Vest-Agder fylke


































































Vest-Agder fylke

fylke





fylkesvåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg


Adm.senter

Kristiansand

Areal
7 276 km²
 - land
6 706 km²
 - vatn
570 km²

Folketal
186 532 (1. januar 2018)
Folketettleik

28 / km²



Målform
nøytral

Fylkesmann

Ann-Kristin Olsen

Fylkesordførar

Terje Damman (H)


Fylkesnummer
10




Norway Counties Vest-Agder Position.svg




Wikimedia Commons: Vest-Agder

Nettstad: www.vaf.no


Vest-Agder er eit fylke i Noreg. Fylket er det sørlegaste i landet og grensar til Rogaland i vest, til Aust-Agder i nord og aust og til Skagerrak i sør. Det omfattar kyststrekninga frå Kvåsefjorden aust for Kristiansand til Åna-Sira, den nedre delen av dalføret til Otra og dei nord–sørgåande dalane Mandalen, Audnedalen, Lyngdalen, Kvinesdalen og Sirdalen med omliggjande skogs-, hei- og fjellområde. I Vest-Agder ligg Noregs sørlegaste punkt, øya Pysen, søraust for Mandal. Lindesnes er det sørlegaste punktet på fastlandet.


Vest-Agder blei oppretta som fylke i 1685 då Agdesiden amt blei delt i Nedenes amt (nåverande Aust-Agder fylke) og Lister og Mandals amt (nåverande Vest-Agder fylke). Fylket fekk sitt nåverande namn i 1919. Administrasjonen i fylkeskommunen har hovudsete i Kristiansand.


Fylkesvåpenet til Vest-Agder er på grøn botn ei gull eik. Motivet er valt sidan eika var eit viktig råmateriale for eksport i Vest-Agder i tidlegare tider. Våpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon 12. desember 1958 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Fylkesblomen til Vest-Agder er sommareik og fylkessteinen er farsunditt.




Innhaldsliste






  • 1 Samferdsel


  • 2 Klima


  • 3 Kommunar


  • 4 Kjende personar frå Vest-Agder


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Referansar




  • 6 Bakgrunnsstoff





Samferdsel |


Sørlandsbanen går aust–vest gjennom fylket eit stykke innanfor kysten. Dei mange nord–sørgåande dalane har gjort det naudsynt med ei rekke lange tunnelar på Sørlandsbanen mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna landets 4. og 5. lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen (9065 m) og Hægebostadtunnelen (8474 m). E 18/E 39 (E 18 aust for Kristiansand) går gjennom fylket like innanfor kysten. Vegen passerer alle dei viktigaste tettstadene unnateke Farsund og Vennesla. I nord går Fylkesveg 42 (Arendal–Egersund) gjennom fylket, på tvers av dei nord-sørgåande dalføra. I fleire av desse dalane går riksvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda, mellom anna Setesdalsvegen (Riksveg 9, Kristiansand–Haukeligrend) nordover frå Kristiansand og Fylkesveg 43 nordover frå Farsund og Lyngdal. Vest-Agder hadde i 2005 3911 km offentlege vegar, 4,2 % av landets vegnett. Kristiansand har ferjesamband til Danmark. Kjevik flyplass ved Kristiansand har i tillegg til ei rekke innanlandske samband også internasjonal trafikk. Flyplassen på Lista har berre charter- og godstrafikk.



Klima |


Fylket ligg delvis på kvar si side av det store vasskiljet i Sør-Noreg, og har område som er utsett for vestavinden, men òg område som er verna mot aust. Den rådande vinden er austleg om vinteren, og vest til nordvest om sommaren. Kyststrekninga ved Lindesnes og Lista har forholdsvis ofte kuling, sjølv om sommaren.


Februar er den kaldaste månaden av året og ved kysten har ein då ein middeltemperatur på litt over 0 °C, medan det er vanleg med –3 til –5 °C i innlandet. Juli og august har middeltemperaturar på 15–16 °C i lågareliggande strøk heile fylket.


Ytre strøk av Vest-Agder har ein årsnedbør på kring 1000 mm, men lengst aust kjem det mindre enn dette. Mest nedbør kjem det eit stykke frå kysten i ei sone som får 1500-2000 mm. Dei indre dalstrøka får igjen mindre nedbør enn dette. Somme vintrar kan det falle store snømengder i austlege område i austavinden, medan det blir lite snø vest for Lindesnes.


Vennesla har noregsrekorden for snøfall på 24 timar. Den 4. februar 1960 fall det heile 131,8 mm snø, og snødjupna auka frå 15 til 52 cm. Same døgn fekk Mestad i Oddernes 128,7 mm nedbør og her auka snødjupna med 77 cm, frå 19 til 96 cm. Indre og høgare strøk kan få mykje snø i byevêr frå vest til nordvest.


Heiene har ein del tåke, særleg på hausten, medan kysten har mest tåke om våren.



Kommunar |





























































































































































Nr.
Namn
Adm.senter
Folkemengd
Flatevidd km²
Målform
Distrikt
1001

Kristiansand kommune Kristiansand

Kristiansand

000000000091440.000000000091 440

000000000000276.0000000000276
bokmål
Kristiansandregionen
1002

Mandal kommune Mandal

Mandal

000000000015659.000000000015 659

000000000000222.0000000000222
bokmål
Lindesnesregionen
1003

Farsund kommune Farsund

Farsund

000000000009726.00000000009 726

000000000000262.0000000000262
bokmål
Listeregionen
1004

Flekkefjord kommune Flekkefjord

Flekkefjord

000000000009066.00000000009 066

000000000000543.0000000000543
bokmål
Listeregionen
1014

Vennesla kommune Vennesla

Vennesla

000000000003480.00000000003 480

000000000000384.0000000000384
nøytral
Kristiansandregionen
1017

Songdalen kommune Songdalen

Nodeland

000000000006656.00000000006 656

000000000000216.0000000000216
nøytral
Kristiansandregionen
1018

Søgne kommune Søgne

Tangvall

000000000011342.000000000011 342

000000000000151.0000000000151
bokmål
Kristiansandregionen
1021

Marnardal kommune Marnardal

Heddeland

000000000002308.00000000002 308

000000000000395.0000000000395
nøytral
Lindesnesregionen
1026

Åseral kommune Åseral

Kyrkjebygd

000000000000943.0000000000943

000000000000888.0000000000888
nynorsk
Lindesnesregionen
1027

Audnedal kommune Audnedal

Konsmo

000000000001786.00000000001 786

000000000000251.0000000000251
nøytral
Lindesnesregionen
1029

Lindesnes kommune Lindesnes

Vigeland

000000000004938.00000000004 938

000000000000317.0000000000317
Bokmål
Lindesnesregionen
1032

Lyngdal kommune Lyngdal

Aleen

000000000008571.00000000008 571

000000000000391.0000000000391
bokmål
Listeregionen
1034

Hægebostad kommune Hægebostad

Tingvatn

000000000001699.00000000001 699

000000000000462.0000000000462
nøytral
Listeregionen
1037

Kvinesdal kommune Kvinesdal

Liknes

000000000006024.00000000006 024

000000000000963.0000000000963
nøytral
Listeregionen
1046

Sirdal kommune Sirdal

Tonstad

000000000001842.00000000001 842

000000000001555.00000000001 555
nøytral
Listeregionen

Totalt

Vest-AgderVest-Agder

Kristiansand

000000000186532.0000000000186 532

000000000007276.00000000007 276
nøytral

Vest-Agder


Kjende personar frå Vest-Agder |


  • Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg


Kjelder |




  • Om Vest-Agder - Vest-Agder fylkeskommune Vitja 4. august 2010




  • «Vest-Agder» i Store norske leksikon, snl.no.




  • «Vest-Agder – klima» i Store norske leksikon, snl.no.



Referansar |





Bakgrunnsstoff |



  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Fylkesmannnen i Vest-Agder

  • Kulturnett Vest-Agder


  • Vest-Agder-museet - Samskipnad av sju kulturhistoriske museum i Vest-Agder



















Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum