Balsfjord kommune




«Balsfjord» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Balsfjorden.

Koordinatar: 69°14′25″N 19°13′35″E
































































Balsfjord kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Troms


Adm.senter

Storsteinnes

Areal
1 496 km²
 - land
1 443 km²
 - vatn
53 km²

Folketal
5 653 (1. januar 2018)
Folketettleik

4 / km²



Målform
bokmål

Ordførar
Gunda Johansen (Ap)


Kommunenr.
1933




NO 1933 Balsfjord.svg




Wikimedia Commons: Balsfjord

Nettstad: www.balsfjord.kommune.no


Balsfjord kommune (nordsamisk: Báhccavuona suohkan, kvensk og finsk: Paatsivuonon komuuni) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms fylke. Han grensar i nord til Tromsø kommune, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Lenvik.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Tettstader og grender


  • 3 Næringsliv


  • 4 Historie


    • 4.1 Folketalsutvikling




  • 5 Politikk


  • 6 Fotnotar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Frå Balsfjorden.




Helleristingar på Kirkelyfeltet på Tennes i Balsfjord.


Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gjev gode tilhøve for jordbruk. Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatn, Josefvatn, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatn og Fjellfrøsvatnet. Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nordom dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan der den 1505 meter høge Piggtind står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen, omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms.


Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.



Tettstader og grender |


Kommunen har to tettstader: Nordkjosbotn (464 innbyggjarar per 1. januar 2017), som er eit viktig trafikknutepunkt med vidaregåande skule, og kommunesenteret Storsteinnes (1 076 innbyggjarar per 1. januar 2017) med barne- og ungdomsskule.


Fjordmuseet på Storsteinnes, som er ein del av Midt-Troms Museum, viser naturhistorie.



Næringsliv |


Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.



Historie |


Balsfjord kommune vart oppretta i 1860, då han vart skild ut frå Tromsøysund kommune. Kommunen hadde då 3610 innbyggjarar. I 1871 vart Malangen skilt ut som eigen kommune. I 1875 vart eit område med 7 innbyggjarar overført til Balsfjord frå Lyngen kommune. I 1904 vart eit område med 5 innbyggjarar overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 1. januar 1964 vart Malangen slått saman med Balsfjord att, men ein del av gamle Malangen kommune, med 118 innbyggjarar, og ein del av gamle Balsfjord kommune, med 2 innbyggjarar, vart samstundes overført til Målselv kommune. Eit ubebygd område vart òg overført til Storfjord kommune. 1. januar 1966 vart også Sørelvmo krins overført frå Balsfjord til Målselv kommune.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for noverande Balsfjord kommune frå 1910:





























1910[1]
1.12.1920[2]
1.12.1930[3]
3.12.1946[3]
1.1.1951[4][5]
1.1.1961[4][5]
1.1.1971[4]
1.1.1981[4]
1.1.1991[4]
1.1.2001[4]
1.1.2010[4]
5106a
5430a
6105a
7419a
7485a
7275a
6734
6973
6319
5742
5515

aDette talet omfattar Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då dei vart overførte til Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggjarar. Det omfattar òg garden Skogli ved Heia, som var del av gamle Balsfjord kommune fram til 1964, då det vart overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggjarar. Det omfattar òg Sørelvmo krins, som vart overført til Målselv kommune i 1966. Dette området hadde då 131 innbyggjarar.



Politikk |













































































































Parti
Prosent
Stemmer
Plassar i by-/kommunestyret
Medlemmer i
formannskapet

%

±
totalt

±
totalt

±

Arbeidarpartiet
30,9
2
692
-59
9
1

3

Fremskrittspartiet
14,5
4,2
324
57
4
1

1

Høgre
8,8
-5,1
196
-166
2
-2



Kristeleg Folkeparti
8
-4,7
178
-152
2
-1



Senterpartiet
18,2
-2,5
408
-131
5
-1

2

Sosialistisk Venstreparti
8,8
3,8
197
68
2
1

1

Venstre
0
-8,5
0
-221
0
-2


Andre
10,8
10,8
241
241
3
0

1

Valdeltaking/Total
51,8%
2236
27
8

Ordførar: Gunda Johansen (Arbeidarpartiet)

Varaordførar: ()

Sidan hausten 2003 har Gunda Johansen frå Arbeidarpartiet vore ordførar i kommunen. Ho kom til ordførarstillinga frå omsorgsavdelinga i kommunen der ho arbeidde som sjukepleiar.



Fotnotar |





  1. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010


  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  3. 3,03,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  4. 4,04,14,24,34,44,54,6 Folkemengd i Balsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  5. 5,05,1 Folkemengd i Astafjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




  • Denne artikkelen bygger på «Balsfjord» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.



Bakgrunnsstoff |


  • Balsfjord kommune sine heimesider









Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum