Sørøya i Finnmark






































Sørøya
Lokalt namn: Sállan
Geografi

Norway - Sørøya, Finnmark.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar
70°35′N 22°44′EKoordinatar: 70°35′N 22°44′E





Areal 811,4 km²





Høgaste punkt
Komagaksla (659 moh.)



Administrasjon
Land
Noreg
Fylke Finnmark
Største busetnad
Hasvik (385 innbyggjarar per 1. januar 2017 innb.)





Sørøya (nordsamisk Sállan), ofte kalla den grøne øya i nord, er ei stor øy i Vest-Finnmark. Ho er den fjerde største øya i Noreg etter areal og er delt mellom kommunane Hasvik og Hammerfest. Arealet er på 811,4 km².


Tettbygde stader:




  • Hasvik, der det er flyplass med to daglege avgangar om dagen på kvardagar, og der ferja til Øksfjord og hurtigbåten til Hammerfest legg til. I Hasvik finn ein eit hotell, ein kiosk, og ein matvarebutikk. Hasvik er største tettstaden på øya, med 385 innbyggjarar per 1. januar 2017.


  • Breivikbotn, som er administrasjonssenter i Hasvik kommune. Breivikbotn har bibliotek, fiskeindustri, pub og hytteutleige, samt butikk og den einaste banken på øya. Tettstaden Breivikbotn har 320 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg om lag 1,5 mil frå Hasvik.


  • Sørvær har i underkant av 200 innbyggjarar og ligg ytst ut i havgapet. Staden er bygd på fleire holmar og skjer. Sørvær ligg om lag 2 mil frå Breivikbotn. Det går rutebuss til Sørvær nokre gonger i veka.


Kvart år i juli vert det arrangert ein havfiskefestival på øya.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Sørøya (Finnmark)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. april 2008.



Bakgrunnsstoff |



  • Askheim, Svein. (2013, 8. juli). Sørøya. I Store norske leksikon. Hentet 7. februar 2014.


  • Eva D. Husby, red. (1995). Krigen på Sørøya 1940-45. Breivikbotn: Hasvik kommune. ISBN 8299351618. 


  • Reidar D. Nielsen (1976). Folket i hulene : en beretning om de dramatiske hendingene på Sørøya 1944/45. Oslo: Tiden Norsk Forlag. ISBN 8210013300. 


  • O.F. Backer (1946). Øya i ingenmannsland. Oslo: Aschehoug. 

    Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum