Asia
Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet. Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Kaspihavet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grenser Asia til Afrika.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Religion
3 Sjølvstendige land
3.1 Sentralasia
3.2 Aust-Asia
3.3 Øystatar
3.4 Søraust-Asia
3.5 Sør-Asia
3.6 Vest-Asia
3.7 Uavhengige territorium
4 Bakgrunnsstoff
Historie |
Asia har ein svært lang kulturhistorie. Ein finn mange av verdas eldste sivilisasjonar her, som langs elvene Indus i India, Yangtze i Kina, og Eufrat og Tigris i Mesopotamia. Fleire av desse utvikla tidleg skriftsystem, og difor har fleire land ein mykje lengre nedskriven historie enn land andre stader i verda, til dømes Noreg.
Religion |
Alle dei store verdsreligionane kjem faktisk frå Asia. Hinduismen og buddhismen utvikla seg i India, medan jødedommen, kristendommen og islam blei til i Midtausten. Religionsmangfaldet i verdsdelen er likevel (eller på grunn av dette) stort. Her finst mange sjamanistiske tradisjonar og mindre religionar, som sikhisme og djainisme.
Sjølvstendige land |
|
|
Uavhengige territorium |
Det britiske territoriet i Indiahavet (Storbritannia)
Akrotiri og Dhekelia på Kypros (Storbritannia)
Hong Kong (Folkerepublikken Kina)
Macao (Folkerepublikken Kina)
Tibet - okkupert av Folkerepublikken Kina
Bakgrunnsstoff |
|