Kaukasus




Denne artikkelen handlar om fjellkjeda. For det geografiske området, sjå Kaukasia.

Koordinatar: 42°30′N 45°00′E












































Kaukasus
fjellkjede

Kaukasus.jpg

Land

Flag of Russia.svg Russland, Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Flag of Georgia.svg Georgia, Flag of Armenia.svg Armenia Flag of Iran.svg Iran

Stad

Eurasia mellom Svartehavet og Kaspihavet
 - koordinatar

42°30′N 45°00′E
Høgaste punkt

Elbrus
 - høgd
5 642 moh.

Lengd
1 100 km


Største by

Baku
Lengste elv

Kura


Wikimedia Commons: Caucasus mountains


Kaukasus er ei fjellkjede i Eurasia mellom Svartehavet og Kaspihavet i Kaukasia.


Kaukasus utgjer to separate fjellsystem:



  • Store Kaukasus

  • Litle Kaukasus


Store Kaukasus strekkjer seg frå Vest-Kaukasus i nærleiken av Sotsji i dei nordaustlege kystområda av Svartehavet, og går hovudsakleg aust-søraustover og nesten til Baku ved Kaspihavet, medan Litle Kaukasus går parallelt med den større fjellkjeda, om lag 100 km lenger sør. Meskheti er ein del av Litle Kaukasus. Store og Litle Kaukasus er knytt saman av fjellkjeda Likhi, som skil låglandet Kolkhida frå låglandet Kura. I søraust ligg Talysj-fjella. Litle Kaukasus og Det armenske høglandet utgjer Det transkaukasiske høglandet. Det høgaste fjellet i Kaukasus er Elbrus




Innhaldsliste






  • 1 Geologi


  • 2 Geografi


  • 3 Store fjelltoppar


  • 4 Klima


  • 5 Landskap


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geologi |


Kaukasus vart forma for om lag 23,8–28,5 millionar år sidan på grunn av tektonisk platekollisjon der den arabiske kontinentalplata flytta seg nordover og kolliderte med den eurasiske plata. Fjellsystemet er ei forsettjing av Himalaya, som er danna på liknande måte ved kollisjon mellom den eurasiatiske og den indiske kontinentalplata. Heile området får regelmessig kraftige jordskjelv på grunn av denne aktiviteten. Forkastingane i Anatolia i Tyrkia og Iran flyttar seg side om side og hindrar subduksjon av kontinentalplata på veg nordover. Dette er årsaka til at det er få vulkanar i Store Kaukasus. Litle Kaukasus er derimot stort sett danna av vulkanske aktivitet. Vulkanplatået
Javakheti i Georgia og dei omliggande vulkankjedene, som strekkjer seg inn i sentrale område av Armenia, er nokre av dei yngste og mest ustabile av dei geologisk formene i området.


Det finst store granitt- og gneisavleiringar med store petroleums- (estimert opp til 200 milliardar tønner) og naturgassfunn i området.



Geografi |


Det er uklart om fjellkjeda Kaukasus er ein del av Europa eller Asia. Avhengig av korleis ein ser på det er det høgaste fjellet i Europa anten Elbrus (5 641 m) eller Mont Blanc i Alpane med (4 808 m).


Kaukasus ligg midt på den eurasiatiske plata mellom Europa og Asia. Fordi plata er geologiske stabil i dette området, er det vanskeleg å avgjere nøyaktig kor dei kontinentale grensene går. Derfor har grensa mellom dei to verdsdelane endra seg gjennom historia. Dei gamle grekarane såg på Bosporos og Kaukasusfjella som grensene til Europa, men dette synet endra seg fleire gonger seinare av politiske årsaker. I folkevandringstida og mellomalderen vart det Bosporos og elva Don i Russland som delte dei to verdsdelane.


Den noverande offisielle grensa vart definert av den svenske offiseren og geografen Philip Johan von Strahlenberg, som føreslo og følgje toppane i Uralfjella, den nedre delen av Emba, kysten av Kaspihavet før grensa passerte gjennom Kuma-Manytsj-fordjupinga, som ligg 300 km nord for Kaukasusfjella. I 1730 vart denne grensa godkjend av den russiske tsaren, og sidan av mange vitskapsfolk. Ut frå denne definisjonen er fjella ein del av Asia, og det høgaste fjellet i Europa er Mont Blanc.


Eit anna mogeleg synspunkt er at grensa mellom Europa og Asia går gjennom sjølve Kaukasusfjella, og då særleg langs vasskiljet mellom nord og sør. Ut frå dette synet ligg Elbrus nord for grensa og er ein del av Europa, og derfor det høgaste fjellet i Europa.


I politiske ordelag vert grensa i dag anten rekna for å gå mellom Russland (Europa) på ei side og Georgia, Armenia og Aserbadsjan (Asia) på den andre, eller langs elvene Kura og Kvirila i Aserbajdsjan og Georgia.



Store fjelltoppar |


Tabellen viser dei høgaste fjelltoppane i Kaukasus. Det finst høgare toppar enn dei som er tatt med her, men desse har ikkje namn.





































































Fjell Høgd (m)
Primærfaktor (m)
Land
Elbrus 5 642 4 741
Russland
Dykh-Tau 5 205 2 002
Russland
Sjkhara 5 201 1 365
Georgia
Kosjtan-Tau 5 152 822
Russland

Jangi-Tau (Janga)
5 059 300
Russland/Georgia
Kazbek 5 047 2 353
Georgia
Pusjkin 5 033 110
Russland/Georgia
Katyn-Tau 4 979 240
Russland/Georgia
Sjota Rustaveli 4 860 ca. 50
Georgia
Tetnuld 4 858 672
Georgia


Klima |




Sommar i Svaneti i Georgia


Klimaet i Kaukasus er svært variert både vertikalt og horisontalt. Den årlege middeltemperaturen ved havnivå i Sukhumi i Abkhasia er 15 °C, medan toppen av Kazbek med ei høgd på 3 700 m har -6,1 °C. Dei nordlege fjellsidene av Store Kauaksus er generelt 3 grader kaldare enn sørsida. Høglandet i Litle Kaukasus i Armenia, Aserbajdsjan, Georgia har store temperaturkontrastar mellom sommar og vinter på grunn av eit meir kontinentalt klima.


Nedbøren aukar generelt frå aust mot vest i dei fleste område, og dei høgareliggande områda får generelt meir nedbør enn dei lågareliggande. Dei nordaustlege områda (Dagestan) og dei sørlege områda av Litle Kaukasus er dei tørraste, og minst nedbør er det i nordaust med om lag 250 mm i året. Dei vestlege delane av Kaukasus får mykje nedbør, og den årlege normalnedbøren varierer frå 1 000 til 4 000 mm, medan austlege og nordlege område (Tsjetsjenia, Ingusjetia, Kabardino-Balkaria, Ossetia, Kakheti, Kartli, osv) har ein normal årsnedbør i området 600 til 1 800 mm. Aller mest nedbør får normalt området rundt fjellet Mtirala som ligg i Meskheti-fjellkjeda i Adsjaria med 4 100 mm. Nedbøren i Litle Kaukasus (sørlege Georgia, Armenia og vestlege Aserbajdsjan), utanom i Meskheti, varierer frå 300 til 800 mm i året.


Kaukasusfjella er kjend for å få mykje snø, men områda som ligg på lesida i forhold til vinden får derimot ikkje dei store mengdene. Dette gjeld særleg for Litle Kaukasus som er noko isolert frå dei fuktige luftmassane som kjem inn frå Svartehavet, og får vesentleg mindre nedbør (i form av snø) enn Store Kaukasus. Det gjennomsnittlege snødekke i Litle Kaukasus varierer frå 10 til 30 cm. Store Kaukasus (og særleg dei sørvestlege fjellsidene) får ofte mykje snø, og snøras er vanleg frå november til april. Snødekke i fleire område (som Svanetia, nord i Abkhasia ) kan verte over 5 meter. Området rundt fjellet Atsjisjkho, som er den mest snørike staden i Kaukasus, får ofte opp i 7 meter snø.



Landskap |




Eit gjel i Tsjetsjenia i Russland


Kaukasusfjella har eit variert landskap, som hovudsakleg endrar seg vertikalt, og etter kor langt dei er frå store vassmassar.
Området inneheld biomar som varierer frå subtropiske lågland med sumpar og skogar til isbrear (vestlege og sentrale delar av Kaukasus) i tillegg til høgland med halvørkenar, stepper og alpine grassletter i sør (hovudsakleg Armenia og Aserbajdsjan).


Dei nordlege fjellsidene i Store Kaukasus er dekte av skogar av eik, agnbøk, lønn og ask i lågare høgder, medan bjørk og furu tar over i høgareliggande område. Nokre av dei lågaste områda er dekte av steppe og grassletter. Dei nordvestlege fjellsidene av Store Kaukasus (Kabardino-Balkaria, Tsjerkessia) har òg granskogar. Tregrensa går på om lag 2 000 m og over her tar det alpine klimaet over. Permafrost og/eller isbrear startar i ei høgd på om lag 2 800 til 3 000 meter. Dei søraustlege fjellsidene av Store Kaukasus er dekte av bøk, eik, lønn, agnbøk og ask, og her er det bøkeskogane som dominerer i høgare område. Dei sørvestlege fjellsidene av Store Kaukasus har skogar av eik, bøk, kastanje, agnbøk og alm i lågare høgder, medan nåletre tar over i høgareliggande område. Tregrensa her går ved om lag 2 800 meter, medan snøgrensa startar på 3 000-3 500 meter.


Dei nordlege og vestlege fjellsidene av Litle Kaukasus har mykje dei same skogane som sørsida av Store Kaukasus. Sørsida av Litle Kaukasus er stort sett dekt av grassletter og stepper opp til ei høgd på 2 500 meter. Vulkanske steinartar og andre steinartar dominerer gjennom heile området. Den vulkanske sonen strekkjer seg over eit stort område frå sørlege delar av Georgia og inn i Armenia og sørvestlege område av Aserbajdsjan. Dei største fjelltoppane her er Aragats, Didi Abuli og Samsari, i tillegg til andre. Området har vulkanske platå, spor av lavastraumar og vulkanske innsjøar. Litle Kaukasus manglar formene ein finn i Store Kaukasus, som er danna av isbrear.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Caucasus Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2007.


  • Small Nations and Great Powers: A Study of Ethnopolitical Conflict in the Caucasus av Svante E. Cornell


Bakgrunnsstoff |



  • Bileter frå NASA Earth Observatory av Kaukasus

  • Kaukasus på peakbagger.com





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029