Bayern
Delstat i Tyskland | |||
Hovudstad | München | ||
Flatevidd - Rangering i Tyskland | 70 550,19 km² 1. | ||
Folketal (2013) - Rangering i Tyskland | 12 604 000 2. | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
Offisielle språk | Tysk | ||
Ministerpresident | Horst Seehofer (CSU) | ||
Nettstad | www.bayern.de | ||
| |||
Fristaten Bayern (tysk: Freistaat Bayern, latin: Bavaria) er den tyske delstaten som ligg lengst mot sør. Den har ei flatevidd på 70 552 km² og 12,6 millionar innbyggjarar (2013). Hovudstaden er München. Statsminister er Horst Seehofer (CSU).
Bayern grensar mot Austerrike, Böhmen (Tsjekkia), Baden-Württemberg, Hessen, Thüringen og Sachsen. Elvane Donau og Main flyt gjennom staten.
Andre viktige byar utanom hovudstaden inkluderer Nürnberg, Augsburg, Würzburg, Ingolstadt, Regensburg, Fürth og Erlangen.
Ein av dei mest kjende mellomalderbyane i Europa er den bayerske byen Rothenburg ob der Tauber.
I fristaten lever det tradisjonelt tre folkeslag: Bayarar («gamalbayarar»), schwabarar og frankarar.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad for regjeringa i Bayern
- Oktoberfest
- Bayern tourist info
Delstatar i Tyskland | |
---|---|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|