Lillebjørn Nilsen
Lillebjørn Nilsen | |
Fødenamn | Bjørn Falk Nilsen |
Fødd | 21. desember 1950 (68 år) Oslo |
Yrke | Artist, låtskrivar, musikar |
Sjanger | Viser, folk-rock |
Bjørn «Lillebjørn» Falk Nilsen (fødd 21. desember 1950 i Oslo) er ein norsk songar, låtskrivar og folkemusikar. Han vert ofte omtalt som «visekongen» i Noreg. Gjennom opptredenar, plateutgjevingar, visebøker og gitarbøker, var Lillebjørn Nilsen kanskje han som meir enn nokon annan artist fronta Den norske visebølgja.
Gjennom ein mannsalder har Lillebjørn Nilsen skapt songar som har vorte allemannseige; «Far har fortalt», «Tanta til Beate», «Se alltid lyst på livet», «[[Stilleste gutt på sovesal 1» og «Alexander Kiellands plass», for å nemna nokre få. Nilsen har turnert i Skandinavia, Frankrike, Sveits, Belgia, Tyskland, Kina og USA, og har motteke fem Spellemannprisar, anten som soloartist eller som medlem av ei gruppe.
Innhaldsliste
1 Karrieren
2 Dikting
3 Diskografi
3.1 The Young Norwegians
3.2 Ballade!
3.3 Soloalbum og samarbeidalbum
3.4 Gitarkameratane
3.5 Filmmusikk
3.6 Andre deltakingar
4 Bibliografi
5 Prisar
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Karrieren |
Lillebjørn Nilsen spelte frå 1966 i duoen The Young Norwegians, som til å byrja med bestod av han sjølv og Bjørn Morisse. Sidan Bjørn Morisse var den høgaste av dei to, fekk han kallenavnet Store-Bjørn, medan Bjørn Nilsen vart kalla Lille-Bjørn. Dette kallenavnet har vorte hengjande ved han sidan. I 1967 byrja Lillebjørn Nilsen på musikklinja ved Hartvig Nissens Skule i Oslo. Her traff han Steinar Ofsdal som vart med i The Young Norwegians. Dei gav ut nokre singlar på Troll Records, etterfulgt av albuma Things on our mind og Music. The Young Norwegians vart oppløyst i 1968.
Lillebjørn Nilsen spelte saman med Sigrid Huun hovudrollene i Victor Borg og Øyvind Vennerøds kinofilm Himmel og helvete (1969), som handlar om ungdomar som rusar seg og utforskar verknadene av cannabis og LSD.
Sist på 1970-talet deltok Lillebjørn Nilsen i gruppa Ballade!, beståande av han sjølv, Lars Klevstrand, Åse Kleveland og Birgitte Grimstad. Han turnerte òg ofte med Steinar Ofsdal. Slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet vart ei kunstnarisk blomstringstid for Nilsen, som i denne tida «fann tonen» overfor det store publikummet som soloartist, og i særleg grad som Oslos eiga stemme og trubadur. Samarbeidet med Hot Club de Norvège og Jon Larsen starta i 1982 med «Tanta til Beate».
Lillebjørn Nilsen danna i 1988 gruppa Gitarkameratene saman med venene og kollegene Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Øystein Sunde. Dette samarbeidet gjorde nytte av og framheva det samla, store og klassiske viserepertoare og dei virtuose gitar- og vokalferdigheitene til dei fire medlemmene. Samarbeidet tok slutt i 1994 etter to suksessfulle plateutgjevingar og omfattande turnear. Dei tok uventa opp att samarbeidet i 2010 med utselde konsertar i dei store byane. Som forfattar av Lillebjørns Gitarbok, som sidan 1973 er utkome i eit samla opplag på meir enn 170 000 eksemplar – det høgaste opplaget for noka musikkpedagogisk lærebok eller visebok i Noreg nokonsinne – har Lillebjørn Nilsen gjeve eit eineståande bidrag til utbreiinga av gitarmusikkunsten og visekunsten i Noreg.
I 2000 låg Lillebjørn Nilsen an til å motta Oslo bys kulturpris, men ei hending på den lukka presse- og politikerbaren Tostrupkjelleren sette ein stoppar for dette. Under ein oppheita politisk diskusjon tømde Lillebjørn Nilsen resten av ølglaset sitt over debattmotstandaren sin Vidar Kleppe, på den tida enno medlem av Frp. Til trass for den herskande «gentlemen's agreement» om at heftige diskusjonar på Tostrupkjelleren ikkje skulle ut i det offentlege, hamna saka likevel på førstesidene. Frp sørgde deretter for at kulturprisen til kommunen ikkje gjekk til Lillebjørn Nilsen det året.[1]
I 2005 mottok Lillebjørn Nilsen endeleg Oslo bys kulturpris for 2004, bl.a. med grunngjevinga: «Lillebjørn Nilsen er den visekunstneren som mer enn noen andre har bidratt til Oslos kultur og dens selvforståelse, identitet og stolthet som storby, i den grad at enkelte uttrykk fra hans tekster har gått inn som alminnelige uttrykk i vårt språk.»[2][3]
Etter Nære Nilsen (1993) har Lillebjørn Nilsen ikkje ytra seg i form av nye songar, med unntak av fleire bidrag på hyllestalbum til både Vidar Sandbeck (både åleine og saman med Gitarkameratane) og Erik Bye (her song han «Anna Lovinda»).
Lillebjørn Nilsens årlege sommarkonsert på Rockefeller i Oslo (midt i juli) har vorte ein fast sommartradisjon for mange. Dei seinare åra har han hatt med seg dottera, Siri Nilsen, på scena. Siri Nilsen er ein lovande artist, som spelar ukulele og syng.
Lillebjørn Nilsen deltok på Minnemarkeringa i Oslo 22. juli 2012 som var ein konsert for eittårsmarkeringa for terrorangrepa i Noreg 2011. Han framførte «God Natt Oslo» og Barn av regnbuen.
Dikting |
Lillebjørn Nilsen var «instrumentalisten som begynte å synge. Og lette etter tekster og melodier. Det jeg ikke fant ble jeg nødt til å skrive selv. Så jeg ble sangskriver også.»[5] Han skriv mykje om storbylivet i Oslo, og om det spennande nettverket av menneske og minne denne byen har.[5] Naturen og miljøet har òg motteke hylling i mange av Lillebjørn Nilsens tekstar, og norsk folkemusikk og folkeleg visetradisjon er eit djupt rotfest utgangspunkt for heile visekunsten hans.
Inspirasjonskjelder for diktinga til Lillebjørns Nilsen finn ein elles i den amerikanske singer/songwriter-tradisjonen; Bob Dylan og Pete Seeger er artistar som har inspirert han. Nilsen og Seeger song saman på Tønder visefestival i 1990. Seinare bad Seeger Nilsen om å korrekturlesa sjølvbiografien sin, og dessutan koma med kritiske merknader. Lillebjørn har sagt han er stolt over å kunna kalla Seeger sin ven. Rudolf Nilsen har òg påverka Lillebjørn Nilsen. Begge var opptekne av Oslo, arbeidarrørsla og «grasrota» i folket. Songen «Gategutt» er eit av Rudolf Nilsens dikt som Lillebjørn Nilsen har skrive melodi til. Som kresen og samstundes folkeleg tekstforfattar, ein visuell erindringskunstner og med ein uvanleg melodisk og harmonisk teft, har Nilsen skapt ikoniske Oslo-songar.
Diskografi |
The Young Norwegians |
- Album
- 1967: Things On Our Mind. Triola TNLPS 17
- 1969: Music. Polydor 184 187
- Singlar
Plenty Nothingness And Love/Det Står Ein Friar Uti Garde (1966)
Joys Of Love/Jug Of Punch (1966)
Vuggevise for André/Goodbye to Your Sparkling Blue Eyes (1967)
Nightingale/Grannie med Kari Svendsen (1968)
Ballade! |
Ballade! På turné (1978)
Ballade! Ekstranummer (1980)
Ballade!s samlede (2005)
Soloalbum og samarbeidalbum |
- 1968: Viser i trengsel - Dolphins
- 1971: Tilbake
- 1971: ' Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund/71
- 1972: ' Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund/72
- 1973: Portrett
- 1973: På stengrunn (Med Jon Arne Corell, Kari Svendsen, Lars Klevstrand, Steinar Ofsdal og Carl Morten Iversen)
- 1974: ...og Fia hadde sko
- 1975: Byen med det store hjertet
- 1976: Hei fara! Norske folkeviser
- 1976: ' Live Mitschnitt des 5. Song Lied Chanson Festival 1976 Ingelheim Tyskland Eurofolk 1976
- 1976 ' 5. Folkfestival auf der Lentzburg Sveits Claves 1976
- 1978: Lillebjørn Nilsens beste (Samleplate)
- 1979: Oslo 3
- 1979: Live at Sioux Falls (Amerikansk utgave)
- 1980: Live at Sioux Falls (Norsk utgave)
- 1982: Original Nilsen
- 1984: Lillebjørn Nilsens utvalgte (Samleplate)
- 1985: Hilsen Nilsen
- 1986: Tekst og musikk: Lillebjørn Nilsen (Samleplate)
- 1988: Sanger
- 1989: SuperStars
- 1993: Nære Nilsen
- 1995: Haba Haba (Nyutgivelse av ...og Fia hadde sko)
- 1996: 40 spor: Nilsens 40 beste (Samleplate)
- 2001: Portrett (Nyutgivelse)
- 2003: Byen med det store hjertet (Nyutgivelse)
- 2003: Tilbake (Nyutgivelse)
- 2003: Portrett (Nyutgivelse)
- 2004: Lillebjørns gitartime – musikkeksempler til Lillebjørns gitarbok
- 2010: Stilleste gutt på sovesal 1 (10 CD og en DVD)
- 2012: Postkort fra Lillebjørn
- Singlar
Barn av regnbuen/Alle duene (1973)
Haba Haba/Kirsebærtreet (1974)
Tanta til Beate (1982)
Se deg aldri tilbake (1988)
Fort gjort å glemme/Så nære vi var (1993)
1000 søte damer (1993)
Oleanna med Pete Seeger (live) (2006)
Gitarkameratane |
- Album
Gitarkameratene (1989)
Typisk norsk (1990)
Kanon (2010)
- Singlar
Barn av regnbuen (1990)
Filmmusikk |
Blücher Norsk Film (1988)
Andre deltakingar |
Øystein Sunde: 1001 fnatt
- Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund/71 (1971)
- Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund/72 (1972)
Knutsen & Ludvigsen: Balladen om Nancy Drew (1973)
Øystein Sunde: Det året det var så bratt (1973)
Øystein Sunde: Ikke bare tyll (1974)
16 Norske hits (1975)
Live Mitschnitt des 5. Song Lied Chanson Festival 1976 Ingelheim Tyskland – Eurofolk 1976 (1976)
5. Folkfestival auf der Lentzburg Sveits – Claves 1976 (1976)
Øystein Sunde: På sangens vinger (1976)- Kari Svendsen: Kari Svendsen (1978)
15 originale topper (1980)
På hjul med din glede (1980)
På gang 7 (1982)
Fred Åkerström: Åkerströms blandning (1982)
NAMA-84 (1984)
NAMA-85 (1985)- Forente artister: Sammen for livet (1985)
Alf Cranner: Din tanke er fri (1985)
Tramteatret: Randi og Ronnis restaurant (1986)
Nopa 50 år - et knippe norsk populærmusikk (1987)- Lief Sørbye: Springdans (1987)
- Brynjar Hoff: A Little Light Music (1987)
- Göran Fristorp: Riktning (1987)
3 Busserulls: Hi-ha! Jo galare, jo bedre! (1988)
Barnas aller beste lakrislåter 2 (1988)
Barnas aller beste lakrislåter 3 (1988)
Fred Åkerström: Fred's klassiker vol.1 - jag ger dig min morgon (1988)
No. 1 Music Club (1989)
Våre beste barnesanger (1990)
Øystein Sunde: Øystein Sundes 40 beste (1990)- Scandinavia: Scandinavia 2 (1990)
- Hot Club de Norvège: The Best of Hot Club de Norvège (Vintage Guitars Vol.17) (1991)
Jan Eggum: Underveis (1991)
Alf Cranner: 48 viser (1992)- Jannicke: Jannicke 3 - Ring ring (1992)
40 norske ballader (1992)
Norske bilder - Sounds and Visions of Norway (1993)
Fine norske sommerlåter 1 (1993)
Fine norske sommerlåter 2 (1993)
Norske filmklassikere (1993)
Bare bra musikk (1994)
Store norske ballader 2 (1994)- Amanda Sångensemble: Amanda (1995)
- Göran Fristorp: Live (1996)
Spellemannprisen 1972-1996 (1996)
Regn med oss (1996)- Kine: Barndomsminner (1997)
- Lief Sørbye: Springdans - Folk Music from Norway (1998)
Det beste av norsk musikk 1973-1977 (1998)- Anita Skorgan/Odd Børretzen: Våre beste barnesanger (1998)
- Blodsbrødre: Syng og vær glad! - norske rockehits (1999)
- Göran Fristorp: Fristorp fullständig (1999)
Hurra for deg! - bursdagssanger og sangleker (1999)
Definitive sommer (1999)
Sanger for barn - 24 originale barnesanger fra VG-lista (1999)- Lars-Lillo Stenberg: Bysommer (2000)
Caspers barnefavoritter 3 (2000)
Oslo - Oslo!!! 19 kjære Oslo-sanger (2000)- Folk & Røvere: Oslo (2000)
Norske viseperler (2000)- Gatesangerne: Oslo-viser (2000)
- Aftenlandet: God morgen høst (2000)
- Kirsten Bråten Berg: Syng du mi røyst (2001)
Caspers sommerfavoritter (2001)
Jan Eggum: Ekte Eggum (2001)
Fred Åkerström: Guldkorn Vol. 2 (2001)- Sigmund Groven: Vi på langedrag (2001)
Caspers barnefavoritter 4 (2002)- Lollipop: Erta berta (2002)
- Anita Skorgan: Gull (2002)
- Finn Kalvik: Klassisk Kalvik (2002)
Barnas beste (2002)
30 år med Norsktoppen (2003)- Camilla Johansen: Du og jeg og vi to (2003)
Gull i fra grønne skoger (2003)- Trond Granlund: Høyt, lavt og langt (2003)
Tidenes beste barneplate (2003)
Alf Cranner: 50 beste fra 40 år (2003)
Viser i trengsel (2003)
Norsk Rocks Historie (2004)- Nina Ramsby & Martin Hederos: Visorna (2004)
Barna synger 1 (2004)
Norsk musikk i 100 - Populærmusikk i Norge 1905-2005 (2005)- Geir Arne Hansen: En time igjen (2005)
En hildringstime: 16 artister hedrer Erik Bye (2005)
Jan Eggum: 30/30 (2005)- Aftenlandet: Det beste fra aftenlandet (2005)
- Trond Granlund: En litt forvirra fyr (2005)
Tande P: Mine favoritter (2005)
Den røde gitar - Arbeidersanger i ny drakt (2005)- Pitsj: Pitsj (2006)
Øystein Sunde: Sundes verden (2006)
Øystein Sunde: Sundes verden - 52 av de aller beste (2006)
Alle våre barnesanger 3 (2006)- Idun & Arne Duo: To stemmer og en gitar (2007)
Norske allsangfavoritter (2007)- Finn Kalvik: Komplett klassiske Kalvik (2007)
- Hovland & Stokkeland: Ulv! Ulv! (2007)
Demo Tracks Vol. 12: Proud Mary (2007)
Jan Eggum: Hjerteknuser (2007)
Jippi det er sommer (2007)
Klin Kokos Bananas (2007)- Bjølsen Valsemølle: Over elva (2007)
Jippi det er bursdag (2007)
Demo Tracks Vol. 4: Soul Bossanova (2007)- Hallvard T. Bjørgum: Peace Will Come (2008)
Norsk visesang i 50 år (2008)
Jippi det er fest (2008)
Sløv i skyggen - den store norske sommerplata (2008)- Christian Reim: Unreleased Works 1969-1979 (2008)
- Geir Arne Hansen: Veien har vært lang (2008)
- Dan Kristofferson: It's Cold Tonight (2009)
Bro, bro brille - Sangleker (2009)
Sang i Norge - Hele Norge synger i den lyse årstiden (2009)- Hot Club de Norvège: The Best of Hot Club de Norvège (2009)
Norske ballader (2010)
Barnas feriefavoritter (2011)
Bibliografi |
- 1969: 31 viser Gyldendal
- 1971: Flere viser Gyldendal ISBN 82-05-00341-6
- 1973: Lillebjørns GITARBOK Gyldendal
- 1973: 16 sanger av Rudolf Nilsen Gyldendal ISBN 82-05-06225-0
- 1974: Trubadur til fots Gyldendal ISBN 82-05-06442-3
- 1977: Haba haba! (barneviser, med egne tegninger) Gyldendal 1977
- 1986: Tekst og musikk: LILLEBJØRN NILSEN Gyldendal ISBN 82-05-16983-7
- 1995: Lillebjørns GITARBOK Ad Notam Gyldendal (utvidet)
- 2004: Tekst og musikk: LILLEBJØRN NILSEN Gyldendal Akademisk ISBN 82-05-32849-8
Prisar |
- 1974: Spellemannprisen 1973 i klassen visesang for Portrett
- 1974: Det Nyes Sølvmikrofon
- 1981: Spellemannprisen 1980 i klassen visesang for Ekstranummer (som medlem av Ballade!)
- 1982: Gammleng-prisen i klassen vise
- 1983: Spellemannprisen 1982 i klassen visesang for Original Nilsen
- 1983: Prøysenprisen
- 1984: Oslo Bys Kunstnerpris
- 1987: Solprisen Rjukan
- 1987: Fritt Ords Honnør
- 1988: Kardemommestipendiet
- 1990: Æresgitarist Av Sarpsborg by
- 1991: Årets Spellemann under Spellemannprisen 1990 (som medlem av Gitarkameratene)
- 1991: Spellemanprisen 1990 i klassen visesang for Typisk norsk (som medlem av Gitarkameratene)
- 1992: Tekstforfatterfondets Ærespris
- 1995: Folkemusikprisen i Danmark
- 2004: Oslo bys kulturpris
- 2007: Æresprisen «Bypatrioten» – Oslo Byes Vel 2007
- 2010: Gammleng-prisen – veteranprisen
- 2013: Rockheim Hall of Fame
- 2014: Lovisaprisen
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Lillebjørn Nilsen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016.
- Referansar
↑ «Tapte 100 000 på en pils». 27. mai 2000. Henta 17. oktober 2010. Parameteren|forfatter=
er ikkje støtta av malen. Meinte du|forfattar=
?) (hjelp); Parameteren|utgiver=
er ikkje støtta av malen. (hjelp)
↑ «Oslo bys kulturpris 2004 til Lillebjørn Nilsen». 21. april 2005. Henta 17. oktober 2010. Parameteren|utgiver=
er ikkje støtta av malen. (hjelp)
↑ «Oslo bys kulturpris til Lillebjørn Nilsen». 21. april 2005. Henta 17. oktober 2010. Parameteren|utgiver=
er ikkje støtta av malen. (hjelp)
↑ Tekst og musikk: Lillebjørn Nilsen side 24 (Gyldendal, 1986)
↑ 5,05,1 Tekstheftet på utgivelsen 40 Spor
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
- Lillebjørn Nilsens offisielle heimeside
Lillebjørn Nilsen på MySpace
- Omtale i Norsk pop- og rockeleksikon fra 2005
|