400-talet






Dei danske Gallehus-horna, gullhorn med den eldste kjende runeinnskrifta frå Danmark, er frå 400-talet. Fotografiet syner moderne kopiar gjort etter gamle teikningar, for originalane vart stolne og smelta om.


< 400-talet > var prega av folkevandring og barbarinvasjonar i fleire større rike i Afrika, Asia og Europa. Dette var hundreåret då Vestromarriket braut saman, medan det indiske Guptariket blei alvorleg svekka. Skandinavia såg mange småkrigar, og bygdeborger blei brukte. Dette hundreåret var del av jernalderen i mange område i Afrika, Asia og Europa.




Innhaldsliste






  • 1 Verda


    • 1.1 Amerika


    • 1.2 Afrika


    • 1.3 Asia


    • 1.4 Aust-Asia


    • 1.5 Søraust-Asia


    • 1.6 Sør-Asia




  • 2 Europa


    • 2.1 Skandinavia




  • 3 Oseania


  • 4 Viktige namn


  • 5 Oppfinningar, oppdagingar og nybrott


  • 6 Kulturelle framstillingar


  • 7 Kjelder





Verda |



Amerika |


Marajoarakulturen tok til på øya Marajó ved utløpet av Amazonaselva. Kulturen blei eit av dei første mektige fyrstedøma i Amazonas mellom 400 og 1300.


Aztekarbyen Teotihuacán hadde rundt 250 000 innbyggjarar i 400, og var under intensiv utbygging.


Nazcakulturen i noverande Peru blomstra rundt 450.



Afrika |


Dei første byane voks fram sør for Sahara. Djenné-Djenno i noverande Mali voks til eit handelssenter i regionen. Ein eksporterte matvarer (fisk og korn) og importerte varer som jernmalm og møllesteinar frå nye byar langs den sørlege utkanten av Saharaørkenen. Jernalderfolk busette seg mellom Zambezi og Limpopofloden i dette eller det neste hundreåret. Dei utvikla seinare den utbreidde Zimbabwekulturen.


Kongerika Benin, Ghana, Ife, Mali og Songhai fanst i Vest-Afrika.



  • Rundt 450 var høgdepunktet for kongeriket Aksum.

  • 415: Kristne fanatikarar torturerte filosofen Hypatia til døde i Alexandria.

  • 426: Kyrkjefaren Augustin av Hippo gjorde ferdig hovudverket sitt, De civitate Dei.

  • 429: Vandalane gjekk inn i Nord-Afrika.

  • 430 Augustin døydde medan vandalane kringsette Hippo.

  • 439/440: Vandalar hærtok Karthago.

  • 442: Vandalarkongen Geiseik underskreiv ei fredsavtale med Valentinian III av Romarriket om retten til Nord-Afrika.

  • 454: Aksum stødde opp under den monofysittiske, koptiske patriarken av Alexandria

  • 477: Hunerik, den arianske vandalkongen, forfølgde katolikkar.

  • 489: Nestorianarane blei fordrivne frå Egypt og slo seg ned i Sassanideriket.

  • Ca. 500: Bantufolket nådde fram til Sørafrika med tamfe og jarn.

  • Afrikanske og indonesiske nybyggjarar nådde fram til Madagaskar



Asia |


Tyrkiske folk (T'u-kiue) budde i i Altaifjella.


Avarkongedømet (Ruanruan), som strekte seg frå Korea til Irkutsk, blei oppretta.



Aust-Asia |


Høgdepunkt for kongedømmet Koguryo (Korea) under herskarane Kwanggaet'o Wang den store og sonen hans, Changsu Wang. Sillakulturen la etter seg kongegraver i Korea.


Kongeriket Yamato i Japan. Yamatoklanen rådde for Nara-området midt på Honshu og breidde seg søretter og ut mot kysten av Japanhavet. Japan gjekk inn i historisk tid då kinesiske skriftteikn blei tekne i bruk. Samstundes blei Japan opprika av innslag frå kinesisk sivilisasjon gjennom kontakt med Korea. Den opphavlege oppdelinga i talrike fyrstedøme meinka med tida, og ein guddommeleg keisar fekk makta (tennô) ca. 520. Det første shintotempelet blei oppført i Japan i 478.


Etter tradisjonen kom brahminen Kaundiya til Funan sør i Vietnam. Etter å ha vunne over dottera av ein slangekonge (nâga) hjelpt av ein fortrolla boge, tok han henne til kone og blei teken til konge av folket. Han endra på lovene, så dei følgde indiske føresegner.


Frå 420 var Kina delt i ein nordleg (Det nordlege Wei-dynastiet) og ein sørleg del (420-479: Liu Song-dynastiet og etter 479: det sørlege Qi-dynastiet).



  • 439: Nordlege Wei dominerte Nord-Kina fram til 543.

  • 439: Keisar Toba Dao sameinte Nord-Kina.

  • 449: Toba Dao sette i gang forfølging av buddhistar.

  • 450: «Dei kvite hunarane» gjekk til åtak på sassanideriket.

  • 452: Keisar Toba Hsün, som etterfølgde Toba Dao, oppgav forfølginga av buddhistar i Nord-Kina.

  • 477: Hærføraren Lin Yu blei den første Song-keisaren i det sørlege dynastiet. Buddhisme blei statsreligion i Kina.

  • 479: Qi-dynastiet overtok makta i Sør-Kina.

  • 488: Kvite hunarar sigra over kongen av sassanideriket og drap han, men riket heldt seg framleis.



Søraust-Asia |


Buddhismen nådde Burma og Indonesia. Det oppstod to politiske einingar dagens Indonesia. Dei sjøfarande kongedøma handla langs kysten av Sumatra, nordsida av Java, Borneo og Sulawesi. Kongedømer i aust og det indre av Java dreiv med risdyrking og hadde kulturell med India, som gav dei skrivekunst, hinduisme og buddhisme derfrå.



Sør-Asia |


Guptariket i Nord-India blei frå midten av hundreåret sterkt truga av «huna» (hunarar?), som pressa på frå nord.
I 480 gjekk kvite hunarar frå Transoxiania inn i Guptariket.


Romafolk vandra nordover, ut av India. Nestorianismen kom til India


Tolkappiyam, ei tamilsk avhandling om grammatikk på vers, blei skriven.



  • 420: Kalidasa fullførte skodespelet sitt om Sjakuntala.

  • 440: Eit senter for buddhistisk lærdom blei grunnlagd ved Nalanda.

  • 477: Tronraneren Kasyapa bygde sitt festningspalass på Sigiriya-klippa på Sri Lanka.



Europa |


Isen nådde si største utbreiing i perioden mellom 400 og 750, om ein måler ut frå Fernaugletsjeren i Tyrol.


Det økonomiske og politiske tyngdepunktet i Romarriket flytta seg mot aust, og Vestromarriket gjekk etter kvart under.


Folkevandringstida (400-600) eller eldre jernalder i dei germanske landa. Rundt 440 slo dei første angelsaksiske nybyggarane seg ned i Storbritannia, bedne av Vortigern. Skottar flytta frå Irland til Skottland, der dei grunnla kongeriket Dalriada (Argyll). Irland blei delt inn i sju kongerike under ein storkonge, Ard Ri.



  • 402: Visigotarane blei fordrivne frå Italia av hærføraren Stilicho, og keisarhoffet blei lagt til Ravenna.

  • 404: Kyrkjefaren Hieronymus fullførte den normsetjande latinske omsetjinga av Bibelen, «Vulgata».

  • 406: Vandalar, svebarar og alanar kryssa Rhinen og trengde inn i Gallia.

  • 410: Visigotarane under Alarik plyndra Rom.

  • 435: Universitetet i Konstantinopel blei grunnlagd.

  • 440: Leo blei biskop av Rom og dermed den første reelle paven.

  • 452: Hunarkongen Attila erobra store delar av Europa.

  • 455: Rom blei plyndra av vandalar under Geiserik.

  • 474: Rom anerkjende vandalriket i Nord-Afrika/

  • 475: Visigotarane fekk lovleg rett til Akvitania og Spania. Den vestgotiske kongen Eurik fekk nedskrive dei vestgotiske lovane i Codex Euricianus.

  • 476: Vestromarriket blei avvikla då Odoaker avsette den siste keisaren, Romulus Augustulus.

  • 486: Frankarkongen Klodvig I erobra størsteparten av Nordgallia.

  • 491: Den armenske kyrkja lausreiv seg frå Rom og Konstantinopel.



Skandinavia |




Rekonstruert hus frå skandinavisk jernalder slik det kan ha sett ut på 400-talet.


Dyreornamentikk dukka opp som stilart, og ein tok i bruk brakteatar, ein type gullsmykke med bilete som truleg hadde med mytologi og kult å gjere. Gallehus-horna har den eldste danske runeinnskrifta.


Det blei bygd byar og festningar på Gotland, Öland og Bornholm. Dei første runesteinane blei reist på Gotland.



Oseania |


Polynesarar nådde Tahiti, Selskapsøyane, Påskeøya og Hawaii.



Viktige namn |




  • Alarik I, konge over vestgotarane då dei plyndra Roma


  • Attila, mektig hunarkonge


  • Augustin av Hippo, biskop og kyrkjefader


  • Benedikt av Nursia, munk, grunnla benediktinarordenen


  • Bahram VI av Persarriket (Bahram-e Goor, 'Bahram Villeselet'), persisk konge av sassanidedynastiet


  • Bodhidharma, munk, grunnla zenbuddhismen


  • Boëthius, kristen filosof (480-524)


  • Flavius Magnus Aurelius Cassiodorus, romersk forfattar (490-583)


  • Cyril av Alexandria, patriark ab Alexandria og Konstantinopel


  • Faxian, kinesisk buddhistmunk


  • Flavius Aëtius, stathaldar, general, den siste av dei store romerske generalane


  • Hawaiiloa, oppdaga og koloniserte Hawaii


  • Hieronymus, einebuar, prest og bibelomsetjar


  • Huiyuan, kinesisk buddhist


  • Hypatia av Alexandria, kvinneleg filosof


  • Johannes Chrysostomos, patriark av Konstantinopel


  • Kalidasa, indisk diktar

  • Pave Leo I


  • Den heilage Mesrob, armensk munk


  • Niall Noigiallach, grunnla eit av dei største irske dynastia


  • Den heilage Patrick, munk, omvendte irane til kristendommen (389-461)


  • Pelagius, kristen kjettar (360-420)


  • Procopius, byzantinsk historikar (490-562)


  • Socrates Scholasticos, byzantinsk kyrkjehistorikar


  • Theoderik den store, konge av austgotarane


  • Vyasa, indisk diktar


  • Yazdgerd I av Persarriket, persisk konge (399-420) av sassanidedynastiet



Oppfinningar, oppdagingar og nybrott |




  • Stigbøyelen oppfunnen i Kina

  • Ein tyngre plogtype blei teken i bruk i dei slaviske folkelanda


  • Hestesko av jarn var nytta i Gallia

  • Det angelsaksiske runealfabetet blei nytta i England



Kulturelle framstillingar |




  • Beowulf-kvadet, som blei skrive ned på 700-talet, har rota i hendingar som gjekk føre seg på 400- og 500-talet.


  • Soga om volsungane, som først blei skriven ned rundt år 1200, bygger på munnleg overlevering om tilhøva ved Worms på 400-talet.



<<   400-talet   >>

<< 400 | 401 | 402 | 403 | 404 | 405 | 406 | 407 | 408 | 409 | 410 | 411 | 412 | 413 | 414 | 415 | 416 | 417 | 418 | 419 | 420 | 421 | 422 | 423 | 424 | 425 | 426 | 427 | 428 | 429 | 430 | 431 | 432 | 433 | 434 | 435 | 436 | 437 | 438 | 439 | 440 | 441 | 442 | 443 | 444 | 445 | 446 | 447 | 448 | 449 | 450 | 451 | 452 | 453 | 454 | 455 | 456 | 457 | 458 | 459 | 460 | 461 | 462 | 463 | 464 | 465 | 466 | 467 | 468 | 469 | 470 | 471 | 472 | 473 | 474 | 475 | 476 | 477 | 478 | 479 | 480 | 481 | 482 | 483 | 484 | 485 | 486 | 487 | 488 | 489 | 490 | 491 | 492 | 493 | 494 | 495 | 496 | 497 | 498 | 499 >>







Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «5. århundrede» frå Wikipedia på dansk, den 29. januar 2008.







Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029