Sørsamisk



















































Sørsamisk
(åarjelsaemie)

Klassifisering:

Uralsk
 samisk

Bruk

Tala i:

Noreg, Sverige

Område:

Hedmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Dalarna, Härjedalen, Jämtland, Västerbotten

Sørsamisktalande i alt:
500

Rangering:

Ikkje topp-100

Skriftsystem:

Latinsk
Offisiell status


Offisielt språk i:
Noreg: Snåsa kommune, Røyrvik kommune, Hattfjelldal kommune, Røros kommune

Normert av:

Samisk språkråd

Språkkodar

ISO 639-2:
sma

ISO 639-3:
sma



Sørsamisk er nummer 1 på dette kartet


Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar,[1] i Østerdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nordland i Noreg så vel som i Västerbotten, Jämtland og Dalarna i Sverige. I Noreg har språket òg hatt ei viss utbreiing kring Dovre. Med så få som brukar det, vert det av UNESCO rekna som eit sterkt truga språk.[2]


På grunn av den over hundre år lange perioden med aktiv fornorskingspolitikk (ca. 1850–1960) gjekk sørsamisk ut av bruk som daglegspråk i store delar av den sørsamiske befolkninga. Dei siste tiåra har det ikkje dess mindre vorte arbeidd med å styrkje språket att. I 2008 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, og Røyrvik kommune, i same fylke, fylgde etter i 2013. Frå og med 1. juli 2017 var også Hattfjelldal kommune, og dermed Nordland fylkeskommune, med i det samiske forvaltningsområdet for sørsamisk. Den førebels siste, og sørsamiske, kommunen som kom med i forfaltningsområdet er Røros kommune med verknad frå 1. juli 2018 - ti år etter at Snåsa kom med. Dette medverkar til at sørsamisk i dag står sterkare enn på lenge.


Sørsamisk er ikkje mykje brukt i det offentlege rom, men NRK Sápmi har jamleg sendingar på sørsamisk, både på radio og TV.


Sørsamisk vart skriftfesta i 1974 med Bergsland-Bull-rettskrivinga, laga av Knut Bergsland og Ella Holm Bull, og har sidan da vorte brukt i bøker (skulebøker, barnebøker, Bibelen), aviser (Snåsningen, Daerpies Dierie), i salmar, på Internett[a] og i offentlege dokument i Snåsa kommune. Det er utvikla digitale språklæringsverktøy for sørsamisk, Oahpa!,[3] og sørsamisk retteprogram for bruk i Microsoft Word, Divvun.




Innhaldsliste






  • 1 Alfabet


  • 2 Grammatikk


    • 2.1 Fonologi (lydlære)


    • 2.2 Morfologi (bøyingslære)


    • 2.3 Syntaks (setningslære)




  • 3 Språkhistorie


    • 3.1 Ytre språkhistorie


    • 3.2 Indre språkhistorie




  • 4 Revitalisering


    • 4.1 Viktige personar




  • 5 Merknadar


  • 6 Fotnotar


  • 7 Litteratur


    • 7.1 Bibliografi


    • 7.2 Grammatikkar


    • 7.3 Språkvitskap


    • 7.4 Tekstsamlingar


    • 7.5 Ordbøker


    • 7.6 Lærebøker


    • 7.7 Revitalisering




  • 8 Bakgrunnsstoff





Alfabet |




Sørsamisk og norsk på vindauga til Snåasen gærjagåetie (Snåsa bibliotek).
Foto: Olve Utne




For meir om dette emnet, sjå Uttale av sørsamisk skriftspråk.


Sørsamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukar ein ï, ein lågare, meir bakre i i tillegg til i, men i skrive sørsamisk er det ein tendens til å skrive i for ï. Grovt sett kan ein seie at dei sørsamiske uttalereglane byggjer på uttalereglane til norsk og svensk.



Grammatikk |



Fonologi (lydlære) |



For meir om dette emnet, sjå Sørsamisk fonologi.


Sørsamisk har eit rikt vokalsystem med 8 korte vokalar (i, e, æ, a, y, u, o, å) og 13 lange vokalar eller diftongar (ie, ee, ae, ea, aa, ue, øø, åe, yø, oe, åå, ua, åa). Det korte vokalsystemet har dei same vokalane som norsk, bortsett frå at kort /ø/ manglar. Systemet av lange vokalar skil seg frå norsk, framforalt ved at det har fallande diftongar (ie, ea, yø, ua, åa), diftongar der den første delen blir uttalt høgare (med munnen meir lukka) enn andre delen.


Sørsamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved at dei ikkje har stadieveksling. Derimot har sørsamisk omlyd, dvs. rotvokalen varierer etter vokalen i bøyingssuffikset. T.d. er det omlyd føre komitativendinga -ine, slik at gåetie «hus» heiter gøøtine i komitativ. Sørsamisk har 7 ulike omlydsrekkjer med 6 ulike kontekstar.



Morfologi (bøyingslære) |



For meir om dette emnet, sjå Sørsamisk morfologi.


Sørsamiske substantiv har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, ein skilnad som er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i marisk, og akkusativ -m og genitiv i nenetsisk.


I verbbøyinga finn vi 3 personar, 3 tal (singularis, dualis, pluralis). Negasjonen er eit verb, til skilnad frå nordsamisk blir negasjonen bøygd ikkje berre i person men også i tid.



Syntaks (setningslære) |



For meir om dette emnet, sjå Sørsamisk syntaks.


Sørsamisk er, til skilnad frå dei andre samiske språka, eit SOV-språk. Hjelpeverb står framfor objektet, så ordstillinga er snarare SHOV (med H for hjelpeverb). Som dei andre samiske språka har sørsamisk postposisjonar heller enn preposisjonar, og adjektiv står framfor substantiva dei modifiserer. Med unntak av hjelpeverb, subjunksjonar og preposisjonar er sørsamisk eit språk der kjernen i dei syntaktiske frasene (den delen som avgjer kva slags frase det er) kjem til slutt i frasa.


Sørsamisk kan utelate subjektet frå finitte setningar, det er eit såkalla pro-drop-språk.


Eit drag som skil sørsamisk frå dei andre samiske språka er at det i presens er mogleg å sløyfe hjelpeverbet «er» i setningar med subjektspredikativ (setningar av typen Per er lærar).



Språkhistorie |



Ytre språkhistorie |


Dei eldste tekstane på samisk, frå svensk side, er frå sørsamisk, eller snarare på umesamisk, frå 1660-åra. Sørsamane var også tidleg ute med organisatorisk arbeid, allereie i 1906. Sørsamisk språkforsking tok til i 1880-åra med ungararen Ignác Halász, som publiserte tekstar og ein grammatikk. Særleg viktig har Knut Bergsland sitt arbeid med sørsamisk vore, hans Røroslappisk grammatikk frå 1946, Sydsamisk grammatikk (1981) og ordboka Åarjelsaemien-daaroen baakoegaerja (1993, saman med Lajla Mattson Magga er dei sentrale verka for sørsamisk, i lag med Hasselbrinks Südsamisches Wörterbuch I–III. Det sørsamiske skriftspråket er frå 1974, i den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga, etter Bergsland og Ella Holm Bull.



Indre språkhistorie |



For meir om dette emnet, sjå Samisk språkhistorie.




Den sørsamiske slektskoppen, laga av Inger Marie Oskal, med slektskapstermar på sørsamisk


Som så ofte er med språk i utkanten av ei nærskyld språkgruppe, er sørsamisk meir konservative enn dei andre samiske språka. Stadieveksling, ein samisk innovasjon, har ikkje strekt seg heilt til sørsamisk, derimot er omlyd ein levande prosess.


Om sørsamisk har vore i utkanten av den samiske og uralske språkutviklinga, har språket gjennom hundreåra hatt meir kontakt med germanske språk enn dei andre samiske språka. Det er såleis svært mange skandinaviske lånord i sørsamisk.



Revitalisering |


På grunn av fornorskingspolitikken er det i dag mange sørsamar som ikkje har sørsamisk som morsmål. Dei siste tiåra er det lagt ned mykje arbeid for å revitalisere sørsamisk på ulike arenaer.
For dei yngste vart det hausten 2003 oppretta ein sørsamisk heiltidsbarnehage på Snåsa, Åarjel-saemiej maanagierte[4].


Det har sidan hausten 1968 vore tilbod om sørsamisk opplæring i grunnskulen, først og fremst ved Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen i Snåsa[5] og Gaske-Nøørjen Saemienskovle/Sameskolen for Midt-Norge[6] i Hattfjelldal, men seinare òg ved mange kommunale grunnskular i det sørsamiske busettingsområdet. Talet på elevar som har fått opplæring i sørsamisk, har auka jamt og trutt, og særskilt har talet på elevar med sørsamisk som førstespråk auka.[7][8]


For vaksne blir det undervist i sørsamisk på fleire språksenter (t.d. Aajege på Røros[9] og Gielem Nastedh på Snåsa), i tillegg til på Høgskolen i Nord-Trøndelag og ved universiteta i Tromsø, Umeå og Uppsala.


1. januar 2008 vart Snåsa kommune, som første sørsamiske kommune, innlemma i samisk språkforvaltingsområde, og vart dermed tospråkleg. 1. januar 2013 vart Røyrvik kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, som den andre kommunen i sørsamisk område. I 2012 vedtok Hattfjelldal kommune i Nordland at det skulle setjast i gang eit forprosjekt med tanke på å få kommunen med i det samiske språkforvaltingsområdet.[10]


Mange som sjølve ikkje har fått morsmålskompetanse i sørsamisk gjennom oppveksten, men som har hatt opplæring i skulen, prøver i vaksen alder å ta språket tilbake ved å lære seg å snakke det flytande, og ved å innføre det som heimespråk og å snakke det med ungane sine.[11]


Rapporten ”Samisk språkundersøkelse 2012”[12], utført av Nordlandsforskning/Norut Alta på oppdrag frå Sametinget stadfestar at bruken av sørsamisk språk har fått ein liten oppsving dei siste tiåra – det munnlege språket er meir prega av skriftspråket no, men det er fleire unge som brukar språket enn for 20–30 år sidan.[13]


Sørsamisk skriftspråk blir òg brukt i fleire samanhengar. Etter at Snåsa kommune kom med i samisk språkforvaltingsområde, har avisa Snåsningen med jamne mellomrom hatt ei side på sørsamisk. I desember 2010 lanserte Divvun eit ordretteprogram for sørsamisk.[14]Det Norske Bibelselskap har publisert utdrag på sørsamisk frå dei fleste bøkene i både det gamle og det nye testamentet på sidene sine.



Viktige personar |




Sørsamen Jarle Jonassen har i mange år vore vald inn i Sametinget og har arbeidd der for å styrke språket.[15][16]


Mellom dei som har markert seg i arbeidet med å styrke sørsamisk, kan ein nemne:




  • Ella Holm Bull - Forfattar, ordbokskrivar og mangeårig rektor ved Åarjel-saemien skuvle.


  • Knut Bergsland - språkvitskapsmann


  • Anna Jacobsen - Lærar ved Gaske-Nøørjen Saemienskovle, Hattfjelldal


  • Anna Jåma Granefjell - laga dei første sørsamiske radiosendingane 1973-1980


  • Sigbritt "Pia" Persson - laga sørsamiske sendingar i NRK radio 1993-2002


  • Lajla Mattson Magga - ordbokskrivar og barnebokforfattar


  • Ellinor Marita Jåma - sørsamisk politikar


  • Ida Marie Bransfjell - sørsamisk politikar


  • Jarle Jonassen - Sørsamisk politikar


  • Frode Fjellheim - sørsamisk musikar


  • Bierna Bientie - prest for sørsamane


  • Erik Nilsson Mankok — forfattar og samfunnsdebattant



Merknadar |





  1. Til dømes infonuorra.no, snasa.kommune.no




Fotnotar |




  1. «Saami, South». Ethnologue (på engelsk). 


  2. «UNESCO Atlas of the World's Languages in danger», www.unesco.org (på engelsk), henta 2018-11-06 


  3. oahpa.no


  4. Snåsa kommune: Åarjel-saemiej maanagierte


  5. Snåsa kommune: Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen


  6. Gaske-Nøørjen Saemienskovle/Sameskolen for Midt-Norge


  7. Grunnskulens informasjonssystem: https://gsi.udir.no/34404/2075/34382-37381.html


  8. Todal, Jon (2007) Samisk språk i Svahken Sijte – Sørsamisk vitalisering gjennom barnehage og skule, Kautokeino: Sámi Instituhtta


  9. Aajege


  10. sametinget.no


  11. Johansen, Inger (2006) «Det er ikkje eit museumsspråk - det har noko med framtida å gjera». Ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisk. Mastergradsavhandling i nordisk språkvitskap, Institutt for nordistikk og språkvitskap, NTNU


  12. ”Samisk språkundersøkelse 2012”


  13. Samisk språkundersøkelse 2012, NF-rapport nr. 7/2012


  14. Sørsamisk retteprogram lansert


  15. http://www.ranablad.no/nyheter/article2078678.ece Rana blad om ein ny bokbuss for sørsamisk litteratur


  16. http://www.nsr.no/website.aspx?displayid=9427 Norske samers riksforbund - Jarle Jonassen: - Språket kan reddes.



Litteratur |



Bibliografi |


  • Glottolog: Bibilografi over sørsamisk språkforsking


Grammatikkar |




  • Bergsland, Knut (1946). Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. Oslo : Aschehoug: Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43. 


  • Bergsland, Knut (1982). Sydsamisk grammatikk. Tromsø: Universitetsforlaget. 

  • Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Südlappischen nach der Mundart von Wefsen. Kristiania : Kristiania Etnografiske Museum, 1923

  • Magga, Ole Henrik og Lajla Mattsson Magga 2012: Sørsamisk grammatikk. Davvi Girji 2012.



Språkvitskap |



  • Bergsland, Knut 1960: Lapin kieltoverbin taivutuksesta Virittäjä 4.327-330

  • Bergsland, Knut 1942: Det samiske slektskaps- og svogerskapsordsystem. Norsk tidsskrift for sprogvidenskap. 13:148-198

  • Bergsland, Knut 1945: L'alternance consonantique date-t-elle du lapon commun? Studia septentrionalia, 1945:2

  • Bergsland, Knut 1945: Om språket i den svensk-samiske ABC fra 1726. Studia septentrionalia. 3:[40]-44. Oslo: Aschehoug.

  • Hasselbrink, Gustav 1944: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944.

  • Larsson, Lars-Gunnar (red.) 1996: Lapponica et Uralica : 100 Jahre finnisch-ugrischer Unterricht an der Universität Uppsala : Vorträge am Jubiläumssymposium 20.-23. April 1994. Studia Uralica Upsaliensia ; 26. Uppsala : Acta Universitatis Upsalienia : Distributor: Almqvist & Wiksell, 1996.



Tekstsamlingar |



  • Bull, Ella Holm & Bergsland, Knut 1993: Lohkede saemien = Sørsamisk lesebok : Grunnskolerådet, Kirke- og undervisningsdepartementet; Kárásjohka : Davvi girji, 1993. 1. utg. Oslo : Universitetsforl., 1974.

  • Collinder, Björn 1942: Lappische Sprachproben aus Härjedalen : nach Nils Axman, Torkel Larsson, Lars Renfelt, Elisabeth Rensberg und Nils Rutfjäll : mit einem Abriss der Nominal- und Verbalbeugung. Arbeten utgivna med understöd av Vilhelm Ekmans universitetsfond ; 50. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1942.



Ordbøker |



  • Halász, Ignácz 1891: Svéd-lapp nyelv. 4, Déli-lapp szótár / irta Halász Ignácz. Ugor füzetek ; 10. Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1891.

  • Hasselbrink, Gustav 1981-1985: Südlappisches Wörterbuch = Oårj'elsaamien baaguog'ärjaa. Skrifter / utgivna genom Dialekt- och folkminnesarkivet i Uppsala Ser. C, Lapskt språk och lapsk kultur ; 4. Uppsala : Lundequistska bokhandeln, 1981-1985. 3 bind.

  • Lagercrantz, Eliel 1923: Wörterbuch des südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Skrifter ; 4. Oslo : Aschehoug, 1923.

  • Magga, Lajla Mattsson 2009: Norsk-sydsamisk ordbok — Daaroen-åarjelsaemien baakoegærja. Iđut 2009.



Lærebøker |



  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2003: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 1 = voestes gærja 1 : åarjelsaemien gielekuvsje / Åsta Vangberg og Helen Blind Brandsfjell ; illustrasjoner: Lena Kappfjell. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2003.

  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2004: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 2 = mubpie gærja 2 : åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2004.

  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2005: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 3 = gåalmede gærja 3 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2005.

  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2006: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 4 = njieljede gærja 4 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2006.

  • Wiklund, K.B. 1915: Lärobok i lapska språket. Uppsala : Akademiska bokhandeln.



Revitalisering |




  • Johansen, Inger (2006). «Det er ikkje eit museumsspråk - det har noko med framtida å gjera». Ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisk. (PDF). Trondheim: Mastergradsavhandling i nordisk språkvitskap, Institutt for nordistikk og språkvitskap, NTNU. 

  • Todal, Jon (2007) Samisk språk i Svahken Sijte – Sørsamisk vitalisering gjennom barnehage og skule, Kautokeino: Sámi Instituhtta



Bakgrunnsstoff |


Incubator-logo.svg Wikimedia Incubator - Wikipedia på sørsamisk



  • Nedtedigibaakoeh - interaktiv sørsamisk nettordbok

  • Sørsamisk pedagogisk grammatikk

  • OAHPA-åarjel, eit interaktivt pedagogisk program for å lære sørsamisk

  • Kuvsje, ein interaktiv e-læringssti for sørsamisk

  • Sørsamisk grammatisk analysator online

  • Sørsamisk grammatikkskisse










Samiske språk

akkalasamisk | enaresamisk | kemisamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk
































Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029