Treklang
Ein treklang er i musikken ein akkord som består av grunntone, ters og kvint. Ein skil mellom durtreklang, molltreklang, forminska treklang og forstørra treklang.
Omgrepet treklang kan òg nyttast om ein kombinasjon av tre stemmer eller ein fargepallett som består av tre fargar som passar saman.
De fire ulike treklangane i musikk er skildra i tabellen under.
Treklang | Består av | Døme | Symbol | |
---|---|---|---|---|
Durtreklang | Stor ters | Kvint | C-E-G | C, CM, Cma, Cmaj |
Molltreklang | Liten ters | Kvint | C-E♭-G | Cm, C-, c, Cmi, Cmin |
Forstørra treklang | Stor ters | Forstørra kvint | C-E-G♯ | C+, C+, Caug |
Forminska treklang | Liten ters | Forminska kvint | C-E♭-G♭ | Cm(♭5), C-(♭5) |
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Treklang» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2016.