Svart

sRGBB (r, g, b)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Svart er fargen me får når nær alt synleg lys vert absorbert, i motsetnad til kvit, som ein får når alt synleg lys vert reflektert. Sjølv om svart vert nemnd som ein farge i daglegtala er han difor verkeleg fråvera av fargar.
Mange språk, til og med norrønt, skil ikkje mellom blå og svart, og brukar ordet «blå» for å skildra fargen svart. Tennene åt Harald Blåtann, til dømes, var truleg svarte og ikkje blå. I norrønt vart òg mørkhuda personar omtala som blåmenn. På den same måten er hinduguden Krisjna, som truleg var mørkhuda, ofte teikna med blå hud fordi han er skildra slik i gamle dikt.

|