Republikken Irland
Éire Ireland (norsk: Irland, irsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Amhrán na bhFiann» | ||||||
Motto | Éire go deo (Irland for alltid) | ||||||
Offisielle språk | Irsk og engelsk | ||||||
Hovudstad | Dublin | ||||||
Styresett President Statsminister | Republikk Michael D. Higgins Enda Kenny | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 70 273 km² (119.) 2 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 5 011 102 (121.) 71,3 /km² (113.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anarkjend | Frå Storbritannia 21. januar 1919 6. desember 1921 | ||||||
Nasjonaldag | 17. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 250 300 mill. USD (59.) 56 300 USD (15.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +353 | ||||||
Toppnivådomene | .ie |
Republikken Irland utgjer fem seksdelar av øya Irland og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla «Éire» på irsk og «Ireland» på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilja mellom stat og øy.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Fylke
3 Klima
4 Bakgrunnsstoff
Historie |
Før 1921 var heile øya Irland ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Nord-Irland er framleis ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Fylke |
Irland har tradisjonelt hatt 26 fylke (counties), som framleis vert brukt kulturelt, historisk og i idrett. Etter omorganisering har Dublin vorte splitta opp i 4 fylke og Tipperary har vorte to fylke. Totalt har republikken Irland 30 fylke.
- County Carlow
- County Cavan
- County Clare
- County Cork
- County Donegal
County Dublin
- Dublin City
- Fingal
- Dun Laoghaire-Rathdown
South County Dublin (Tallaght)
- County Galway
- County Kerry
- County Kildare
- County Kilkenny
- County Laois
- County Leitrim
- County Limerick
- County Longford
- County Louth
- County Mayo
- County Meath
- County Monaghan
- County Offaly
- County Roscommon
- County Sligo
County Tipperary
- Tipperary North Riding
- Tipperary South Riding
- County Waterford
- County Westmeath
- County Wexford
- County Wicklow
Klima |
Irland har eit maritimt klima, og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt Storbritannia sitt, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50 % meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19 °C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sumaren er etter måten kjølig med om lag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperauren ofte over 20 °C om sumaren.
Nedbøren spreier seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest fer forbi. Den turraste tida på året er seint på våren og tidleg om sumaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det turraste området av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har kring 1400-1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti tilfelle av torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.
Bakgrunnsstoff |
- Irske styresmakter si offisielle side
- Uachtarán na hÉireann (Irland sin president)
- Oireachtas (Irland sitt parlament)
- Taoiseach (Irland sin statsminister)
- Rapportar om arkeologiske granskingar og utgravingar i Irland.
Vest-Europa | |
---|---|
Belgia | Frankrike | Irland | Luxembourg | Nederland | Storbritannia |
Den europeiske unionen | |
---|---|
|
Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) | ||
---|---|---|
|
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling | |
---|---|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|