Sykkylven kommune


































































Sykkylven kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal


Adm.senter

Sykkylven

Areal
338 km²
 - land
329 km²
 - vatn
9 km²

Folketal
7 695 (1. januar 2018)
Folketettleik

23 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Odd J. Drotninghaug (Sp)


Kommunenr.
1528




NO 1528 Sykkylven.svg




Wikimedia Commons: Sykkylven

Nettstad: www.sykkylven.kommune.no


Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommunen grensar til Stordal og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund, Skodje og Ørskog på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Kommunikasjonen på tvers av fjorden vart monaleg betre då Sykkylvsbrua vart opna i 2000 mellom krinsane Vik og Ikornnes.


Namnet Sykkylven er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, eventuelt ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir).


Sykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, til dømes på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, som Råna (1586 moh.), eignar seg for fjellklatring.


I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv med sju korps, ti kor, storband og fleire band.


Det kjem ut ei lokalavis for kommunen, Sykkylvsbladet, med redaksjonslokale på kommunesenteret Aure.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Folketalsutvikling




  • 2 Næringsgrunnlag


  • 3 Tettstader og bygder


  • 4 Offentlege institusjonar


  • 5 Kjende folk frå Sykkylven kommune


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |


Sykkylven var del av Ørskoug prestegjeld og tinglag, og Ørskoug kommune frå 1837. Sykkylven vart skild ut frå Ørskog som eigen kommune i 1883. Bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen på sørsida av [8Storfjorden]] vart tilførte frå Ørskog i 1955.[1]


Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan 800 år f. Kr.


Norsk møbelfaglig senter er lokalisert i Sykkylven, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelindustrien.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Sykkylven kommune frå 1883:































1.8.1883[2]
1900[3]
1.12.1920[4]
1.12.1930[5]
3.12.1946[5]
1.1.1951[6]
1.1.1961[6]
1.1.1971[6]
1.1.1981[6]
1.1.1991[6]
1.1.2001[6]
1.1.2010[6]
2029a
2420a
2424a
2426a
3261a
3816a
4815
5643
6559
6887
7383
7589

aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Ørskog kommune fram til 1955, då det vart overført til Sykkylven kommune. Dette området hadde då 348 innbyggjarar.



Næringsgrunnlag |


Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende møbelfabrikkane er Ekornes, Scandinor ANS, Hjellegjerde, Brunstad og Formfin. I tillegg er der industrigreiner som produserer transformatorar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, baderomsinnreiing, bygningsprofilar og utstyr til skip og oljeinstallasjonar. Der er òg fleire underleverandørar, sørvisbedrifter og design- og arkitektkontor.



Tettstader og bygder |


Sykkylven har tre tettstader:



  • Sykkylven sentrum er sett saman av bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grebstad og Vik og er med vel 4000 innbyggjarar den 8. største tettstaden i Møre og Romsdal


  • Ikornnes med 825 innbyggjarar


  • Straumgjerdet (stundom skrive Straumgjerde med 482 innbyggjarar


Av bygder og bygdelag kan desse nemnast:



  • Velledalen

  • Ramstaddalen

  • Hundeidvika



Offentlege institusjonar |


I Sykkylven prestegjeld har ein to sokn: Sykkylven og Ikornnes. Prestegjeldet høyrer til Austre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Sykkylven kyrkje vart vigsla i 1990, etter at gamlekyrkja brann ned i 1983. Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978.


Sykkylven lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt høyrer til Sunnmøre tingrett.


Sykkylven har ein vidaregåande skule, Sykkylven vidaregåande skule, med yrkesfaglege og studieførebuande studieprogram.



Kjende folk frå Sykkylven kommune |




  • Elisabeth Andreassen (1958–),


  • Edvard Drabløs (1883–1976), skodespelar.


  • Karl Arne Utgård (1951–), høgsterettsdomar.


  • Jens Petter Ekornes, tidl. konsernsjef.


  • Jens E. Ekornes (1908–1976), møbelprodusent.


  • Ingmar Relling (1920–2002), møbeldesignar.


  • Otto Hjellegjerde,(1917–1997), møbelprodusent.


  • Henrik Straumsheim,(1893–1975), diktar.


  • Rolf Sagen, forfattar.


  • Jostein Fet, litteraturforskar og fagbokforfattar.


  • Martin Ystenes, professor.


  • Arnold Weiberg-Aurdal, fødd 1925, tidl. stortingsrepresentant, ordførar og forfattar.


  • Nicolay Grevstad (1851–1940), norsk-amerikansk jurist, pressemann, politikar og diplomat.


  • Øystein Eliassen (1922-1997) ordførar (1970-75), fylkespolitikar og likningssjef(1951-1990).

  • Karstein Oddmund Vik, (1919 -2003), arkitekt og fiskeoppdretter.


  • Hilde Louise Asbjørnsen, (1976– ) kabaretartist og musikar


  • Rune Bergmann, (1976- ) dirigent


  • Kenneth Ekornes (1974- ) musikar


  • Bernt Fauske, skipseigar,



Kjelder |





  1. Om samferdsel i Møre og Romsdal: Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1995. [Molde]: Møre og Romsdal fylkesbåtar. 2000. ISBN 8279550208. 


  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)


  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data


  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  5. 5,05,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  6. 6,06,16,26,36,46,56,6 Folkemengd i Sykkylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |



  • Sykkylven kommune

  • Sykkylven sogenemnd (med tilvisingar til lokalhistorisk litteratur)

  • Ringstad, Bjørn. 2001. Aura-Pål sitt rike. Sykkylven: Sykkylven sogenemnd.

  • Odd Karstein Fløtre. 2009. Jomsvikingslaget i oppklarende lys. Vikingtid i Sykkylven.

  • Gjævenes, Martin. 1957. Utvandrarane frå Sykkylven. Sykkylven: Sykkylven sogenemnd. [1]

  • Sykkylven: gardssoga. 1972–1983. 4 band. Sykkylven: Sykkylven sogenemnd.

  • Høidal, Eldar. 1990. Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven: Sykkylven industrilag.

  • Sykkylven kommune

  • Sykkylven Reiselivsforum

  • Sykkylven kommune, sentrumsområdet - vevkamera



















Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum