Y

Multi tool use
Alfabetet | |||||
A |
B |
C |
D |
E |
|
F |
G |
H |
I |
J |
|
K |
L |
M |
N |
O |
|
P |
Q |
R |
S |
T |
|
U |
V |
W |
X |
Y |
|
Z |
Æ |
Ø |
Å |
Y (y) er den 25. bokstaven i det latinske alfabetet og den 20. bokstaven i det greske alfabetet (Υ, υ). Grekarane har mogelegeins teke teiknet opp frå ei eldre stavingsskrift som var i bruk på Kypros. I gresk var lydverdien til bokstaven opphavleg u, seinare y. Etruskarane, og frå dei romarane, tok opp bokstaven som V (sjå U og V). Under Augustus vart rettskrivinga på latin endra til y. I seingresk tid vart både υ og οι uttalt i. For å vise til at lyden skulle skrivast υ, ikkje οι, sa ein at ein skulle skrive «y psilon», «berre y»; derav namnet.
Y er i norsk ein trong, fremre, runda vokal. På engelsk er bokstaven dels teikn for i (system), dels for ai (spy) og dels for j (year). På fransk er bokstaven teikn for i og på tysk dels for y, dels for i (i opphavlege tyske ord vert ü nytta).
Y kan tyde |
kjemisk symbol for grunnstoffet yttrium.- symbol for SI-prefikset yotta, lik 1024.
- y er symbol for SI-prefikset yokto, lik 10-24.
- den andre ukjende verdien i ei matematisk likning med to eller fleire ukjende, eller verdien for andreaksen i eit koordinatsystem
- namnet på det eine kjønnskromosomet
- symbolet for tyrosin i ei polypeptidlenkje
- ein del av eit asteroidenummer som syner at lekamen blei oppdaga mellom den 16. og den 31. desember
Y som namn |
- Y er ein kommune i Matanuska-Susitna Borough i Alaska
- Y (uttala «i») er ein fransk kommune i departementet Somme i Picardie. Innbyggjarane i kommunen heiter ypsilonarar, etter det franske namnet for bokstaven y.
- vert nytta mellom faren og mora sitt etternamn i spanske familienamn, til dømes Ortega y Gasset.
Kjelder |
«Y – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.
qtNksGI fNi1IdiOA3fho ot,bVjngjaKeprAAbTpjhCrin5FoX2dkc0CdiQcXpG