Elton John




Denne artikkelen handlar om den engelsk songaren og musikaren. For det sjølvtitulerte albumet, sjå Elton John av Elton John.




















































Elton John
Elton John on stage, 2008.jpg
Elton John i juli 2008
Fødd
25. mars 1947 (72 år)
Pinner i Middlesex i England
Fødestad Pinner
Fødenamn Reginald Kenneth Dwight
Opphav Storbritannia
Aktiv 1964–68 (Bluesology)
1969 til i dag (solo)
Sjanger
Pop, softrock, glamrock
Instrument
vokal, piano, keyboard
Stemmetype
baryton, tenor
Plateselskap
DJM Records
Polydor Records
MCA Records
Rocket Records
Island Records
Geffen Records
Uni Records
Mercury Records
Verka som
Musikar, songar, låtskrivar, pianist, produsent
Gift med
David Furnish, Renate Blauel
Prisar
Officier des Arts et des Lettres, kommandør i den britiske imperieorden, Grammy Legend Award, MusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, Silver Clef Award, Kennedy Center Honors, Disney Legends, Den britiske imperieordenen, Knight Bachelor, Johnny Mercer Award

Reginald Kenneth Dwight, CBE (fødd 25. mars 1947), mest kjend som Elton John, er ein engelsk songar, låtskrivar og pianist. Han har arbeidt med låtskrivaren Bernie Taupin sidan 1967, og dei to står bak over 30 album. John har selt over 550 millionar album, noko som gjer han til ein av dei mest suksessrike artistane gjennom tidene. Singelen hans «Candle in the Wind 1997» selte over 33 millionar eksemplar verda over, og er den mest selde singelen på Billboard-lista.[1] Han har vunne fleire prisar, mellom anna seks grammyprisar.


I 2004 plasserte Rolling Stone han som nummer 49 på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene.[2] Elton John vart innlema i Rock and Roll Hall of Fame i 1994. Han har også fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og virke


    • 1.1 Tidleg liv


    • 1.2 Tidleg karriere


    • 1.3 1970–1976


    • 1.4 1979–1989


    • 1.5 Seinare karriere




  • 2 Personleg liv


    • 2.1 Seksualitet og familie




  • 3 Diskografi


    • 3.1 Studioalbum


    • 3.2 Samlealbum




  • 4 Litteratur


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Liv og virke |



Tidleg liv |


Elton John var fødd i Middlesex i England, foreldra hans var Stanley og Sheila Dwight. John vart oppkalla etter onkelen sin og fekk namnet Reginald Kenneth Dwight. Faren var mykje borte, og John budde det meste av oppveksten saman med mora, bestemora og tanta si. Foreldra skilde lag i 1961, og mora gifta seg seinare med Fred Farebrother i 1971. Sheila og Fred Farebrother flytta inn i ei leilegheit i Northwood Hills i utkanten av London. Seinare delte John og Bernie Taupin rom i leilegheita.



Tidleg karriere |


Duoen var inspirert til å lage ein song til Eurovision Song Contest i 1969. Ein av seks songar skulle plukkast ut til å representere England i den internasjonale finalen. Songen «I Can't Go on Living Without You» vart ikkje vald ut som England sitt bidrag. I staden gjekk John i studio og fullførde innspelingane til sitt første album Empty Sky.


Empty Sky kom ut i 1969 hadde John allereie gjeve ut nokre singlar, «Lady Samantha» med «All Across The Havens» som B-side. Akkurat denne singelen var den første som tiltrakk noka nemneverdig merksemd, og han frekventerte radiostasjonane ei tid.



1970–1976 |


Mot slutten av 1970 hadde Elton John berre såvidt byrja å slå igjennom i Storbritannia, sjølv om han allereie hadde gjort stor suksess i USA. Albumet Elton John kom ut våren 1970 på DJM Records og Pye Records i Storbritannia og Uni Records i USA. Den første britiske singlen hans, «Your Song», vart sleppt i byrjinga av 1971. Albumet vart snart hans første hitalbum og nådde nummer fire på albumlistene Billboard 200. Eit anna album, Tumbleweed Connection, vart gjeve ut i USA seinare i 1970.


Albumet Madman Across the Water kom ut i november 1971. Dette er sannsynlegvis Elton John sitt mest undervurderte album.[treng kjelde] Grunnen til dette kan vere tidspunktet det vart utgjeve. Davey Johnstone vart med Elton John Band i 1972 på gitar og bakgrunnsvokal. Honky Château kom ut i mai 1972. Dette albumet var det første som nådde heilt til toppen på albumlista i USA. Det var òg det første albumet som blei verande på Billboard Top 200-lista i over eitt år. I Storbritannia vart det det første albumet til John som nådde topp tre. Både «Rocket Man» og «Honky Cat» vart hitsinglar, og Honky Château vart difor det første albumet med to hitsinglar.


Albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player kom ut i byrjinga av 1973, og inneheldt mellom anna hitane «Crocodile Rock» og «Daniel».


Albumet Goodbye Yellow Brick Road (1973) hadde hittitlar som «Candle in the Wind», «Bennie and the Jets», «Saturday Night's Alright for Fighting» og «Goodbye Yellow Brick Road». Albumet er framleis rekna som den største prestasjonen hans. I løpet av 1970-talet gav Elton John og gruppa hans ut 17 album på 9 år, mellom dei Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy (1975) og Blue Moves (1976), som ofte blir sett saman med Goodbye Yellow Brick Road som dei beste i karrieren hans.


Caribou vart utgjeve i 1974, og sjølv om detnådde første plassen, var det allment rekna som eit dårlegare album. Det inneheldt «The Bitch Is Back» og allsidigheit i orkestrale songar med «Don't Let the Sun Go Down on Me».


På albumet Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy avslørte John sin tidlegare ukjende personlegdom, med tekstar av Taupin som skildrar dei tidlege dagane sine som slit låtskrivarar og musikarar i London. «Someone Saved My Life Tonight» var hitsingelen frå dette albumet, og teke frå eit tidleg vendepunkt i livet til John.



1979–1989 |


John og Taupin vart gjenforeinte seint i 1979. Albumet 21 at 33, utgjeve i 1980, var ein betydeleg karriereløft, hjelpt av hans største hit på fire år «Little Jeannie». I 1982 gav Elton og bandet hans ut albumet Jump Up!, hans andre under ein ny amerikansk platekontrakt med Geffen Records.


John kom tilbake til hitlistene med albumet Too Low for Zero i 1983, som hadde «I'm Still Standing» og «I Guess That's Why They Call It the Blues». Denne hadde Stevie Wonder på munnspel og nådde nummer fire i USA, den største hiten til John der sidan «Little Jeannie».


Elton gav ut mange andre singlar på 1980-talet som nådde Topp 10, mellom anna «Sad Songs (Say So Much)» frå albumet Breaking Hearts (1984), «Nikita» frå albumet Ice on Fire (1985) og «I Don't Wanna Go on with You Like That» frå albumet Reg Strikes Back (1988). I 1989 gav John ut albumet Sleeping with the Past oppnådde i 1990 sin første britiske hit på eiga hand med «Sacrifice».



Seinare karriere |


I 1992 gav John ut albumet The One, hans høgast plasserte utgjeving sidan Blue Moves. Den sjølvtitulerte singelen vart ein global hit og gjev albumet stor suksess. John underteikna med Taupin ein utgjevingsavtale med Warner Music for om lag 39 millionar dollar over 12 år.


Saman med Tim Rice skreiv John songane for Disney-filmen The Lion King (1994). Singelen «Can You Feel the Love Tonight» og «Circle of Life» vart store hittar. Etter utgjevinga av lydsporet blei albumet verande på toppen av Billboard-listene i 9 veker. I 1995 gav John albumet Made in England, som inneheldt hitsinglane «Believe» og «Made in England», og ei samleplate kalla Love Songs utgjeve året etter. I 1997 publiserte Elton albumet The Big Picture med singelen «Something About the Way You Look Tonight». Songen «Candle in the Wind 1997» selde 33 millionar eksemplar etter gravferda til Prinsesse Diana av Wales.



Personleg liv |



Seksualitet og familie |


På slutten av 1960-åra var Elton John forlova med sekretæren Linda Woodrow. I 1984 vart han gift med Renate Blauel, men det vart spekulert i om giftarmålet var eit forsøkt på å skjule hans homofile legning. Allereie i 1976 i eit intervju med magasinet Rolling Stone kom Elton John ut som biseksuell, men etter skilsmissen frå Blauel in 1988 fortalte han same magasin at han var komfortabel med å vere homofil.


I 1993 starta forholdet med David Furnish, som han inngikk partnerskap med 21. desember 2005. 25. desember 2010 vart dei foreldre til sonen Zachary Jackson Levon Furnish-John, som vart fødd ved hjelp av surrogatmor.




Elton John under konsert i Skien i 2009.



Diskografi |



Studioalbum |




  • Empty Sky (1969)


  • Elton John (1970)


  • Tumbleweed Connection (1970)


  • Madman Across the Water (1971)


  • Honky Chateau (1972)


  • Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player (1973)


  • Goodbye Yellow Brick Road (1973)


  • Caribou (1974)


  • Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy (1975)


  • Rock of the Westies (1975)


  • Blue Moves (1976)


  • A Single Man (1978)


  • Victim of Love (1979)


  • 21 at 33 (1980)


  • The Fox (1981)


  • Jump Up! (1982)


  • Too Low for Zero (1983)


  • Breaking Hearts (1984)


  • Ice on Fire (1985)


  • Leather Jackets (1986)


  • Reg Strikes Back (1988)


  • Sleeping with the Past (1989)


  • The One (1992)


  • Duets (1993)


  • Made in England (1995)


  • The Big Picture (1997)


  • Songs from the West Coast (2001)


  • Peachtree Road (2004)


  • The Captain and the Kid (2006)


  • The Union med Leon Russell (2010)


  • The Diving Board (2013)


  • Wonderful Crazy Night (2016)



Samlealbum |




  • Elton John's Greatest Hits (1974)


  • Elton John's Greatest Hits Volume II (1977)


  • Lady Samantha (1980)


  • Elton John's Greatest Hits Vol. 3 (1987)


  • To Be Continued (1990)


  • The Very Best of Elton John (1990)


  • Rare Masters (1992)


  • Greatest Hits 1976-1986 (1992)


  • Love Songs (1996)


  • Greatest Hits 1970-2002 (2002)


  • Rocket Man: The Definitive Hits (2007)



Litteratur |




  • Elton John: A Visual Documentary, Nigel Goodall, Omnibus Press, 1993. ISBN 0-7119-3078-3


  • His Song: The Musical Journey of Elton John, Elizabeth Rosenthal, Billboard Books, 2001. ISBN 0-8230-8892-8



Kjelder |


  • Delar av denne artikkelen bygger på «Elton John» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2010.




  1. «The American Recording Industry Announces its Artists of the Century». RIAA. Henta 2. februar 2010. 


  2. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946. 




Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettside

  • Eltonography - Diskografien til Elton John


  • Elton John på Allmusic


  • IMDb om Elton John





























Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029