Ann Cathrin Eriksen
















Ann Cathrin Eriksen

Fødd
9. september 1971
Bodø
Yrke
handballspelar

Ann Cathrin Eriksen (fødd 9. september 1971) er ein norsk tidlegare [[handball##spelar frå Bodø som vann EM-gull 1998, VM-gull 1999 og OL-bronse i 2000.


Kantspelaren melde seg inn i topplaget Byåsen IL i 1990, og spelte på laget frå Trondheim til ho trappa ned. Ho meisterskapsdebuterte for Noreg under handball-VM 1995, der ho var med å tape bronsefinalen mot Danmark. Korkje i 1996 eller 1997 fekk ho plass i dei norske handball-troppane til OL, EM og VM. Derimot var ho med då dei norske handballkvinnene slo Danmark med åtte mål i EM-finalen 1998, sjølv skåra ho to av Noregs 24 finalemål i det som var hennar beste meisterskap. I 1999 vart ho verdsmeister på heimebane på Lillehammer og hausten 2000 fekk ho bronsemedalje med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney, i begge desse meisterskapane sat ho på tribunen i finalen. Semifinaletapet mot Ungarn to dagar før bronsefinalen i Sydney vart hennar 127. og siste landskamp. Gjennom knapt elleve år på landslaget skåra ho 119 mål.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Ann Cathrin Eriksen» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2016.







Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Modern approach to radio buttons

A word for worn pool table felt