Dagestan
| |||||
Hovudstad | Makhatsjkala | ||||
Areal - Totalt | Rangering:52. 50 300 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 22. ca. 2 977 400[1] (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Sørlege | ||||
Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
Regionsnummer | 05 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
President | Magomedsalam Magomedalijevitsj Magomedov | ||||
Nasjonalsong | Republikken Dagestans hymne | ||||
Tidssone | UTC +0300 |
Dagestan (russisk Республика Дагестан) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Makhatsjkala, arealet er 50 300 km² og innbyggjartalet 2 977 400 (2010). Dagestan ligg ved kysten av Kaspihavet, og grensar til Aserbajdsjan og Georgia i sør.
Dagestan har dei siste åra vore prega av uro som fylgje av krigen i naborepublikken i vest, Tsjetsjenia. I 1999 vart republikken invadert av opprørsstyrkar frå Tsjetsjenia som freista å oppretta ein islamsk stat i Dagestan. Opprørarane vart drivne ut etter regulære krigshandlingar med russiske styrkar. Dette vart starten på den andre krigen i Tsjetsjenia.
Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 112 terrorhandlingar i Dagestan, og desse førte til 68 dødsfall og minst 195 skadde personar. Fem av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[2]
Folkesetnad |
Dei største byane er Makhatsjkala (572 100 ibuarar), Khasavjurt (131 200), Derbent (119 200) og Kaspijsk (100 100).[1]
Dagestan er den mest etnisk samansette regionen i Russland, og ingen folkegrupper utgjer meir enn 30 % av folket. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:[1]
Avarar: 29,2 %
Darginar: 16,9 %
Kumykar: 14,8 %
Lezginar: 13,2 %
Lakar: 5,5 %
Tabasaranar: 4,1 %
Aserbajdsjanarar: 4,5 %
Russarar: 3,6 %
Tsjetsjenarar: 3,2 %
Nogaiar: 1,4 %
Agular: 1,0 %
Rutular: 1,0 %
Tsakhurar: 0,3 %
Dei fleste folkegruppene i Dagestan er tradisjonelt muslimar.
I motsetning til i Russland som heilskap går folketalet i Dagestan opp. Det auka med 30 % frå 1989 til 2005. Andelen etniske russarar vart om lag halvert i den same perioden, frå 9,2 % i 1989. I tida mellom folketeljingane i 2002 og 2010 var Dagestan det føderasjonssubjektet i Russland som hadde sterkast folkeauke, med 15,6 %. Samstundes hadde Dagestan lågast levestandard av alle federasjonssubjekta.
Fotnotar |
↑ 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
↑ "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011
Bakgrunnsstoff |
Republikken sine offisielle heimesider på russisk
Artikkel frå NUPI på engelsk
Russiske republikkar | ||
---|---|---|
Adygia · Altaj · Basjkortostan · Burjatia · Dagestan · Ingusjetia · Kabardino-Balkaria · Kalmykia · Karatsjajevo-Tsjerkessia · Karelen · Khakasia · Komi · Mari El · Mordovia · Nord-Ossetia · Sakha · Tatarstan · Tsjetsjenia · Tsjuvasjia · Tyva · Udmurtia |
|