Fiber







Hampfiber


Fiber er ein materialtype danna av samanhengande filament eller forlenga einingar, på same måte som homogene trådar. Dei er viktige delar i biologien for både plantar og dyr, der dei held resten av vevet saman.


Menneske bruker fibrar på mange ulike måtar. Kostfiber er viktig for fordøyinga. Fibrar frå ulike kjelder kan spinnast til tråd, hyssing, snøre, garn og tau. Desse kan ein igjen bruka til tekstilar og utstyr. Fibrar kan inngå som del av komposittmateriale eller kan føyast saman til matter som papir eller filt.





Fiberoptisk kabel




Innhaldsliste






  • 1 Naturlege fibrar


  • 2 Kunstfibrar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Naturlege fibrar |


Naturleg fiber er fiber som er danna av plantar, dyr og av geologiske prosessar. Ein kan klassifisera slike fibrar etter opphav:




  • Plantefiber kan koma frå oppbygnaden til planten (t.d. bast eller ved) eller frå frukter (t.d. lin og bomull).

    • Vegetabilsk fiber er generelt sett basert på varianter av cellulose, gjerne med lignin. Nokre døme er bomull, hamp, brennesle, jute, lin, ramie og sisal.

    • Trefiber blir framtsilt frå tre, hovudsakleg frå massevirke. Det kan framstillast både kjemisk og mekanisk, og ein får då høvesvis cellulose eller tremasse. Mesteparten av fiber frå tre blir brukt i papirframstilling som papirmasse. Det blir også brukt til framstilling av så ulike ting som tekstilar (viskose), folie (cellofan) og sponplater.



  • Animalsk fiber er for det meste laga av særskilde protein. Nokre typar er edderkoppsilke, ekte silke, tarmreimer, hår og ull, slik som kashmir, mohair og angora.

  • Mineralske fiber i naturleg tilstand finn ein i asbest, som har naturleg førekomande lange, mineralske fibrar. Korte fiber-liknande mineral er mellom anna wollastinitt, attapulgitt og halloysitt.



Kunstfibrar |



For meir om dette emnet, sjå Kunstfiber.




Elektronmikroskopbilde av nanofibrar av polyetersulfon.


Kunstfiber eller syntetisk fiber er fibertypar laga ved hjelp av kjemiske reaksjonar i industrien av polymerar eller av uorganiske stoff som glas, metall eller mineral. Dei kan til dømes lagast av petroleum eller av omarbeidd cellulose. Nokre døme på kunstfiber er polyester, akrylfiber, elastan, viskose og celluloseacetat.[1]



Kjelder |




  1. «kunstfibre» i Store norske leksikon, snl.no.



  • «fiber» i Nynorskordboka.


  • Denne artikkelen bygger på «Fiber» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2017.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiber


  • Les om fiber på Treveven




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum