Trípoli i Hellas
- Denne artikkelen handlar om byen i Hellas. For andre byar, sjå Tripoli (fleirtyding).
Trípoli Lokalt namn: Τρίπολη | |
---|---|
Katedralen i Trípoli | |
Geografi | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 1 481,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Peloponnes Arkadía |
Hovudsete | Trípoli (30 866 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 47 254 (2011[1]) |
Folketettleik | 32,0 /km² |
Trípoli (gresk Τρίπολη, eldre form og på latinsk Tripolis, og stundom Tripolitsa, Tripolitza og Tripolizza) er ein by på Peloponnes i Hellas. Trípoli er ein kommune i periferieininga Arkadía i periferien Peloponnes og er hovudstad både i periferieininga og i periferien Peloponnes. Byen er den største i periferieininga og ein av få stader i Arkadía som veks.
Avstanden frå Pýrgos er om lag 145 km aust, han ligg 125 km aust for Olympia, 144 km søraust for Pátra og søraust for Kalávryta, 78 km sørvest for Korint og om lag 148 km sørvest for Aten. I tillegg ligg han vest for Árgos og Návplio, nordvest for Leonídio, nord for Spárti, nordaust for Kalamáta, 33 km nordaust for Megalópoli og nordaust for Kyparissía, aust for Stemnítsa og søraust for Dimitsána. I dag er Trípoli sete for det nye Peloponnes universitet.
Innhaldsliste
1 Administrativ inndeling
2 Historie
3 Byar og tettstader
4 Referansar
5 Bakgrunnsstoff
Administrativ inndeling |
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Trípoli
- Valtétsi
- Korýthio
- Levídi
- Mandínia
- Skirítida
- Tejéa
- Fálanthos
Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 47 254 innbyggjarar, medan kommunaleininga Trípoli hadde 33 785 og tettstaden med same namn 30 866 innbyggjarar.[1]
Historie |
I mellomalderen vart staden kalla Drobolitsa, Droboltsá eller Dorboglitza, som kanskje kjem frå det greske Hydropolitsa, «Vassbyen» eller kanskje det sørslavisk ordet som tyder «slette med eiketre».[3]
Den moderne Trípoli vart grunnlagd i 1770 nær ruinane av dei antikke byane Pallantron, Tegea og Mantinea, derfor namnet Τρίπολης = τρεις πόλεις, som tyder «tre byar». Før den greske sjølvstendekrigen hadde han ein muslimsk og jødisk folkesetnad og var det sentrum for den osmanske okkupasjonen av Hellas.
Under den greske sjølvstendekrigen vart Trípoli den første store byen som vart teke av grekarane. Theodoros Kolokotronis tok byen 17. oktober 1821 [4]. Den muslimske folkesetnaden, som bestod av tyrkarar og albanarar, vart massakrert, kanskje så mykje som 30 000 menneske.[5] Då Ibrahim Pasha gjenerobra byen 22. juni 1825 massakrerte han til gjengjeld den kristne folkesetnaden og brende ned byen.[6]
Etter at han vart erobra på ny av grekarane i 1829 vart Trípoli eit stort senter i det sjølvstendige Hellas.
Byar og tettstader |
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Trípoli | Trípoli | 30 866 |
Levídi | Levídi | 1 025 |
Ájos Konstandínos | Trípoli | 719 |
Kandíla | Levídi | 690 |
Rízes | Tejéa | 552 |
Stádio | Tejéa | 538 |
Nestáni | Mandínia | 486 |
Referansar |
↑ 1,01,11,2 Folketeljing 2011, revidert
↑ Kallikratis-reforma
↑ Transactions of the Philological Society 1934, s. 19-20
↑ Nevill Forbes, et. al., The Balkans full utgåve
↑ Bouboulina Museum
↑ La Grande Encyclopédie, s.v. Tripolis
- Denne artikkelen bygger på «Tripoli, Greece» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2007.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Periferien Peloponnes | |
---|---|
Periferieininga Arkadía | Trípoli • Gortynía • Megalópoli • Nord-Kynouría • Sør-Kynouría |
Periferieininga Lakonía | Spárti • Evrótas • Monemvasiá • Elafónisos • Aust-Máni |
Periferieininga Messinía | Vest-Máni • Kalamáta • Messíni • Pýlos-Néstoras • Trifylía • Ikhalía |
Periferieininga Argolída | Árgos-Mykínes • Návplio • Epídavros • Ermionída |
Periferieininga Korinthía | Xylókastro-Evrostína • Sikyóna • Vélo-Vókha • Neméa • Korint • Loutráki-Áji Theódori |
|