Stephen Stills



























































Stephen Stills
StephenStillsMay2007.jpg
Stephen Stills i 2007
Fødd
3. januar 1945 (74 år)
Fødestad Dallas
Fødenamn Stephen Arthur Stills
Opphav USA
Aktiv 1962 til i dag
Sjanger
Rock, folkrock, bluesrock, alternativ country
Instrument
Vokal, gitar, bass, piano, orgel, perkusjon, trommer
Kjende instrument G6136-1958 Stephen Stills White Falcon
Tilknytte artistar
Buffalo Springfield, Crosby, Stills, Nash & Young, The Stills-Young Band, Au Go Go Singers, The Continentals, Manassas
Plateselskap
Columbia, Atlantic, Reprise, Vision, Raven, Titan/Pyramid
Verka som
Musikar, låtskrivar, produsent, politisk aktivist
Gift med
Kristen Stills, Véronique Sanson
Born Chris Stills

Stephen Arthur Stills (fødd 3. januar 1945 i Dallas i Texas) er ein amerikansk gitarist og låtskrivar som er mest kjend for arbeidet sitt med Buffalo Springfield og Crosby, Stills & Nash (and Young). Han har spelt i fleire band samstundes som han har drive ei solokarriere. Still vart av Rolling Stone rangert på 28. plass på lista deira over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Tidlege år


  • 2 Buffalo Springfield & CSNY


  • 3 Soloåra


  • 4 Diskografi


    • 4.1 Med Buffalo Springfield


    • 4.2 Med Bloomfield/Kooper/Stills


    • 4.3 Med Crosby, Stills & Nash (& Young)


    • 4.4 Med The Stills-Young Band


    • 4.5 Soloalbum




  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Tidlege år |


Stills voks opp i ein militærfamilie. Han flytta mykje rundt som born og utvikla ei interesse for blues og folkemusikk. Han var òg påverka av latinsk musikk etter å ha budd i Gainsville og Tampa i Florida og Louisiana, Costa Rica og Panamakanalsonen som ungdom.


Stills slutta på University of Florida for å starte ei musikkarriere tidleg i 1960-åra. Han spelte i fleire band som The Continentals, med mellom andre den framtidige Eagles-gitaristen Don Felder, utan stor suksess. Ein kunne høyre Stills solo i Gerde's Folk City, som var ein kjend kafe i Greenwich Village. Stills enda til slutt opp i ei vokalharmonigruppe på ni medlemmer som heldt til i Cafe Au Go Go i New York City. Dei kalla seg Au Go Go Singers (Rick Geiger, Roy Michaels, Michael Scott, Jean Gurney, Kathy King, Nels Gustafson, Bob Harmelink, framtidig bandmedlem i Buffalo Springfield Richie Furay & Stills). Den grupa turnerte noko i Catskills og i sør, og gav ut eit album i 1964 før dei vart oppløyste i 1965. Etter dette danna Stills og fire andre tidlegare medlemmer frå Au Go Go Singers (Geiger, Michaels, Gurney & Scott) bandet The Company, ei folkrock-gruppe. The Company la ut på ein seks veker lang turne i Canada der Stills møtte den unge gitaristen Neil Young. På VH1 CSNY Legends fortalte Stills at Young gjorde det han alltid ønskte å gjere, «spele folkemusikk i eit rockeband» (Denne oppfatninga vart gjenteken fleire tiår seinare. Ein kjenner godt til det anstrengte forholdet mellom dei to, sjølv om dei har spelt i lag mange gonger i løpet av karrieren sin.) The Company vart oppløyst i New York etter fire månader. Geiger vart med i eit operetteselskap i Los Angeles, Michaels slo seg saman med Jimi Hendrix og Gurney gjekk på college, medan Scott turnerte med eit band kalla Highwaymen. Stills starta som studiomusikar og gjorde forskjellige mislukka prøvespelingar, mellom anna for The Monkees). I 1966 overtalte han det tidlegare medlemmet i Au Go Go Singer, Richie Furay, som då budde i Massachusetts, om å flytte med han til California.



Buffalo Springfield & CSNY |



For meir om dette emnet, sjå Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young.


Stills, Furay og Young kom saman i Los Angeles og danna kjernen i Buffalo Springfield. Visstnok gjenkjente Stills og Furay Young då dei køyrte forbi kvarandre i ein trafikkork i Los Angeles. Bandet gav ut tre album (Buffalo Springfield, Buffalo Springfield Again og Last Time Around) og hadde ein hitsingel med Stills sin «For What It's Worth» før dei vart oppløyst.


Gitarspelinga til Stills utvida seg stadig. Han hadde tidleg element frå både rock and roll, blues og country, samt akkordsekvensar liknande det ein fann i det akustiske folkemusikkmiljøet. Gitarspelet til Stills vart etter kvart påverka av venen Jimi Hendrix og av forskjellige rytmar og riff frå latinsk musikk. Stills er kjend for å ha eksperimentert med sjølve gitaren. Mellom anna smurde han strengane inn med grillsaus eller snudde om på signalfangarane for å etterlikne venstrehandsspelinga til Hendrix. Han var òg kjend for uvanlege stemmingar, særleg på akustiske gitar. Han spelte òg piano, orgel, bass og noko trommer. «Stephen hadde ein visjon» sa Graham Nash, «David [Crosby] og eg let han køyre på.». Stills spelte nesten alle instrumenta på Crosby, Stills and Nash, og han fekk kallenamnet Captain Manyhands frå Rolling Stone.


Under oppløysinga av Buffalo Springfield møtte Stills det tidlegare Byrd-medlemmet David Crosby og det tidlegare Hollie-medlemmet Graham Nash og i lag danna dei supergruppa Crosby, Stills & Nash. Cass Elliot inviterte Graham Nash over for å møte Stills og David Crosby heime hos den kjende folkemusikaren og målaren Joni Mitchell, som målte fleire måleri av dei tre. Stills spelte det meste på albumet sjølv, bortsett frå noko trommer av Dallas Taylor og noko rytmegitar frå Crosby og Nash. Neil Young vart invitert med på det andre albumet, og gruppa vart Crosby, Stills, Nash and Young. Trass i mykje uro og stadige splittingar, spelar CSN (og stundom CSNY) framleis inn plater og turnerer.


Stills spelte både på Monterey Pop Festival med Buffalo Springfield og Woodstock og Altamont med CSNY. Han har dermed spelt på alle dei tre legendariske festivalane i USA i 1960-åra.



Soloåra |


Etter suksessen til CSNY spelte alle dei fire medlemmene inn soloalbum. I 1970 kom det sjølvkalla debutalbumet hans, med gjester som Eric Clapton, Jimi Hendrix, «Mama» Cass Elliot, Booker T Jones og Ringo Starr (berre omtalt som «Richie») samt hjelp frå fleire av medlemmene i CSNY. Stills fekk der ein hitsingel med «Love the One You're With». Stills følgde opp dette albumet med Stephen Stills 2, som inneheldt «Change Partners». Sjølv om songen vart skriven før CSN vart danna, såg Nash dette som ein metafor for dei mange forholda i CSNY, medan Stills såg på bandet som noko lang mindre mildt og gjentakande.


Året etter slo Stills seg saman med tidlegare The Byrds-medlem Chris Hillman og fleire av sidemennene i CSNY og danna bandet Manassas. Med Manassas spelte Stills inn eit dobbeltalbum med same namn, Manassas. Albumet var ei blanding av blues, folk og latinsk musikk delt inn i forskjellige seksjonar.


Under ein turne med Manassas i Frankrike møtte Stills og gifta seg med den franske visesongaren Veronique Sanson. Han flytta så til Columbia Records, der han spelte inn to album: Stills i 1975 og Illegal Stills, eit ordspel på namnet sitt, i 1976.




Woodstock Reunion, 7. september 1979
Parr Meadows, Ridge, NY
Foto: Bob Sanderson



I 1976 prøvde Stills seg på ei gjenforeining med Neil Young. Dei spelte inn Long May You Run som på eit tidspunkt såg ut til å verte eit CSNY-album, men Crosby og Nash måtte fullføre sine eigne platekontraktar.[2]. Stills og Young danna då The Stills-Young Band. Young forlet derimot Stills halvvegs i turneen deira.[2] Stills var kontraktbunden til å fullføre turneen, noko han gjorde, og då han kom heim ønskte kona skilsmisse og ville flytte attende til Frankrike. Stills slo seg kort tid etter saman med Crosby og Nash igjen og CSN vart halvvegs gjenforeint i 1977. Sidan den gong har dei halde saman no og då.


I 1979 reiste Stills til Havanna på Cuba, for å delta på festivalen Havana Jam i lag med Weather Report, the CBS Jazz All-Stars, the Trio of Doom, Fania All-Stars, Billy Swan, Bonnie Bramlett, Mike Finnegan, Kris Kristofferson, Rita Coolidge og Billy Joel, samt fleire kubanske artistar som Irakere. Stills turnerte med sistnemnde i USA etter desse konsertane.


I 1997 vart Stills den første personen som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger same kveld for arbeidet sitt med CSN og Buffalo Springfield. Fender laga ein spesiallaga gitar og gav til Stills for dette høvet.


I 2005 gav Stills ut Man Alive!, det første soloalbumet hans på 14 år. Gjennom 2006 og 2007 turnerte Stills mykje som soloartist med The Quartet.



Diskografi |



Med Buffalo Springfield |























År
Albumdetaljar

US
1966

Buffalo Springfield

  • Utgjeve: 5. desember 1966

  • Selskap: Atco


80
1967

Buffalo Springfield Again

  • Utgjeve: 30. oktober 1967

  • Selskap: Atco


44
1968

Last Time Around

  • Utgjeve: 30. juli 1968

  • Selskap: Atco


42


Med Bloomfield/Kooper/Stills |
















Dato

Tittel

Høgaste listeplassering

RIAA-sertifisering

22. juli 1968

Super Session

#12
Gold


Med Crosby, Stills & Nash (& Young) |











































































































Dato
Tittel
Innspeling
Høgaste listeplassering i USA
RIAA-sertifisering[3]
29. mai 1969

Crosby, Stills & Nash
26. juni 1968 - 3. april 1969
#6
4x platina
11. mars 1970

Déjà Vu
juli - desember 1969
#1
7x platina
7. april 1971

Four Way Street
2. juni-5. juli 1970
#1
4x platina
19. august 1974

So Far
(samleplate)
1969–1970
#1
6x platina
17. juni 1977

CSN
1976-77
#2
4x platina
21. juni 1982

Daylight Again
1980–1981
#8
Platina
19. august 1983

Replay
(samleplate)
6. juni 1983
#122
-
3. november 1988

American Dream
3. mai- 16. september 1988
#16
Platina
11. juni 1990

Live It Up
1. februar 1986 til 5. februar 1990
#57
-
oktober 1991

CSN
26. juni 1968 - 3. april 1990
#109
-
16. august 1994

After The Storm
27. januar - 1. juli 1994
#98
-
26. oktober 1999

Looking Forward
1996–1999
#26
-
14. mars 2005

Greatest Hits
1969–1999
#24
22. juli 2008

Déjà Vu Live
2006
-
-


Med The Stills-Young Band |


















Dato

Tittel

Innspeling

Høgaste listeplassering

RIAA-sertifisering

"[2]"



10. september 1976

Long May You Run

16. februar til 7. juni 1976

#26
Gull


Soloalbum |












































































































































Dato

Tittel

Høgaste listeplassering i USA

RIAA / CRIA-sertifisering
[4]

Selskap

Informasjon
16. november 1970

Stephen Stills

#3
Gull

Atlantic
Studio

30. juni 1971

Stephen Stills 2

#8
Gull
Atlantic


12. april 1972


Manassas (med Manassas)

#4
Gull
Atlantic


23. april 1973


Down the Road (med Manassas)

#7
-
Atlantic


Juni 1975

Stills

#22
-

Columbia


Desember 1975

Stephen Stills Live

#42
-
Atlantic
Konsert

Mars 1976

Illegal Stills

#30
-
Columbia
Studio

Desember 1976

Still Stills: The Best of Stephen Stills

#127
-
Atlantic
Samling

September 1978

Thoroughfare Gap

#83
-
Columbia
Studio

Juli 1984

Right By You

#75
-
Atlantic


September 1991

Stills Alone

-
-
Vision/Gold Hill


November 2003

Turnin' Back The Pages

-
-

Raven
Samling

August 2005

Man Alive!

-
-
Titan/Pyramid
Studio

Juli 2007

Just Roll Tape

-
-
Eyewall/Rhino
Samling

September 2009


Pieces (med Manassas)

-
-
Rhino/Atlantic


Oktober 2009

Live at Shepherd's Bush

-
-
Rhino
Konsert


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Stephen Stills» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Rolling Stone Magazine The 100 Greatest Gitarists of All Time 2003-08-27.


  2. 2,02,1 Cameron Crowe "Quick End to a Long Run." Rolling Stone Sept. 9, 1976 reprinted in 4 Way Street: The Crobsy, Stills, Nash & Young Reader 2004 Da Capo Press.


  3. RIAA Gold og Platinum Search for albums titled Deja Vu.


  4. [1].







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell side

  • CSN si offisielle side

  • CSNY si offisielle side









































Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029