Imperialisme







Cecil Rhodes skrid over Afrika i ein karikaturteikning frå Punch. Han ville «farga kartet britisk raudt», og hadde mange interesser i koloniseringa av Afrika.


Imperialisme er ei nemning vanlegvis bruka om eit lands politikk for dominans over og/eller økonomisk utnytting av andre land eller territorier. Dette kan skje direkte gjennom territorial erobring eller indirekte gjennom politisk og/eller økonomisk kontroll. Imperialisme er ofte brukt som nemning på ein politikk for å opprette koloniar og for å dominere andre land - også land i andre verdsdelar enn heimlandet. Det britiske imperiet bestod av koloniar i alle verdsdelar, derfor sa dei «The sun never sets on the British Empire». Mange andre europeiske land var også kolonimakter.


Ein tidleg imperialisme og opphavet til nemninga var Romarriket, det romerske imperiet, i antikken.


Etter at dei formelle koloniane blei sjølvstendige, ofte etter blodige krigar der kolonimaktene brukte alle middel for å slå ned dei nasjonale oppstandane, er nykolonialisme den typiske forma for imperialisme.


Nykolonialisme inneber at land er formelt sjølvstendige, men reelt dominerte både politisk og økonomisk. Dette har til dømes lenge kjenneteikna forholdet mellom USA og mange land i Latin-Amerika. At desse landa har vore formelt sjølvstendige, har ikkje hindra både indirekte og svært direkte USA-amerikansk intervensjonisme. Det er frå somme hald hevda at kapitalistisk globalisering på mange måtar er eit framhald av nykolonialismen. Det er også stilt spørsmål om angrepskrigen mot og okkupasjonen av oljelandet Irak kan sjåast i ein slik samanheng.


Imperialisme er også nemninga på det synet som går på at europeiske land har ein siviliserande misjon overfor land i andre verdsdelar.


I nyare tid har det også vore forsøk på å kritisere ein meir kulturell form for imperialisme, og då først og fremst den globale spreiinga av amerikansk kultur.


I marxistisk teori blir gjerne imperialisme knytt til Lenins påstand om at imperialismen er «kapitalismens høgaste stadium». Imperialismen blir, ut frå denne teorien, drive fram av monopoliseringa av kapitalen i heimlandet som fører til auka konkurranse om ressursar og marknader verda over.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum