Preussen
Preußen Preussen | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto Suum cuique latinsk: «For kvar enkelt seg sjølv» | |||||
Preussen med den største utstrekkinga, som den leiande staten i Det tyske keisardømet | |||||
Hovudstad | Marienburg (fram til 1466), Königsberg, seinare Berlin | ||||
Språk | Tysk | ||||
Religion | Protestantisme etter 1525 | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Hertug1,2 | |||||
- 1230–1239 | Hermann von Salza (Stormeister) | ||||
- 1511–1525 | Albert av Brandenburg-Ansbach (siste stormeistar) | ||||
- 1525–1568 | Albert I (første hertug) | ||||
- 1688–1701 | Fredrik III (siste hertug) | ||||
Konge1 | |||||
- 1701–1713 | Fredrik I (første) | ||||
- 1888–1918 | Vilhelm II (siste) | ||||
Statsminister1,3 | |||||
- 1918–20 | Paul Hirsch (først) | ||||
- 1933–45 | Hermann Göring (siste) | ||||
Historisk periode | Mellomalderen – nyare historie | ||||
- Klosterstaten | 1230 | ||||
- Sekularisering | april 1525 | ||||
- Union med Brandenburg | 27. august 1618 | ||||
- Kongedømet Preussen | 18. januar 1701 | ||||
- Fristaten Preussen | 9. november 1918 | ||||
- Oppheva (de jure, de facto i 1934) | 25. februar 1947 | ||||
Areal | |||||
- 1939 | 297 007 km² | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1939 est. | 41 915 040 | ||||
Folketettleik | 141,1 /km² | ||||
I dag ein del av | Tyskland, Polen, Russland, Litauen, Danmark, Belgia, Tsjekkia | ||||
1) Statsleiarane i lista her er dei første og siste i kvar tittel. 2) Tittel Hertug vart berre nytta etter 1525. 3) Stillinga Ministerpräsident vart innført i 1792 då Preussen vart eit kongedøme. Statsministrane her er frå Republikken Preussen |
Preussen (eller Preußen, latin Borussia eller Pruteina, latvisk Prūsija, polsk Prusy, gammalprøyssisk Prūsa) var namnet på ein geografisk region, eit hertugdøme, og frå 1701 eit kongerike som etter 1871 høyrde til Det tyske riket. Staten hadde i fleire hundreår stor innverknad på tysk og europeisk historie. Den siste hovudstaden i Preussen var Berlin.
Namnet kjem frå gamalprøyssarane, eit baltisk folk i slekt med med litauarane. «Gamle Preussen» vart seinare erobra av Den tyske riddarordenen og så sakte germanisert som ein del av Ordenstaat. Unionen mellom markgrevskapet Brandenburg og Hertugdømet Preussen i 1618 førte i 1701 til at Kongedømet Preussen vart oppretta.
Preussen hadde si stordomstid på 1700- og 1800-talet. På 1700-talet vart nasjonen ein europeisk stormakt under regjeringstida til Fredrik II av Preussen (1740–86). På 1800-talet prøvde kanslar Otto von Bismarck å samle dei tyske fyrstedøma i eit «Mindre Tyskland», som ekskluderte Det austerrikske riket.
Historia til Brandenburg og Preussen | |||
Nordmark før 1100-talet | Gammalprøyssarane før 1200-talet | ||
Markgrevskapet Brandenburg 1157–1618 (1806) | Ordensstaat 1224–1525 | ||
Hertugdømet Preussen 1525–1618 | Det kongelege (polske) Preussen 1466–1772 | ||
Brandenburg-Preussen 1618–1701 | |||
Kongedøme i Preussen 1701–1772 | |||
Kongedømet Preussen 1772–1918 | |||
Fristaten Preussen 1918–1947 | |||
Brandenburg 1947–1952 / 1990– |
Kongedømet Preussen dominerte Nord-Tyskland politisk, økonomisk og hadde flest innbyggjarar, og var kjernen i Det nordtyske forbundet, som vart oppretta i 1867. Dette vart ein del av Det tyske riket eller Deutsches Reich i 1871.
Då Hohenzollern-monarkiet enda i Tyskland etter den første verdskrigen, vart Preussen ein del av Weimarrepublikken som ein fristat i 1919. Preussen som stat vart oppheva de facto av nazistane i 1934 og de jure av dei allierte under den andre verdskrigen i 1947.
Sjå òg |
Prøysen
Denne historieartikkelen som har med Preussen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|