Bob Klose














































Bob Klose
Fødd 1944, Cambridge i England.
Fødestad Cambridge
Fødenamn Rado Robert Klose
Alias Bob K(C)lose, Brian K(C)lose
Opphav Storbritannia
Aktiv 1964 til i dag
Sjanger
Rhythm and blues, jazz
Instrument gitar
Tilknytte artistar Pink Floyd
Verka som
Musikar og fotograf

Rado «Bob» Klose (fødd 1944, og vert av og til kalla Bob Close eller Brian Close) er ein britisk musikar og fotograf. Han var ein av dei tidlegaste medlemmane av bandet Pink Floyd, der han spelte gitar. Han forlet derimot bandet før dei gav ut sin første singel «Arnold Layne».


Før Pink Floyd eksisterte bandet The Abdabs (som òg vart kalla The Screaming Abdabs, Sigma 6 og The Meggadeaths) med medlemmane Roger Waters (gitar), Richard Wright (gitar), Nick Mason (trommer), Clive Metcalfe (bassgitar) og Keith Noble og Juliette Gale på vokal. Bandet spelte rhythm and blues-songar, som det ofte var manager Ken Chapman som hadde laga. Metcalfe, Noble og Gale forsvann frå bandet om lag på same tid som då Wright og Gale gifta seg. Syd Barrett (gitar og vokal) og Bob Klose (gitar) vart med i restane av bandet, og Roger Waters skifta til bass og vokal, medan Richard Wright skifta til tangentinstrument og vokal. Dette nye bandet kalla seg først Tea Set, og så The Pink Floyd Sound (kalla opp etter to gamle bluesmusikarar frå Georgia i USA kalla Pink Anderson og Floyd Council). Ordet Sound vart droppa frå bandnamnet, og artikkelen føre namnet forsvann etter fem år.


Klose var derimot meir fokusert på studiane sine enn bandet, og var i tillegg meir interessert i jazz og blues enn Barrett sin psykedelia og pop, så han gjekk frå bandet i 1965, kort tid etter han vart med i bandet. Barrett tok då over rolla som hovudgitarist, vokalist og låtskrivar, medan Klose vart fotograf.


Klose bekrefta i ein TV-dokumentar at ein kan høyre gitaren hans på den tidlege acetatsingelen «Lucy Leave/I’m a King Bee», som aldri vart gjeven ut offisielt.


I 2006 var Klose gjesteartist på David Gilmour sitt album On an Island.



Kjelder |





  • All Music Guide - (Merk: Refererer til Bob Klose som Bob Close)

  • Personar i Pink Floyd-historia: Bob Klose

  • Miles, Andy Mabbett (1995). Pink Floyd: A Visual Documentary. Omnibus Press. ISBN 0-7119-4109-2, (Merk: Refererar berre til Bob Close)

  • Dallas, Karl (1987). Pink Floyd: Bricks In The Wall. Shapolsky Publishers. ISBN 0-933503-88-1, (Merk: Refererar berre til Bob Close)







































































Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum