørvietnamesisk politisjef blei fotografert av Eddie Adams. Biletet blei verdskjend og bidrog til å svinga folkeopinionen mot Vietnamkrigen.


  • 6.-18. februar: Vinter-OL i Grenoble


  • 11. februar: Grenseslag mellom Israel og Jordan.


  • 8. mars: Studentar demonstrerte i Polen mot det kommunistiske styret i landet.


  • 12. mars: Den britiske kolonien Mauritius blei sjølvstendig republikk, men fortsette som medlem i Det britiske samveldet.


  • 16. mars: Vietnamkrigen: My Lai-massakren fann stad då soldatar frå USA drap og mishandla 347 sivile ved landsbyen My Lai i Vietnam.


  • 17. mars: Ein demonstrasjon mot vietnamkrigen i London blei valdeleg. 91 blei skada og 200 demonstrantar blei arresterte.


  • 19.-23. mars: Studentar ved Howard-universitetet i Washington, D.C. arrangerte demonstrasjonar, okkuperte administrasjonsbygget og stengde universitetet i fem dagar i protest mot Vietnamkrigen, tvangsrekruttering og mangelen på afrikanskretta pensum.


  • 22. mars: Den første studentaksjonen i Frankrike fann stad då åtte studentar, leia av Daniel Cohn-Bendit, okkuperte administrasjonskontora på Universitetet i Nanterre.


  • 2. april: Bomber plasserte av Andreas Baader og Gudrun Ensslin gjekk av ved midnatt i to stormagasin i Frankfurt am Main.




Øydeleggingar etter opptøy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen.
Foto: Warren K. Leffler





  • 4. april:

    • Borgarrettsaktivisten Martin Luther King jr. blei drepen i Memphis i USA.


    • Apollo-programmet: NASA skaut opp romskipet Apollo 6.




  • 6. april: Valdsame raseopptøy i USAs hovudstad Washington.


  • 11. april:

    • Den tyske studentleiaren Rudi Dutscheke blei skoten ned av ein ny-nazist i Berlin. Han overlevde attentatet, men fekk hjerneskader.


    • USA sin president Lyndon B. Johnson godkjende loven Civil Rights Act of 1968, som gjorde diskriminering i samband med husvære ulovleg.




  • 20. april:


    • Enoch Powell heldt den berømte talen sin «Rivers of Blood» mot innvandrarar og antidiskrimineringslovar.


    • Pierre Elliott Trudeau blei statsminister i Canada.




  • 23.-30. april: Studentar tok over administrasjonsbygget og stengde Columbia-universitetet i New York i protest mot vietnamkrigen.


  • 3. mai: Studentopptøy i Frankrike. Sorbonne-universitetet stengde lesesalane.


  • 6. mai: Franske studentar og lærar gjekk i bresjen for ein generalstreik. Streiken utvikla seg etterkvart til opne gatekampar, mellom anna i Paris


  • 11. mai: Regjeringa i Frankrike gjekk med på fleire av studentkrava.


  • 15. mai: Fleire tornadoar gjorde stor skade i Iowa og Arkansas.


  • 17. mai: Ei gruppe katolikkar tok 378 vernepliktsmapper frå eit kontor i Catonsville i Maryland og sette fyr på dei med napalm i protest mot vietnamkrigen.


  • 26. mai: Island innførte høgrekjøring.


  • 3. juni: Andy Warhol blei skoten og såra av Valerie Solanas.


  • 5. juni: Robert F. Kennedy blei skoten ned i Los Angeles i USA og døydde neste dag.


  • 17. juli: Eit kupp i Irak avsette Abdul Rahman Arif. Ahmad Hassan al-Bakr blei ny president og Saddam Hussein nestkommanderande.




Minnesmerke til slovakarar som blei drepne 21. august 1968.




  • 20. august: Warszawapakta invaderte Tsjekkoslovakia.


  • 22.-30. august: Politi og krigsmotstandarar brakte saman i Chicago medan det demokratiske partiet i USA heldt årsmøte.


  • 24. august: Frankrike sprengde si første hydrogenbombe og blei verdas femte atommakt.


  • 31. august: Jordskjelv i Iran. 12 000 omkom.


  • 6. september: Swaziland fekk sjølvstende.


  • 7. september: 150 kvinner demonstrerte mot Miss America-tevlinga som utnytting av kvinner.


  • 13. september: Albania trekte seg frå Warszawa-pakta.


  • 27. september: Marcelo Caetano blei statsminister i Portugal.


  • 2. oktober: Fleire hundre meksikanske studentar blei drepne i tlatelolcomassakren, berre dagar før Sommar-OL 1968 tok til i Mexico by.


  • 3. oktober: Militærkupp i Peru.


  • 11. oktober:


    • Boris Martinez og Omar Torrijos avsette president Arnulfo Arias av Panama gjennom eit militærkupp.


    • Apollo 7, den første bemanna Apollo-ekspedisjonen, tok av.




  • 12. oktober: Ekvatorial-Guinea fekk sjølvstende.


  • 16. oktober:


    • Sommar-OL: Tommie Smith og John Carlos, afroamerikanske medaljevinnarar i 200-meter, reiste armane i ei black power- helsing medan dei stod på sigerspallen.

    • Folk i Kingston på Jamaica gjorde opprør mot at den guyanske aktivisten Walter Rodney var blitt utestengd frå landet.




  • 5. november: Luis A. Ferre blei vald til guvernør av Puerto Rico.


  • 24. desember: Romskipet Apollo 8 gjekk inn i bane rundt månen, og astronautane om bord blei dei først til å sjå baksida av månen.



Noreg |




  • 19. februar: Snøras i Bondalen drap fire.


  • 18. mars: Postverket innførte postnummer.


  • 28. mars: Vedtak om å oppretta Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø.


  • 23. august: Opninga av Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden ved Oslo.


  • 29. august: Kronprins Harald gifta seg med Sonja Haraldsen i Oslo domkyrkje.


  • 5. september: Flaum i Telemark


  • 13. september: Den norske kvalfangsten på den sørlege halvkula tok slutt då det siste kvalfangstrederiet vedtok å ikkje senda nokon ekspedisjon neste sesong.


  • 9. oktober: Det blei meld om dei første oljefunna på norsk sokkel.


  • 13. desember: Per Lønning blei første biskop i det nyoppretta Borg bispedømme.

  • 13. desember: Trålaren «Skjervøyfisk II» kantra og sokk utanfor Kjøllefjord. To omkom.



Født |


Sjå òg Fødde i 1968.



Frederik, den danske kronprinsen, vart fødd 26. mai





Aili Keskitalo, første kvinnelege sametingspresidenten, vart fødd 29. oktober




Karl Ove Knausgård vart fødd 6. desember




  • 19. januar: Knut Olav Åmås, norsk journalist og forfattar


  • 30. januar: Felipe VI av Spania, konge


  • 2. februar: Espen Bredesen, norsk skihoppar


  • 27. februar: Ståle Solbakken, norsk fotballspelar og trenar


  • 15. mars: Terje Riis-Johansen, norsk politikar og minister


  • 7. april: Stein Torleif Bjella, norsk musikar og låtskrivar


  • 24. april: Jelena Välbe, russisk langrennsløpar

    • Hashim Thaçi, kosovisk statsminister



  • 1. mai: Bjørn Sortland, norsk forfattar


  • 9. mai: Marie-José Pérec, fransk friidrettsutøvar


  • 26. mai: Kronprins Frederik av Danmark


  • 28. mai: Kylie Minogue, australsk songar og skodespelar


  • 26. juni: Paolo Maldini, italiensk fotballspelar


  • 16. juli: Larry Sanger, amerikansk forretningsmann


  • 17. juli: Tor Eystein Øverås, norsk forfattar


  • 31. juli: Knut Holmann, norsk padlar


  • 6. august: Monica Mæland, norsk politikar


  • 15. august: Frode Øverli, norsk teikneserieskapar


  • 7. september: Marcel Desailly, fransk fotballspelar


  • 25. september: Will Smith, amerikansk skodespelar og rapper


  • 26. oktober: Jon Åge Tyldum, norsk skiskyttar


  • 29. oktober: Aili Keskitalo, norsk–samisk politikar

    • Johann Olav Koss, norsk skøyteløpar



  • 6. november: Kjetil Rekdal, norsk fotballspelar og -trenar


  • 6. desember: Karl Ove Knausgård, norsk forfattar



Døde |


Sjå òg Døde i 1968.



Menneskerettsforkjemparen Martin Luther King, Jr. og president Lyndon B. Johnson i 1964. King blei skoten i 1968.




  • 29. februar: Tore Ørjasæter, norsk forfattar


  • 19. mars: Aagot Didriksen, norsk skodespelar


  • 25. mars: Arnulf Øverland, norsk forfattar


  • 27. mars: Jurij Gagarin, sovjetisk kosmonaut


  • 4. april: Martin Luther King Jr., amerikansk prest og borgarrettsaktivist


  • 24. mai: Paal Berg, norsk motstandsleiar og høgsterettsjustitiarius


  • 1. juni: Helen Keller, amerikansk forfattar


  • 6. juni: Robert F. Kennedy, amerikansk politikar


  • 28. juli: Otto Hahn, tysk kjemikar


  • 17. september: Jolly Kramer-Johansen, norsk musikar og toneskapar


  • 9. november: Jan Johansson, svensk musikar


  • 25. november: Upton Sinclair, amerikansk forfattar


  • 20. desember: John Steinbeck, amerikansk forfattar


  • 30. desember: Trygve Lie, norsk politikar



Skildringar av 1968 |


1968 er blitt skildra i ei rekke kulturelle verk, til dømes har forfattaren Milan Kundera og visediktaren Karel Kryl skrive om prahavåren. Skodespelet The Party
av Trevor Griffiths skildrar 1968 i Storbritannia.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «1968» frå Wikipedia på bokmål, og «1968» frå Wikipedia på engelsk den 5. april 2008.



Fotnotar |





  1. John Harris: «I wasn't born in 1968 - but I yearn for its dizzying spirit»


  2. Lexingtion: «The 40-year itch» i The Economist, Jan 3rd 2008


  3. 1968: The Year That Changed Everything i Newsweek, Nov 19, 2007


  4. Supertirsdagens historiske valg i Telemarksavisa




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: 1968




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 1968




  • Mark Kurlansky: 1968: The Year That Rocked the World (Ballantine Books, 2003)


  • The Whole World Was Watching: an oral history of 1968 Munnleg historieprosjekt om 1968 i USA (engelsk)


  • Prague Spring Nettstad om prahavåren (engelsk)

  • Plakatar frå Paris-opprøret

  • Framsidebilete på Life Magazine frå 1968


  • Tariq Ali: «Where has all the rage gone?» i The Guardian, Saturday March 22 2008



Galleri |




<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>









Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029