Nærings- og handelsdepartementet






Inngangen til Olje- og energidepartementet samt Nærings- og handelsdepartementet i Oslo
Foto: Alejandro Decap



Nærings- og handelsdepartementet skulle skape rammevilkår som styrkjer konkurranseevna i næringslivet, legge til rette for lønsam næringsverksemd basert på ny teknologi, kunnskap og menneskelege ressursar, sikre størst mogleg innverknad i og inngrep med EU til beste for norsk verdiskaping samt stimulere til auka utviklingsaktivitet og auka omstillingsevne i bedriftene.


Eigarskapsavdelinga i Nærings- og handelsdepartementet forvaltar statens eigardelar i rundt 80 kommersielle selskap.


Departementet vart lagt ned frå 1. januar 2014 da det vart slått saman med det tidlegare
Fiskeri- og kystdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Politisk leiing


  • 3 Underlagde etatar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Historie |


Nærings- og handelsdepartementet har røter tilbake til 1846 med Departementet for det Indre. Dagens struktur vart til frå 1. januar 1997.


Tidlegare departement med ansvar for næringssaker:




  • Industridepartementet frå 6. desember 1947 til 31. desember 1988


  • Næringsdepartementet frå 1. januar 1989 til 31. desember 1992


  • Nærings- og energidepartementet frå 1. januar 1993 til 31. desember 1996



Politisk leiing |


Trond Giske (Arbeidarpartiet) er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for Nærings- og handelsdepartementet. Han blir støtta av tre Statssekretærar og ein politisk rådgjevar.



Underlagde etatar |




  • Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard - Statens sentrale fagetat for forvalting og utnytting av mineralressursar.


  • Brønnøysundregistra - Ansvarleg for ei rekke nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet.


  • Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) - Det sentrale statlege organet for garanti-stilling og kredittforsikring av eksportkredittar.


  • Justervesenet - Ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur med nasjonal og internasjonal tillit.


  • Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) - Produserer kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmasser og grunnvatn.


  • Norsk Akkreditering - Utfører teknisk akkreditering og inspeksjon i samsvar med OECD sitt regelverk om god laboratoriepraksis.


  • Norsk Romsenter (NRS) - Skal bidra til å skape vekst for norsk høgteknologisk industri knytt til internasjonal romverksemd.


  • Patentstyret - Styret for det industrielle rettsvern. Skal hjelpe norsk næringsliv med å styrke verksemda sin gjennom kunnskap om industrielle rettar.


  • Sjøfartsdirektoratet - Har som overordna mål å oppnå høg sikkerheit for liv, helse, fartøy og miljø.


  • Skipsregistra - Bidrar til offentleg kontroll av registrerte skip og deira eigartilhøve.



Kjelder |


  • Regjeringen.no om Handelsdepartementet og næringsdepartementet, vitja 9. november 2009




  1. Offisielt fra statsråd 13. desember 2013




Bakgrunnsstoff |


  • Nærings- og handelsdepartementet - nhd.no



Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum