VM i fotball 1990






Kart over deltakarlanda i VM 1990




VM-ballen 1990


Verdsmeisterskapen i fotball i 1990 vart arrangert i Italia i tida 8. juni - 8. juli 1990. Dei 52 kampane vart spelt på tolv arenaer i tolv ulike byar. Vest-Tyskland vart verdsmeister for tredje gong, etter å ha sigra 1–0 over Argentina i finalen. Andreas Brehme sette inn målet på straffespark. Det var den 14. verdsmeisterskapen sidan byrjinga i 1930.


Turneringsformatet for dei 24 landa som deltok i verdsmeisterskapen var det same ved forrige meisterskapen. Deltakarlanda vart delt inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe, samt dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Italia, Jugoslavia, Argentina, Vest-Tyskland, Tsjekkoslovakia, England, Kamerun og Irland gjekk vidare frå åttedelsfinalane, sistnemnde etter straffesparktevling mot Romania.


Både Italia og Vest-Tyskland vann sine respektive kvarfinalar 1-0. England trengde ekstraomgangar for å slå Kamerun 3-2, medan Argentina slo ut Jugoslavia på straffespark etter 120 mållause minuttar. Begge semifinalane enda 1-1 og finalistane Argentina og Vest-Tyskland kvalfiserte seg ved betre straffeskyting enn Italia og England.


Vertslandet Italia kapra bronsemedaljen med siger 2-1 over England i Bari. Italias eigen Salvatore Schillaci vart toppskårar med seks mål.




Innhaldsliste






  • 1 Gruppespelet


    • 1.1 Gruppe A


    • 1.2 Gruppe B


    • 1.3 Gruppe C


    • 1.4 Gruppe D


    • 1.5 Gruppe E


    • 1.6 Gruppe F




  • 2 Finalen


  • 3 Kjelder





Gruppespelet |



Gruppe A |


























































# Lag K S U T Mål ± P
1
Flagget til Italia Italia
3 3 0 0 4–0 4
6
2
Flagget til Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia
3 2 0 1 6–3 3
4
3
Flagget til Austerrike Austerrike
3 1 0 2 2–3 −1
2
4
Det amerikanske flagget USA
3 0 0 3 2–8 −6
0


Gruppe B |


























































# Lag K S U T Mål ± P
1
Flagget til Kamerun Kamerun
3 2 0 1 6–3 3
4
2
Flagget til Romania Romania
3 1 1 1 5–4 1
3
3
Flagget til Argentina Argentina
3 1 1 1 5–5 0
3
4
Det sovjetiske flagget Sovjetunionen
3 1 0 2 2–6 −4
2


Gruppe C |


























































# Lag K S U T Mål ± P
1
Flagget til Brasil Brasil
3 3 0 0 4–1 3
6
2
Flagget til Costa Rica Costa Rica
3 2 0 1 3–2 1
4
3
Flagget til Skottland Skottland
3 1 0 2 2–3 −1
2
4
Flagget til Sverige Sverige
3 0 0 3 3–6 −3
0


Gruppe D |


























































# Lag K S U T Mål ± P
1
Flagget til Vest-Tyskland Vest-Tyskland
3 2 1 0 10–3 7
5
2
Flagget til Jugoslavia Jugoslavia
3 2 0 1 6–5 1
4
3
Flagget til Colombia Colombia
3 1 1 1 3–2 1
3
4
Flagget til Dei sameinte arabiske emirata Dei sameinte arabiske emirata
3 0 0 3 2–11 −9
0


Gruppe E |


























































# Lag K S U T Mål ± P
1
Flagget til Spania Spania
3 2 1 0 5–2 3
5
2
Flagget til Belgia Belgia
3 2 0 1 6–3 3
4
3
Flagget til Uruguay Uruguay
3 1 1 1 2–3 −1
3
4
Flagget til Sør-Korea Sør-Korea
3 0 0 3 1–6 −5
0


Gruppe F |


























































# Lag K S U T Mål ± P
1
Flagget til England England
3 1 2 0 2–1 1
4
2
Det irske flagget Irland
3 0 3 0 2–2 0
3
3
Det nederlandske flagget Nederland
3 0 3 0 2–2 0
3
4
Flagget til Egypt Egypt
3 0 2 1 1–2 −1
2


Finalen |


VM-finalen 1990 fann stad på Stadio Olimpico i Roma om kvelden 8. juli, framfor 73 603 tilskodarar. Ein svært sjansefattig finale vart avgjort då venstrebacken Andreas Brehme skåra på straffespark i det 85. minutt. Argentinaren Pedro Monzón vart utvist i det 65. minutt og landsmannen Gustavo Dezotti for same vegen få minuttar før kampen var over. Det var fyrste gongen ein VM-finale vart avgjort på straffespark.


Det vesttyske vinnarlaget bestod av Bodo Illgner, Klaus Augenthaler, Thomas Berthold, Guido Buchwald, Jürgen Kohler, Andreas Brehme, Thomas Häßler, Lothar Matthäus, Pierre Littbarski, Jürgen Klinsmann og Rudi Völler. Stefan Reuter kom inn for Berthold i det 73. minutt.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Fußball-Weltmeisterschaft 1990» frå Wikipedia på tysk, den 23. juli 2015.
















Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum