Drakme






Ein Drakme


Drakme (fleirtal drakmar; gresk δραχμή, pl. δραχμές) er:



  1. Tidlegare valuta i Hellas som vart bytt ut med euroen og

  2. Gamal mynteining som vart brukt i Hellas før Alexander den Store



6 obolar = 1 drakme

100 drakmar = 1 mina

6000 drakmar = 1 talent (athensk standard)


Ordet drakme kjem frå verbet drassomai (δρασσομαι), som tyder å gripe. Den opphavlege tydinga kan difor truleg best verte sett om som ei handfull. Dette utvikla seg til ei fast eining, opphavleg seks jernstenger av spesifikk lengd og tjukn. Talet vart teke vare på i inndelinga av drakmen i 6 obolar. Som mynteining rekna ein sølvverdien av dette, ca. 4,5 til ca. 6 gram sølv, eller tilsvarande verdi i anna metall. Den oftast brukte mynten var tetradrakmen, det vil seie fire drakmar (ca. 18 til ca. 24 gram sølv). Det er ikkje mogleg å samanlikne verdien direkte med moderne valutaer, men det kan nemnast at i 1. hundreåret f.Kr. var dagsløna for ein kroppsarbeidar om lag 1 drakme.


Den moderne mynteininga vart innførd etter at Hellas vart uavhengig i 1829. Han var delt i 100 lepta; på grunn av kraftig inflasjon etter andre verdskrigen og den påfølgjande borgarkrigen fall lepta-myntane etterkvart ut av bruk.


Då Hellas knytte valutaen sin til euroen 1. januar 2001 var kursen fastsett til 340,75 drakmar for 1 euro. Drakmemyntar og -setlar vart framleis brukte inntil nye euromyntar og -setlar vart innførde 1. januar 2002. Drakmen var på det tidspunktet den eldste mynteininga som var i bruk, men ikkje den eldste som har vore i kontinuerleg bruk.







Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum