Marlborough Sounds






Tory Channel, ein hovudarm i Queen Charlotte Sound.




Sunda er synlege til venstre for romferja, biletet er teke frå Den internasjonale romstasjonen.


Marlborough Sounds er eit utstrekt nettverk av overfløymde elvedalar i den nordlege enden av Sørøya på New Zealand. Dei vart danna ved ein kombinasjon av subsidens og stigande havnivå[1] i nord på Sørøya. I maorimytologi er sunda stamnane til nedsokne wakaer frå Aoraki.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Oversikt


  • 2 Historie


    • 2.1 Førmoderne tid


    • 2.2 Ferjer og havbruk




  • 3 Farlege farvatn


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Oversikt |


Området omfattar om lag 4000 km² med sund, øyer og halvøyer. Marlborough Sounds ligg i den nordaustlege delen på Sørøya, mellom Tasman Bay i vest og Cloudy Bay i søraust. Den nesten fraktale kystlinja utgjer 1/5 av kysten til New Zealand.[3]


Dei bratte, skogkledde åsane, og dei små, fredelege buktene er sparsamt busette, fordi tilkomsten er vanskeleg. Mange av dei små busetnadane og og einslege hus kan berre nåast med båt. Den største hamna er Picton, ved munningen til Queen Charlotte Sound. Her ligg òg den nordlege terminalen til hovudjarnvegen og vegnettet på Sørøya. Den viktigaste småbåthamna er Waikawa, som er ei av dei største på New Zealand, og er ein base for fritidssegling og turistar.


Andre større sund, utanom Queen Charlotte Sound, er Pelorus Sound og Kenepuru Sound. Tory Channel er ein større arm av Queen Charlotte Sound, og mellom seg isolerer desse sunda åsane på Arapaoa Island frå fastlandet på Sørøya. Av andre øyer i sunda er D'Urville Island.


Sunda er tilhaldsstaden til heile den hekkande populasjonen av den sjeldne og truga vorteskarven (også kjend som den newzealandske storskarvkongen) som hekker på nokre få, steinute øyer, Duffers Reef, Sentinel Rock, Trio Islands og White Rocks.[4]DOC administrerer i alt meir enn 50 reservat i området.[5]



Historie |



Førmoderne tid |


Sunda var i utstrekt bruk og delvis busette av maorigrupper før europearane kom. Dei søkte ly i sunda i dårleg vêr, og utnytta dei rike matkjeldene i sjøen. Dei var også kjende for å frakta kanoane side over land, etter båtdrag.[5] Som i dei fleste områda på Sørøya, var māoripopulasjonen her mindre enn på på Nordøya.


Ein meiner at den europeiske historien i dette området starta med at kaptein James Cook vitja sunda i 1770-åra. Der oppdaga han ein plante, (Cooks skjørbuksurt), som har eit høgt innhald av vitamin C, og som hjelpte til med å kurera skjørbuk blant mannskapet. På Motuaraøya proklamerte Cook britisk suverenitet over Sørøya.[5]
Somme område i sunda bygde seinare opp betydeleg kvalfangst.[5] Mange av sunda var (tynt) busette av europeiske farmarar sist på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.



Ferjer og havbruk |




Marlborough Sounds sett frå Wellington-Picton-ferja.


Marlborough Sounds har samband med Cooksundet i den nordaustlege delen. På denne staden er Nordøya nærast Sørøya, og sambandet mellom øyene, både både når det gjeld vegtransport, jarnveg og passasjertrafikk, som går via ferjer mellom Picton og Wellington, går gjennom sunda. Havbruk, særleg oppdrett av [[laks] og muslingar, starta i 1960-åra, og er vorte stadig meir utvikla.[6] Det vart påstått at kjølvatnet frå snøgtgåande katamaran-ferjer mellom Nord- og Sørøya skada oppdrettsanlegg og øydela havbotnen i område med krabbar. Dei vart også skulda for å skylja bort sand frå lokale strender, og å skada landingsplassar og andre anlegg nær sjøen. Dette resulterte i eit klagemål som vart handsama i Miljødomstolen på New Zealand tidleg i 1990-åra. Klagen, og eit krav om å innføra restriksjonar på farten til ferjene, vart fremja av ei miljøverngruppe, «Guardians of the Sounds». Domstolen ikkje berre avviste klagen og kravet om fartsrestriksjonar for ferjene, men bøtela også gruppa som reiste saka til å betala 300 000 NZ-dollar i sakskostnadar. Dette vart sett på som eit slag mot sivile aksjonar og ei avgrensing i lova om ressurshandsaming av 1991 (Resource Management Act 1991).


Etter kvart vart skadane meir tydelege, og protestane heldt fram, og til slutt vart snøggferjene (som berre trafikkerte i sommarsesongen) pålagde ein høgaste fart på 18 knop (offisielt av tryggleiksårsaker). Dette minska den føremonen dei hadde i tidsbruk i høve til dei konvensjonelle ferjene.[7] Snøggferjetrafikken er seinare lagd ned.



Farlege farvatn |


Dei fleste armane i Marlborough Sounds har roleg vatn og er populære for segling. Cooksundet er derimot berykta for sterke havstraumar og uroleg sjø, særleg om vinden kjem frå sør eller nord. Difor kan det vera risikabelt å segla i somme av dei tronge passasjane nær Cooksundet. Det best kjende av desse er French Pass ved den sørlege enden av D'Urville Island, som har fleire sterke straumkvervlar.


Det mest kjende skipsvraket i sunda er det russiske cruiseskipet «Mikhail Lermontov», som sokk i 1986 i Port Gore, nær munningen til Queen Charlotte Sound, etter å ha gått på eit skjær. Ein av mannskapet vart drepen i ulukka. Sjølve vraket er no eit populært mål for sportsdykkarar.



Referansar |





  1. Willem de Lange (13. juli 2012). «Coastal erosion -Rocky Coasts». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 20. mars 2017. 


  2. Malcolm McKinnon. «Marlborough region - Overview». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 5. juni 2017. 


  3. «Marlboroug Sounds». New Zealand tourism guide. Henta 6. juni 2017. 


  4. «Rough-faced Shag (Phalacrocorax carunculatus)». BirdLife international. Henta 7. juni 2017. 


  5. 5,05,15,25,3 Marlborough Sounds (frå vevsidene til DOC. Vitja 7. juni 2017)


  6. History of the NZMFA New Zealand Seafood Industry Council


  7. [1] (frå aksjonsgruppa Guardians of the Sounds sine vevsider.)




  • Denne artikkelen bygger på «Marlborough Sounds» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2017.



Bakgrunnsstoff |


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Marlborough Sounds frå Wikivoyage



  • NZ Maritime Museum's article on the Mikhail Lermontov

  • Marlborough Sounds Restoration Trust


Koordinatar: 41°08′30″S 174°05′22″E







Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029