Big Jim Sullivan
Big Jim Sullivan | |
Fødd | 14. februar 1941 |
---|---|
Fødestad | Uxbridge i Middlesex i England |
Død | 2. oktober 2012 (71 år) |
Dødsstad | Billingshurst i West Sussex i England |
Fødenamn | James George Tomkins |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1958-2012 |
Sjanger | pop |
Instrument | gitar, sitar |
Verka som | Gitarist, arrangør |
Big Jim Sullivan (fødd 14. februar 1941 som James George Tomkins, daud 2. oktober 2012)[1] var ein engelsk musikar, som starta karrieren sin i 1958.
Han er mest kjend som studiomusikar. I 1960-åra og i 1970-åra var han ein av dei mest nytta studiomusikarane i Storbritannia og spelte på kring 800 singlar som gjekk inn på UK Singles Chart i løpet av karrieren, 54 av desse nådde toppen av lista.[1][2]
Innhaldsliste
1 Tidleg liv og karriere
2 Studiomusikar
3 Som sjølvstendig musikar
4 Kjende innspelingar
5 Førsteplassar
6 Album
7 Kjelder
8 Bakgrunnsstoff
Tidleg liv og karriere |
Han var fødd James George Tomkins på Uxbridge Hospital i Middlesex i England, og drog til Woodfield Secondary School i Cranford i Middlesex. 14 år gammal byrja han å spele gitar, og i løpet av to år hadde han blitt profesjonell.[3]
Han kalla seg sjølv Jimmy Sullivan fordi det høyrtes liknande ut som Lonnie Donegan.
Då han var særs ung spelte han i The Clay County Boys, The Soho Skiffle Group, Johnny Duncan's Blue Grass Boys, Vince Taylor & The Playboys, Janice Peters & The Playboys og The Vince Eager Band.
Sullivan gav gitartimar til den nære naboen Ritchie Blackmore.[3]
I 1959 møtte han Marty Wilde og vart invitert med i bandet hans, the Wildcats, som var oppvarmingsnummer for fjernsynsserien Oh, Boy!, produsert av Jack Good. The Wildcats akkompagnerte Eddie Cochran og Gene Vincent på turneen deira i Storbritannia i 1960. Dette var turneen då Cochran døydde.[3] Wilde kjøpte Sullivan ein Gibson Les Paul-gitar, visstnok den første som vart spelt i Storbritannia, som han kjøpte frå Sister Rosetta Tharpe. Han spelte seinare ein kirsebærraud Gibson 345-gitar.[4]
Han vart sologitaristen i Krew Kats, og spelte i 1961 på songane «Trambone», «Samovar», «Peak Hour», «Jack's Good» og «The Bat».
Sullivan, Ritchie Blackmore og Pete Townshend, overtydde Jim Marshall om å lage betre og billigare forsterkara.[5]
Studiomusikar |
Good introduserte Sullivan til studioarbeid. Sullivan vart ein av dei mest ettertrakta gitaristane i 1960- og 1970-åra, delvis fordi han kunne spele så mange musikkstilar. Han vart ofte omtalt som «Big Jim» for å skilje han frå «Little Jim» eller Jimmy Page. Han spelte på kring 800 singlar som gjekk inn på singellista i Storbritannia, og i snitt tre innspelingar per dag. Han spelte på den første plata i Storbitannia som nytta ein wah-wah-effekt - Michael Cox sin «Sweet Little Sixteen» frå 1961 og Dave Berry sin hit «The Crying Game» frå 1964. Han spelte på den første plata i Storbritannia som nytta ein fuzzbox, som han lånte frå studiogitaristen Eric Ford, på P.J. Proby sin «Hold Me» frå 1964.
Tidleg i 1960-åra spelte han på hittar av Billy Fury, Frank Ifield, Adam Faith, Frankie Vaughan, Helen Shapiro, Johnny Hallyday, Freddie and the Dreamers, Cilla Black, Tom Jones, Shirley Bassey, Dusty Springfield og mange fleire.[3] Han spelte gitar på Alexis Korner- og Blues Incorporated-albumet R&B from the Marquee i 1962 og debutalbumet til Georgie Fame, Rhythm & Blues at the Flamingo i 1964. I tillegg til at han spelte på mange britiske album, spelte Sullivan på konsertalbumet til Bobby Darin frå 1966, Something Special, Little Richard sitt Get Down With It: The OKeh Sessions frå 1966 og Del Shannon-albumet Home and Away i 1967. Han var òg fast gitarist på Top of the Pops, Ready Steady Go! og Saturday Club.[treng kjelde]
Seinare i 1960- og 1970-åra heldt Sullivan fram å spele på mange hittar, som dei av The Walker Brothers, Donovan, David Bowie, Benny Hill, The New Seekers, Thunderclap Newman, Love Affair, Long John Baldry, Marmalade, Small Faces, The Tremeloes og Rolf Harris.[6] I 1968 spelte han på George Harrison sitt Wonderwall. Han leia og spelte på debutalbumet til Amazing Blondel i 1969, og spelte same året på albumet Sound of Sunforest, der overturen vart nytta i filmen A Clockwork Orange. I 1971 spelte han i Jean-Claude Vannier Orchestra for Serge Gainsbourg sitt Histoire de Melody Nelson, og spelte på Frank Zappa sitt 200 Motels. I 1972 laga han arrangementa for orkesterversjonen av The Who sitt Tommy i 1972.
Som sjølvstendig musikar |
I 1969 vart Sullivan med i bandet til Tom Jones og det var då Jones var i Las Vegas at han møtte og vart vener med Elvis Presley.
Han gav ut instrumentalalbumet Sullivan Plays O'Sullivan (1971) og var med i fjernsynsserien Bay City Rollers-serien Shang A Lang.
I 1960-åra lærte Sullivan å spele sitar av Vilayat Khan og gav ut to album med sitarmusikk under sitt eige namn (Sitar Beat (1967) og Lord Sitar (1968)). Han speler òg sitar på ei musikalsk tolking av Kama Sutra. Sullivan praktiserte sitar med George Harrison.
I 1974 slo Sullivan seg med plateprodusenten Derek Lawrence, og danna plateselskapet Retreat Records. Her gav han ut albumet Big Jim's Back (1975). Han fronta eit band kalla Tiger, i lag med vokalisten Nicky Moore, og gav ut tre album med dette namnet før gruppa vart oppløyst i 1976.
Retreat Records produserte forskjellige artistar, som Labi Siffre, Chas & Dave og McGuinness Flint. Sullivan produserte og arrangerte Siffre sin «I Got The ..»., som vart sampla av Eminem. Lawrence og Sullivan reiste til USA i denne perioden for å produsere glam-metalbandet Angel.[4]
I 1978 vart han ein del av James Last Orchestra dei neste ni åra og turnerte òg med Olivia Newton-John etter suksessen hennar med Grease. I 1987 byrja han å skrive musikk for filmar og reklamar. Seinare turnerte Sullivan og gitaristen Doug Pruden som BJS Duo, og han spelte i Big Jim Sullivan Band med Duncan McKenzie, Malcolm Mortimore og Pete Shaw.
Kjende innspelingar |
Sullivan spelte gitar på dei følgjande songane:
- 1959 Marty Wilde - «Bad Boy»
- 1961 KrewKats - «Trambone» «Samovar» «Peak Hour» «Jack's Good» «The Bat"
- 1961 Michael Cox - «Sweet Little Sixteen»
- 1962 John Barry - «James Bond Theme» (Vic Flick spelte sologitar, men Sullivan spelte på plata)
- 1962 Tony Hatch - «Out of This World»
- 1963 Brian Poole and the Tremeloes - «Twist and Shout»
- 1963 Bern Elliott and the Fenmen - «Money (That's What I Want)»
- 1964 P.J. Proby - «Hold Me» og «Together»
- 1964 Dave Berry - «The Crying Game»
- 1964 Freddie and the Dreamers - «I Love You Baby»
- 1964 Simon Scott - «Move It Baby»
- 1964 Francoise Hardy - «Je N'attends Plus Personne»
- 1964 Brian Poole and the Tremeloes - «Candy Man»
- 1965 Gerry & The Pacemakers - «Ferry Cross the Mersey»
- 1965 Donovan - «Catch the Wind» og «Colours» (ikkje dei originale singlane)
- 1965 Eddy Mitchell - «(I Can't Get No) Satisfaction» med Jimmy Page
- 1966 Joe Loss - «A Shot in the Dark» (av Henry Mancini)
- 1967 The Small Faces - «Itchycoo Park»
- 1967 Clinton Ford - «El Paso»
- 1967 The Truth - «Walk Away Renee»
- 1968 Johnny Hallyday - «A Tout Casser»
- 1968 Anita Harris - «Dream A Little Dream Of Me»
- 1971 Serge Gainsbourg - Histoire de Melody Nelson
- 1971 Cliff Richard - «Silvery Rain»
- 1972 Julie Felix - «Clotho's Web»
- 1972 Gilbert O'Sullivan - «Alone Again (Naturally)»
- 1972 Tom Jones - «The Young New Mexican Puppeteer»
- 1974 Alvin Stardust - «Jealous Mind» og «Guitar Star»
- 1977 The Walker Brothers - «Shutout» (frå albumet Nite Flights)
Førsteplassar |
- 1961 Petula Clark - «Sailor»
- 1961 Eden Kane - «Well I Ask You»
- 1961 Danny Williams - «Moon River»
- 1961 Frankie Vaughan - «Tower of Strength»
- 1962 Mike Sarne - «Come Outside»
- 1962 Frank Ifield - «I Remember You»
- 1962 Frank Ifield - «Lovesick Blues»
- 1963 Jet Harris and Tony Meehan - «Diamonds»
- 1963 Frank Ifield - «Wayward Wind»
- 1963 Frank Ifield - «Confessin'»
- 1963 Brian Poole and the Tremeloes - «Do You Love Me»
- 1964 The Bachelors - «Diane»
- 1964 Cilla Black - «Anyone Who Had a Heart»
- 1964 Peter & Gordon - «A World Without Love»
- 1964 The Four Pennies - «Juliet»
- 1964 Cilla Black - «You're My World»
- 1964 Georgie Fame - «Yeh Yeh»
- 1965 The Seekers - «I'll Never Find Another You»
- 1965 Tom Jones - «It's Not Unusual» (ikkje førstegitaren)
- 1965 Jackie Trent - «Where Are You Now (My Love)»
- 1965 Sandie Shaw - «Long Live Love»
- 1965 The Walker Brothers - «Make It Easy On Yourself»
- 1965 Ken Dodd - «Tears»
- 1965 The Seekers - «The Carnival Is Over»
- 1966 The Overlanders - «Michelle»
- 1966 The Walker Brothers - «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore»
- 1966 Dusty Springfield - «You Don't Have to Say You Love Me»
- 1966 Chris Farlowe - «Out of Time»
- 1966 Tom Jones - «Green, Green Grass of Home»
- 1967 Engelbert Humperdinck - «Release Me»[7]
- 1967 Sandie Shaw - «Puppet on a String»
- 1967 The Tremeloes - «Silence Is Golden»
- 1967 Engelbert Humperdinck - «The Last Waltz»
- 1967 Long John Baldry - «Let The Heartaches Begin»
- 1968 Love Affair - «Everlasting Love»
- 1968 Esther and Abi Ofarim - «Cinderella Rockafella»
- 1968 Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick and Tich - «The Legend of Xanadu»
- 1968 Des O'Connor - «I Pretend»
- 1968 The Scaffold - «Lily The Pink»
- 1968 Marmalade - «Ob-La-Di, Ob-La-Da»
- 1969 Peter Sarstedt - «Where Do You Go To (My Lovely)?»
- 1969 Thunderclap Newman - «Something in the Air»
- 1969 Jane Birkin og Serge Gainsbourg - «Je t'aime... moi non plus»
- 1969 Rolf Harris - «Two Little Boys»
- 1970 Dana - «All Kinds of Everything»
- 1971 Middle of the Road - «Chirpy Chirpy Cheep Cheep»
- 1971 Benny Hill - «Ernie (The Fastest Milkman in the West)»
- 1971 New Seekers - «I'd Like to Teach the World to Sing»
- 1972 Gilbert O'Sullivan - «Clair»
- 1973 Gilbert O'Sullivan - «Get Down»
- 1973 Peters and Lee - «Welcome Home»
- 1973 New Seekers - «You Won't Find Another Fool Like Me»
- 1974 Alvin Stardust - «Jealous Mind»
- 1975 Pilot - «January»
Album |
- 1964 - Big Jim Sullivan (Charles Blackwell and Jimmy Sullivan) - Classics With A Beat
- 1965 - Big Jim Sullivan (Charles Blackwell and Jimmy Sullivan) - Folklore With A Beat
- 1967 - M Kansara (aka Big Jim Sullivan) De Wolfe Records DWLP3060 - - Sounds of India
- 1968 - Big Jim Sullivan & Barry Morgan - The Perfumed Garden
- 1968 - Big Jim Sullivan - Sitar Beat
- 1969 - Big Jim Sullivan - Lord Sitar
- 1973 - Big Jim Sullivan - Sullivan Plays O'Sullivan
- 1974 - Big Jim Sullivan - Big Jim's Back
- 1975 - Tiger - Tiger
- 1976 - Tiger - Goin' Down Laughing
- 1977/1983 - Tiger - Test Of Time
- 1992 - Jim Sullivan - Forbidden Zones - Guitar Tutoring
- 1994 - Tiger - Test Of Time
- 1998 - Big Jim Sullivan - Big Jim's Back/Tiger
- 2001 - Big Jim Sullivan - Mr Rock Guitar (aka Ultimate Rock Guitar)
- 2003 - BJS Duo - Hayley's Eyes
- 2003 - Big Jim Sullivan - Rockin' Rebels
- 2004 - The Big Jim Sullivan Trio - Jazz Cafe
- 2005 - The Big Jim Sullivan Band - Live At Coolham
- 2006 - Big Jim Sullivan - Guitar Maestros
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Big Jim Sullivan» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1 «Prolific Session gitarist Big Jim Sullivan Dies». www.sonicstate.com. Henta 5. juni 2014.
↑ Big Jim Sullivan obituary, London Daily Telelgraph, 5. juni 2014
↑ 3,03,13,23,3 BBC News, gitarist Big Jim Sullivan dies, 5. juni 2014. Henta 5. juni 2014
↑ 4,04,1 Dave Laing (5. juni 2014). «Big Jim Sullivan obituary | Music». London: The Guardian. Henta 5. juni 2014.
↑ Jim Marshall Interview
↑ Ultimategitar.com, Session Guru Big Jim Sullivan Dead At 71. Henta 5. juni 2014
↑ Engelbert.
Bakgrunnsstoff |
IMDb om Big Jim Sullivan
- Innspelingar med Sullivan
- http://www.allmusic.com/artist/p20841/biography
|