Torgjo






















Torgjo
stad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Bømlo



Torgjo er ein gard på Selsøyo i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Inntil 1990-åra høyrte garden og øya til Fitjar kommune. I tillegg til Torgjo ligg gardane Eidet i aust og Kvarven på øya. I vest ligg Brandasund og i nord Selbjørnsfjorden.



Historie |


Torgjo er gammal er ein av dei eldste gardane på Brandasundsøyane og var i hevd i 1328, men har seinare truleg lege øyde til slutten av 1500-talet, og han vart først nemnd i 1638 i eit festebrev.


Det har truleg budd folk her i lang lang tid, og det er funne fem steinøkser og ei flintpil på staden.



Namn |


Gardsnamnet kjem truleg av at det har vore ein handelsplass her, t.d. i fisketida. Her har òg vore anna ferdsel gjennom Brandasundet.


Namnet har vorte skrive Torvett i 1701, Torvet i 1715, Sellisøen eller Torvet i 1723 og Torge i 1890. Namnet vert no skrive Torgjo, medan daglegnamnet er Torjo. Slektsnamnet som kjem frå garden er Torget.



Kjelder |



  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar. 



Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Modern approach to radio buttons

A word for worn pool table felt