Whipping Post




































Whipping Post
Song av The Allman Brothers Band
frå albumet The Allman Brothers Band (studio)
At Fillmore East (live)



Utgjeve
4. november 1969 (studio)
juli 1971 (live)

Innspelt
7. august 1969 (studio)
13. mars 1971 (live)

Sjanger

Bluesrock, Southern rock, jam

Lengd
5:20 (studio)
22:56 (live)

Selskap

Capricorn Records

Låtskrivar(ar)

Gregg Allman

Produsent

Adrian Barber (studio)
Tom Dowd (live)

«Whipping Post» er ein song av The Allman Brothers Band. Han er skriven av Gregg Allman og den fem minuttar lange studioversjonen kom først ut i 1969 på debutalbumet deira The Allman Brothers Band. Den store krafta i songen kom likevel først til syne på konsertane deira, der han var grunnlaget for mykje lengre og intense versjonar.[1][2] Eit klassisk opptak av songen finst på det doble konsertalbumet At Fillmore East i 1971,[3] der ein 23 minuttar lang episk versjon avsluttar albumet.[4][5] Det var denne innspeligna som gjorde at «Whipping Post» vart valt ut på listene « Rock and Roll Hall of Fame sine 500 songar som forma Rock and Roll»[6] og Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]




Innhaldsliste






  • 1 Komposisjon og studioversjonen


  • 2 At Fillmore East-versjonen


  • 3 Innverknad


  • 4 Andre artistar


  • 5 Kjelder





Komposisjon og studioversjonen |


Gregg Allman var 21 år gammal då songen vart spelt inn. Songen vart skriven mot slutten av mars 1969, då The Allman Brothers Band vart danna.[7] Gregg hadde ikkje klart å kome seg fram som musikar seint i 1960-åra i Los Angeles,[8] og var i ferd med å gje seg heilt som musikar då broren Duane Allman ringde og sa at det nye bandet hans trengde ein vokalist. Gregg synte bandet 22 songar han hadde skrive, men berre «Dreams» og «It's Not My Cross to Bear» vart rekna som gode nok.[9] Gregg, som var den einaste låtskrivaren i bandet på den tida, vart beden om å skrive fleire songar som kunne høve det nye bandet, og dei neste fem dagane skreiv han fleire, inkludert «Whipping Post».[9]


Songen handla om alle prøvane Gregg hadde gått igjennom som musikar i 60-åra,[8] og songen vart raskt skriven på eit strykebrett:[10] Han sa seinare: «Han kom så raskt. Eg fekk ikkje ein gong tid til å hente papir. Det er slik dei gode songane kjem, dei berre treff deg som ein murstein».[10]


Teksten i bluesrocksongen handlar om ein metaforisk gapestokk, ei vond kvinne og fåfengt eksistensiell sorg. Forfattaren Jean-Charles Costa skildra studioversjonen som ei «solid rame for ein song som gjev tusenvis av mogelegheiter for å utvidast med soloar. ... [Han er] i modifisert 3/4-takt, og byggjer på til ei rekkje skrikande sologitartema, og når full styrke i refrenget med doble sologitarar».[1] Resultatet vart av Rolling Stone kalla «ein varig hymne ... fylt med pinande blues-ballade bilete».[3]


Musikalsk er songen umiddelbart gjenkjenneleg for å bruke ein 11/4-takt i introen.[11] Som Gregg Allman seinare sa:



"Eg visste ikkje at introen var i 11/4-takt. Eg berre såg det som tre set med tre, og så to for å hoppe til dei neste setta med tre: det var som 1,2,3—1,2,3—1,2,3—1,2. Eg kunne ikkje telje det som om det var 1,2,3,4,5,6,7,8,9,10,11. Det var ein kort takt, men det føltes ikkje som ein kort, fordi for å kome attende til triolen, måtte du ta to steg opp. Du slo verkeleg hardt på dei to, for å legge trykk på dei, slik at dei tre setta vart skilde. ... [Duane] sa, 'Det er bra, man, eg visste ikkj at du forstod 11/4.' Og eg sa sjølvsagt noko intelligent som, 'What's 11/4?' og Duane sa berre, 'Ok, tosk, eg skal prøve å teikne det på eit ark for deg.'»[10]



Den originale «Whipping Post» vart spelt inn for The Allman Brothers Band den 7. august 1969, ved Atlantic Recording Studios i New York City.[10] Adrian Barber var produsent og bandet brukte heile dagen i studio på songen.[10] Albumet kom ut den 4. november 1969, men selde dårleg, og nådde så vidt botnen av den amerikanske albumlista.[12] «Whipping Post» vart sett sist på albumet.



At Fillmore East-versjonen |


Den kjende konsertversjonen vart spelt inn ved Fillmore East i New York på den andre konserten til bandet der, den 13. mars 1971.[13] Duane Allman byrjar å introdusere songen – «Berry starts her off» – før ein fan ropar ut «Whipping Post!"[14] Duane svarar, «You guessed it,»[14] og Berry Oakley starta songen med ein kraftig, rumlande [3] 11/4-takts bassgitar som Rolling Stone sa gav songen eit «stemningsskapande moment»[4] og som vart eit av dei mest kjende bassriffa i rockehistoria.[14]


Kort tid etter kjem Duane og Dickey Betts sine sologitarar inn, før Gregg Allman sitt Hammondorgel kjem inn.[14] Vokalpartia er spreidd utover den 23 minuttar lange versjonen, med lange instrumentalparti innimellom.



Innverknad |


Trass i lengda vart konsertversjonen av «Whipping Post» mykj spelt på progressiv rockeradio tidleg i 1970-åra, særleg seint på kveldane eller i helgene. Dette førte til at «Whipping Post» vart ein av dei mest kjende songane til bandet.[15][16]. Det hjalp og ryktet til At Fillmore East som The Rolling Stone Record Guide skreiv om i 1979, «har ingen bortkasta notar, ingen poenglause jammar, ingen halvhjarta vokal—alt tel»,[17]. Rolling Stone skreiv i 2002, «det finaste konsertopptaket som nokon gong er festa til vinyl».[4]VH1 sa om «Whipping Post» at det «var dette bandet vart kjend for, ein endelause klatring av aukande drama staka ut av doble gitarareksorsismar av Duane og Dickey Betts og den kule, avmålte, nesten jazz-aktige rytmeseksjonen».[18]


Songen fekk òg ei nesten legendarisk rolle på rockekonsertar tidleg i 1970-åra då publikum på andre artistar sine konsertar på spøk ropte ut «Whipping Post!» mellom songane, slik tilhengjaren hadde gjort på At Fillmore East.[18]Jackson Browne merka seg dette på konsertane hans på denne tida. Det same skjedde i 1974 i Helsingfors under ein konsert med Frank Zappa, som skildra under.[19][20] Seinare skjedde det same med Lynyrd Skynyrd sin «Free Bird»[18].



Andre artistar |


I 1974 under ein Frank Zappa-konsert i Helsingfors i Finland, ropte ein mann i publikum om «Whipping Post». Zappa svarte med å spele ein southern rock-versjon av songen «Montana»,[20] med undertittelen «Whipping Floss».[19] Dette vart gjeve ut på konsertalbumet You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 i 1988. I 1981 lærte bandet til Zappa seg «Whipping Post» og la han til repertoaret sitt, sidan den nye songaren og klaverspelaren Bobby Martin kjende songen og song solovokal på han.[19] Zappa spelte ein studioversjon av songen i 1984 for albumet Them or Us; ei konsertutgåve av songen med sonen til Frank, Dweezil Zappa på sologitar kom ut i 1986 på Does Humor Belong in Music?.


Genya Ravan spelte inn songen i 1974 for albumet Goldie Zelkowitz,[21] som sidan vart sampla av Jay-Z på «Oh My God» på albumet Kingdom Come i 2006.[21]



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Whippin' Post» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.





  1. 1,01,1 Costa, Jean-Charles (1973). Plateomslagstekst for Beginnings. Capricorn Records.


  2. Nathan Brackett, Christian Hoard (eds.) (2004). Rolling Stone Album Guide. Fireside Books. ISBN 0-7432-0169-8.  s. 15.


  3. 3,03,13,23,3 «Whipping Post». Rolling Stone. 2004-12-09. Henta 22. august 2014. 


  4. 4,04,14,2 Mark Kemp (2002-07-16). «The Allman Brothers Band: Live At Fillmore East». Rolling Stone. 


  5. Prown, Pete; Newquist, HP (1997). Legends of Rock Gutiar: The Essential Reference of Rock's Greatest gitarists. Hal Leonard Corporation. ISBN 0-7935-4042-9.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp) s. 131.


  6. «500 Songs that Shaped Rock and Roll». The Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 7. juni 2014. Henta 22. august 2014. 


  7. «The Allman Brothers Band». The Rock and Roll Hall of Fame. Henta 22. august 2014. 


  8. 8,08,1 Paul, Alan (1997). Plateomslagstekst for One More Try: An Anthology. Polygram Records.


  9. 9,09,1 Poe, Randy (2006). Skydog: The Duane Allman Story. San Francisco: Backbeat Books. ISBN 0-87930-891-5.  s. 108.


  10. 10,010,110,210,310,4 Poe, Skydog, s. 124–125.


  11. Peters, Stephen (1999). What a Long, Strange Trip: The Stories Behind Every Song 1965-1995. Thunder's Mouth Press. ISBN 1-56025-233-2.  s. 51.


  12. «The Allman Brothers Band: Salslister and Awards». Allmusic. Henta 22. august 2014. 


  13. (1992) Plateomslagstekst for The Fillmore Concerts. Polydor Records.


  14. 14,014,114,214,3 Poe, Skydog, s. 183–184.


  15. Robert Palmer (1989-06-25). «A Band That Gave An Age of Excess A Good Name». The New York Times. 


  16. Bruce Eder. «The Allman Brothers Band: Biography». Allmusic. Henta 22. august 2014. 


  17. Dave Marsh, John Swenson (eds.) (1979). The Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. ISBN 0-394-73535-8.  s. 6.


  18. 18,018,118,2 Hoye, Jacob; VH1 (2003). 100 Greatest Albums. Simon and Schuster. ISBN 0-7434-4876-6.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp) s. 132, 133.


  19. 19,019,119,2 Menn, Don (1992). Secrets from the Masters: Conversations med Forty Great Guitar Players. Backbeat Books. ISBN 0-87930-260-7.  s. 287


  20. 20,020,1 Lowe, Kelly Fisher (2007). The Words and Music of Frank Zappa. University of Nebraska Press. ISBN 0-8032-6005-9.  s. 87.


  21. 21,021,1 Kelefa Sanneh (2006-11-19). «Uneasy Lies the Head». The New York Times. Henta 2008-09-21. 









Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029