Nelson på New Zealand

























Nelson
Whakatū


Horisonten til Nelson på New Zealand






Flagget til Nelson på New Zealand

Flagget til Nelson på New Zealand

Styresmakter
Land
Øy
New Zealand
Sørøya
Geografi
Flatevidd
444 km²
Innbyggjarar
45 500
Plassering

Plassering av Nelson på New Zealand


Nelson er ein by som ligg nær sentrum av New Zealand. Han ligg ved breidda til Tasmanbukta, ved nordenden til Sørøya, og er administrasjonssenteret i regionen Nelson.


Nelson er eit sentrum for kunst og handverk, og byen hyser årleg populære tilstellingar som til dømes kunstfestivalen Nelson Arts Festival. Den årlege designkonkurransen, Wearable Art Awards, starta i nærleiken av Nelson, og eit museum, World of Wearable Art[1], som ligg nær Nelson Airport stiller ut designvinnarar.


Brightwater, nær Nelson er fødestaden til Lord Rutherford, den newzealandske fysikaren som fekk Nobelprisen i 1908, og som no har biletet sitt på den newzealandske $ 100 pengesetelen, den største setelen som er i sirkulasjon på New Zealand.


Nelson fekk namnet sitt til ære for admiral Horatio Nelson som slo både den franske og den spanske flåten i Slaget ved Trafalgar i 1805. Mange av vegane og dei offentlege områda kring byen er namngjevne etter personar og skip som har tilknyting til dette slaget, og Trafalgar Street er den største handlegata i byen. Innbyggjarane i Nelson vert kalla Nelsonians.


Maorinamnet til Nelson, Whakatū,[2] tyder «byggja», «føra opp» eller «etablera». Nelson er ein av dei få byane på New Zealand som har sitt eige flagg.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Nasjonalparkar


    • 1.2 Vêrlag


    • 1.3 Geografisk sentrum på New Zealand




  • 2 Historie


    • 2.1 Tidleg busetjing


    • 2.2 New Zealand Company


    • 2.3 Provinsen Nelson




  • 3 Populasjon


  • 4 Nelson Airport


  • 5 Sport


    • 5.1 Arkitektur


      • 5.1.1 Attverande historiske bygningar




    • 5.2 Museum


    • 5.3 Parkar og zoologisk hage




  • 6 Venskapsbyar


  • 7 Bakgrunnsstoff


  • 8 Referansar





Geografi |




Nelson sett frå lufta (om lag i sør-sørvestleg retning). Biletet viser den nære plasseringa i høve til Richmond mot toppen.


Regionane Nelson og Tasman, eller «Top of the South», vert administrerte som to sameinte styresmakter (unitary authorities) av Nelson City Council og det mykje større (i geografisk målestav) tilstøytande Tasman District Council, med hovudsete i Richmond, 15 km mot sørvest. Regionen ligg mellom Marlborough, ei anna sameint styresmakt (unitary authority), i aust, og West Coast Regional Council i vest.


Det har ei tid vore på tale å slå saman desse to regionane (Nelson og Tasman) for å oppnå økonomiske og administrative føremonar framfor å ha to skilde regionar[3][4][5], slik det til dømes er gjort ved danninga av Nelson Tasman Tourism, ein samordna organisasjon innan turisme[6].


Nelson har strender og ei hamn som ligg i ly. Innløpet til hamna er verna av ein naturleg, 13 km lang sand- og steinbanke, Boulder Bank, som er vorten transportert sørover frå Mackay Bluff av bølgjer og sjøstraum. Banken dannar ei perfekt naturleg hamn som lokka til seg dei første nybyggjarane, sjølv om opningen var trong. Forliset til Fifeshire på Arrow Rock (no kalla Fifeshire Rock til minne om denne ulukka) i 1842 gav eit klårt prov på vanskane med å segla inn i hamna[7]. I 1906 vart det laga ein opning i banken, slik at større skip kunne gå inn i hamna.


Bygginga av Rocks Road langs strandlinja gjennom dei mindre stabile landmassane Tahunanui slump[8] i 1929 auka verknadane av tidevatnet på strendene i Nelson city, Tahunanui, og vaska bort sediment. Dette førte til at den populære stranda og den tilstøytande parkeringsplassen vart erodert, det same skjedde òg med sanddynene. Det vart iverksett eit prosjekt for å erstatta sanden og redusera erosjonen, og så langt har dette vore vellukka, sandstranda har heva seg ein god del, og sanddynene held fram å veksa.



Nasjonalparkar |


Nelson er omgjeven av fjell på tre sider og med Tasmanbukta på den fjerde, og regionen er innfallsporten til Abel Tasman National Park, Kahurangi National Park, innsjøane Rotoiti og Rotoroa i Nelson Lakes National Park. Han er eit senter for både økoturisme og opplevingsturisme, og er godt kjent blant grotte-entusiastar på grunn av fleire eineståande grottesystem kring Takaka Hill og Mounts Owen og Arthur, som har dei største og djupaste utforska grottesystema på den sørlege halvkula.



Vêrlag |


Mange menneske meiner at Nelson har det beste klimaet på New Zealand, ettersom byen regelmessig ligg på topp i den nasjonale statistikken over solskinnstimar, med eit årleg gjennomsnitt på meir enn 2400 timar[9].










































































Nuvola apps kweather.svgKlimatabell: Nelson på New Zealand Weather-rain-thunderstorm.svg

Jan
Feb
Mar
Apr
Mai
Jun
Jul
Aug
Sep
Okt
Nov
Des
År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur
22,4°C
72°F
22,4 °C
72 °F
20,8 °C
69 °F
18,1 °C
65 °F
15,2 °C
59 °F
12,9 °C
55 °F
12,4 °C
54 °F
13,1 °C
56 °F
14,9 °C
59 °F
16,8 °C
62 °F
18,7 °C
66 °F
20,5 °C
69 °F
17,4°C
63°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur
13,0°C
55°F
12,9 °C
55 °F
11,4 °C
53 °F
8,2 °C
47 °F
4,9 °C
41 °F
2,4 °C
36 °F
1,6 °C
35 °F
3,1 °C
38 °F
5,4°C
42 °F
7,9 °C
46 °F
9,8 °C
50 °F
11,8 °C
53 °F
7,8°C
46°F
Gjennomsnittleg total nedbør
72 mm
2,83 "
57 mm
2,24 "
78 mm
3,07 "
86 mm
3,39 "
77 mm
3,03  "
85 mm
3,35 "
86 mm
3,39  "
90 mm
3,54 "
73 mm
2,87 "
92 mm
3,62 "
82 mm
3,23 "
75 mm
2,95 "
970 mm
38,19 "

Kjelde: Weatherbase: Historical weather for Nelson, New Zealand


Geografisk sentrum på New Zealand |




Markøren ved «Centre of New Zealand».


Det vert påstått at det geografiske sentrum på New Zealand skal liggja i Nelson,[10] på ein bakketopp nær sentrum i byen. Dette påståtte «sentrum» var likevel berre eit høveleg startpunkt for den opphavlege trigonometriske oppmålinga av Sørøya. Det verkelege geografiske sentrum ligg på ein avgøymd flekk med tettvakse kratt i ein skog i Spooners Range nær Tapawera, 35 km sørvest for Nelson: 41°30′S 172°50′E.[11]



Historie |



Tidleg busetjing |




Utdyn over Nelson frå «Centre of New Zealand"».


Busetjinga i Nelson tok til for om lag 1100 år sida av māoriar. Der er funn som viser at dei tidlegaste busetjingane på New Zealand var i Nelson-Marlborough-regionane. Dei tidlegaste kjende iwi i Nelson-distriktet er Ngāti Kuia, Ngāti Tumatakokiri, Ngāti Apa og Rangitane.


Krigstokt frå nordlege stammar i 1820-åra, leia av Te Rauparaha og hans stamme Ngāti Toa, desimerte og fortrengde snart den lokale populasjonen.



New Zealand Company |





Christ Church Cathedral på Church Hill, sentralt i Nelson.


New Zealand Company i London planla busetjing i Nelson. Kompaniet ville kjøpa billeg jord, om lag 800 km² frå māoriane, og tenkte å dela opp dette i 1 000 parsellar og selja desse (med god forteneste) til nybyggjarar. Framtidig overskot vart øyremerka til å finansiera fri reise for handverkarar, arbeidarar og familiane deira, og til offentleg arbeid. Likevel var berre tredjeparten av parsellane selde i september 1841. Trass i dette, vart kolonien tvinga fram.


Tre skip segla frå London under kommando av kaptein Arthur Wakefield. Då dei nådde New Zealand, oppdaga dei at den nye guvernøren i kolonien, William Hobson, ikkje ville gi dei frie hender til å sikra seg store landområde frå māoriane, eller faktisk å bestemma kvar på området kolonien skulle liggja. Men etter ein del utsetjingar, tillet Hobson kompaniet å undersøkja området ved Tasmanbukta i nordenden av Sørøya. Kompaniet valde staden der byen Nelson City no ligg, fordi det hadde den beste hamna i området. Men der var ei stor ulempe; staden mangla høveleg dyrkbar jord. Nelson City ligg heilt i kanten av ei fjellrekkje, medan dei nærliggjande slettene Waimea Plains utgjer berre 243 km², mindre enn ein tredjedel av det området planane til kompaniet kravde.


Kompaniet sikra seg eit temmeleg ubestemt og vagt avgrensa område frå māoriane for £800. Dette omfatta Nelson, Waimea, Motueka, Riwaka og Whakapuaka. På denne måten kom busetjinga i gang, men mangelen på definerte grenser skulle visa seg å verta kjelde til mykje framtidige konfliktar. Dei tre koloniskipa segla inn i hamna til Nelson den første veka av november 1841. Då dei fire første skipa med innvandrarar nådde fram tre månadar seinare, fann dei at byen alt var målt opp med gater, nokre trehus, telt og primitive skur. Desse skipa var Fifeshire, Mary-Ann, Lord Auckland og Lloyds. I løpet av 18 månadar sende kompaniet hit 18 skip med 1052 menn, 872 kvinner og 1384 born. Men færre enn 90 av nybyggjarane hadde tilstrekkeleg kapital til å få ein start som landeigarar.


Det er å merkja seg at dei tidlege innvandrarane til Nelson Province òg omfatta ein del tyske immigrantar som kom med skipet Sankt Pauli, og dei danna kjernen i landsbyane i Sarau (Upper Moutere) og Neudorf. Dei var for det meste lutherske protestantar med ein liten del katolikkar frå Bayern.


Etter at busetjinga i førstninga hadde ein kort velstandsperiode, førte mangelen på kapital og landområde til ein lengre periode med relativ depresjon. Den organiserte innvandringa gjekk attende inntil 1850-åra, og arbeidarane måtte gå med på å få lønene sine avkorta med ein tredjedel. Mot slutten av 1843 byrja handverkarar og arbeidarar å forlata Nelson, og kring 1846 hadde om lag 25 prosent av immigrantane flytta bort.


Presset etter å finna meir dyrkbart land vart intenst. Søraust for Nelson låg dei vide og grøderike slettene i Wairau Valley. The New Zealand Company prøvde å påstå at det hadde kjøpt dette landområdet. Māorieigarane heldt fast på at Wairau Valley ikkje hadde vore ein del av det opphavlege salet av land, og gjorde det klårt at dei ville setja seg mot alle freistnader frå nybyggjarane på å okkupera landet. Nybyggjarane i Nelson under leiing av Arthur Wakefield og Henry Thompson freista å gjera akkurat dette. Det førte til stridane som har vorte kalla Wairau Affray, der 22 nybyggjarar døydde. Den påfølgjande granskinga ved regjeringa frikjende māoriane, og kom fram til at nybyggjarane i Nelson ikkje hadde noko legitimt krav på noko landområde utanfor Tasman Bay.



Provinsen Nelson |


Frå 1853 til 1876, då provinsstyret vart avskaffa, var Nelson hovudstaden i Provinsen Nelson.
Den årlege festdagen for provinsen Nelson er 1. februar, som er ein offentleg fridag og som vert feira den næraste måndagen[12].



Populasjon |




Kartet viser folketettleiken i regionane Nelson og Tasman ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.


Det totale folketalet i Nelson auka frå 41 568 i 2001 til 42 891 i 2006, medan Tasman auka frå 41 352 til 44 625, og gjekk forbi Nelson i folketal for første gong.[13]


Oppgåver frå Statistics New Zealand 23. april 2007 viste at 3 774 menneske fødde i Storbritannia og Irland var busette i Nelson, og utgjorde 9,1% av populasjonen her [1] - den høgaste delen av innbyggjarar frå Storbritannia og Irland på New Zealand - i tillegg til 9,5% andre fødde oversjøisk. Sjølv om Statistics New Zealand ikkje lenger fører statistikk over talet på innbyggjarar som er fødde i Tyskland, har den tyske ambassaden i Wellington stadfesta at ein større del tysktalande bur i Nelson og Tasmanbuktområdet enn nokon annan stad på New Zealand. Det var ein auke i talet på 23,7% av asiatar i Nelson, og 35,4% oppgang i Tasman-distriktet.



Nelson Airport |


Nelson Airport (IATA NSN, ICAO NZNS) er ein flyplass i Nelson. Om lag ein million flypassasjerar brukar flyplassen årleg. I 2006 fekk flyplassen avgrensa internasjonal sertifisering, og har teke seg av internasjonale private jetflygingar seinare.



Sport |


Den første rugbykampen på New Zealand fann stad på Botanic Reserve i Nelson den 14. mai 1870, mellom Nelson Football Club og Nelson College, og ei informasjonstavle til minne om dette vart sett opp her av Nelson City Council i 2006.



Arkitektur |


Til skilnad frå mange andre byar og busetnadar på New Zealand har Nelson teke vare på fleire bygningar i viktoriansk stil i sitt historiske sentrum, og ei heil gate har vorte utpeika som historisk arv[14].



Attverande historiske bygningar |





Amber House



  • Nelson Cathedral

  • Amber House

  • Broadgreen House

  • Cabragh House

  • Chez Eelco


  • Founders Park Vindmølle

  • Isel House

  • Melrose House


  • Nelson Central School Renwick House

  • Victorian Rose Pub

  • Redwood College (Founders Park)



Museum |


Regionen Nelson har fleire museum.




  • Nelson Provincial Museum hyser ei rekkje lokale utstillingar.


  • World of Wearable Art har ei bilsamling og samlingar av arbeid frå Wearable Art Awards.



Parkar og zoologisk hage |


Nelson har ei rekkje ulike offentlege parkar og friområde som vert drivne og vedlikehaldne for offentlege midlar av Nelson City Council[15].


Natureland Zoological Park er ein liten zoologisk hage nær Tahunanui Beach. Staden er populær blant born som kan koma nær innpå wallabyar, apar, surikatar, lamaer og alpakkaer, Kune Kune pigs, oterar og påfuglar. Her finst òg skjelpadder og tropefisk, og ein kan ta ein tur gjennom eit aviarium.[16]. I 2008 var hagen nær på å stengja, men vart teken over av Orana Wildlife Trust som driv han vidare.



Venskapsbyar |




  • Flagget til Japan Miyazu i Japan


  • Den kinesiske flagget Huangshi i Folkerepublikken Kina


  • Det amerikanske flagget Eureka i California i USA



Bakgrunnsstoff |




  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Nelson frå Wikivoyage

  • Historic images of Nelson from the collection of the Museum of New Zealand Te Papa Tongarewa

  • Nelson City Council

  • Nelson Tasman Tourism

  • Nelson history stories and resources



Referansar |





  1. World of Wearable Art


  2. «NZ government Māori Language Commission».  Parameteren |vitjingsår= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |vitja_dag_månad= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  3. Golden Bay Community Board News _ Tasman District Council


  4. Tasman District Council - Special Council Minutes, Friday 2nd June 2006


  5. Tasman District Council - Special Council Minutes, Thursday 15th June 2006


  6. Heimeside til Nelson Tasman Tourism


  7. Nelson - the early years


  8. Paul C Denton, Mike R Johnston, Soils & Foundations Ltd, Nelson (12. mai 2002). «Housing Development on a Large, Active Landslide: The Tahunanui Slump Story, Nelson, New Zealand». Geo-Logic Ltd. CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link)


  9. «Mean Monthly Sunshine». NIWA.  Parameteren |vitja_dag_månad= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |vitjingsår= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  10. «The earliest version of this article first appeared in NZ Science Teacher 71 21-23 1992». Henta August 27, 2007.  Parameteren |dateformat= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |accessdate= er ikkje støtta av malen. Meinte du |vitja=?) (hjelp); Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)


  11. «Nelson City Council website: graviational centre».  Parameteren |vitjingsår= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |vitja_dag_månad= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  12. Department of Labour - NZ public holiday dates 2006–2009


  13. By the Numbers


  14. Nelson City Council om South Street.


  15. Nelson City Council - Reserves and Parks


  16. Natureland Zoo, Nelson på New Zealand




  • Denne artikkelen bygger på «Nelson, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2010.





































Koordinatar: 41°17′S 173°17′E





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029