Tonelag
Tonelag er ein skilnad i tone som er avhengig av trykk. Tonelag finst i i norsk (jf. artikkelen norsk fonologi), og i svensk, limburgsk, litauisk og serbo-kroatiske språk. Det finst eit tilsvarande fenomen i japansk, der realisering av fallande tone er avhengig av trykk.
I norsk og svensk er det to tonelag, tonelag 1 og 2. Norsk har mange av minimale par, ordpar som skil seg frå kvarandre berre med tone. Dei dialektane som har e-infinitiv har tusenvis av slike minimale par:
- bestemt form eintal av avleidd substantiv vs. infinitiv: kastet / kaste
- verb + preposisjonsfrase vs. verb + partikkel: slå på radioen / slå-på radioen («øydeleggje radioen» / «trykke på på-knappen»)
Tonelag 1 vert i oppslagsverk o.l. ofte markert med ein akutt aksent etter vokalen: ka´stet. Tonelag 2 vert ofte markert med ein grav aksent etter vokalen: ka`ste.
Det er ikkje berre i desse minimale para vi finn tonelag, trykk blir alltid realisert i norsk på ein av to måtar, som tonelag 1 eller tonelag 2, så alle norske ytringar inneheld tonelag (for dei dialektane som har det).
Historisk går tonelag 2 attende til ord som hadde to stavingar i gammalnorsk.
Termane tonelag og tonem er synonyme, det første er tradisjonelt brukt innanfor norsk dialektologi, det siste innanfor strukturalistisk fonologi. I og med at strukturalismen har gått av moten, er termen tonelag vanlegare i bruk i dag. I Sverige brukar dei termane akut accent og grav accent om tonelag 1 og 2. Den engelske termen er pitch accent.
Tonelag skill seg frå tone ved at det berre blir realisert der ordet har hovudtrykk. Ved bitrykk eller trykkløyse blir skilnaden nøytralisert. F.eks. blir orda potetlandet og (å) potetlande (dvs. «å lande som ein potet») uttalt på same måte, trass i at orda landet og lande i seg sjølv har ulike tonelag (1 og 2).
Tonespråk finst det langt fleire av, særleg i Søraust-Asia og Afrika.
Litteratur |
- Kristoffersen, Gjert (1992) "Cirkumflekstonelaget i norske dialekter, med særlig vekt på nordnorsk" Maal og Minne 1992: 37-61.
- Kristoffersen, Gjert (1992): Tonelag i sammensatte ord i østnorsk. Norsk Lingvistisk Tidsskrift 10, 39-65.
- Kristoffersen, Gjert (1998) "Fonologi" Torbjørn Nordgård (red.): Innføring i språkvitenskap 1998: 104-110.
- Fintoft, K. og Mjaavatn, P.E. (1980) "Tonelagskurver som målmerker." Maal og Minne 1980: 66-87.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.