Akselerasjon





Akselerasjonen er på eit tilfeldig punkt på ein fart-tid-graf gitt som gradienten til tangenten av dette punktet


I fysikk er akselerasjon eit mål på kor fort hastigheit endrar seg. Akselerasjonen vert definert som fartsendring per tidseining. Han er difor ein vektoriell storleik med dimensjon lengd/tid². Måleininga for akselerasjon uttrykt ved SI-einingar er m/s².


Akseleresjon kan vera positive eller negative, i tillegg til retningsemdring. Akselerasjon er definert som hastigheitsendringsraten til eit objekt med omsyn på tid» og kan uttrykkast


a=dvdt{displaystyle mathbf {a} ={dmathbf {v} over dt}}

der



a er akselerasjonsvektoren


v er hastigheitsvektoren i m/s


t er tida i sekund.

Ein vanleg måte å måla konstant akselerasjon på er å måla hastigheita til ein lekam ved to ulike punkt i rommet, og så dela differansen mellom desse måleverdiane på tida lekamen brukar frå det eine til det andre punktet. Då brukar ein likninga:


a¯=△v△t=v−v0t−t0{displaystyle mathbf {bar {a}} ={frac {triangle v}{triangle t}}={frac {v-v_{0}}{t-t_{0}}}}

der



a¯{displaystyle mathbf {bar {a}} } er gjennomsnittsakselerasjonen (m/s²)


△v{displaystyle mathbf {triangle } {v}} er fartsdifferansen (m/s)


v{displaystyle mathbf {v} } er avslutningsfarta (m/s)


△t{displaystyle mathbf {triangle } {t}} er tidsintervallet (s)


Tyngdeakselerasjon |


Tyngdeakselerasjonen er den akselerasjonen ein lekam har i fritt fall, på grunn av gravitasjonskrafta frå ein annan lekan (ein planet til dømes). Tyngdeakselerasjonen i gravitasjonsfeltet til jorda er om lag 9,81 m/s².



Retardasjon |


Retardasjon eller forseinking er det motsette av akselerasjon, og ein kan kalle det negativ akselerasjon. Når farten til ein lekam minkar, blir rørsla til lekamen sagt å vere retardert.



Kjelder |


  • retardasjon. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/retardasjon

    Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Modern approach to radio buttons

A word for worn pool table felt