Evolusjonsteorien







Artstre frå The Origin of Species som viser korleis Darwin tenkte seg at ulike artar hadde oppstått frå andre.


Evolusjonsteorien er den vitskaplege forklaringa på korleis evolusjon – danninga og endringa av artar – går føre seg.


Teorien er basert på Darwin sine teoriar, komplettert med nyare forsking som ikkje var kjend for Darwin; ein kallar gjerne difor dagens versjon nydarwinisme. Evolusjonsteorien er i dag særs omfattande, og vert nytta som eit viktig forklaringsverkty innanfor ei rekkje ulike fagdisiplinar. Spesialistar innanfor teorien vert kalla evolusjonsbiologar.


Stundom nyttar ein omgrepet utviklingslære som synonymt med evolusjonsteorien, men dette er eit uheldig ordval. Utvikling i biologien dreier seg om korleis individ endrar seg gjennom eit livsløp heller enn korleis individa endrar seg over generasjonar, og «lære» vert oftare nytta om dogme enn om vitskaplege teoriar.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Motstand


  • 3 Vitskapsteoretisk status


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |




Charles Darwin


Når ein snakkar om «evolusjonsteorien» i eintal, særleg i bunden form, siktar ein som sagt til dei nydarwinistiske forklaringane som ein har sannsynleggjort i dag.
Det har likevel eksistert andre evolusjonsteoriar før, som har freista forklara evolusjonen ut frå andre mekanismar enn det naturlege utvalet. Ingen av desse har vitskapleg truverdige tilhengarar i dag.


Den eldste evolusjonsteorien kan sporast attende til den greske filosofen Anaximander, som levde på 500-talet før vår tidsrekning.
Allereie han såg for seg at artar kunne endra seg over tid, men meinte at dette måtte skje i form av store «sprang», noko det ikkje finst dekning for i moderne vitskap.


Etter dette låg evolusjonstanken nokså brakk i over to tusen år. Det var først på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet at somme naturvitarar tok til å vurdera ulike evolusjonsteoriar att.
Den mest kjende av desse er Jean-Baptiste de Lamarck sin teori, lamarckismen. Han meinte at artar kunne endra seg, og at dette skjedde gradvis. På båe desse punkta har han i etterkant fått rett. Han kunne derimot ikkje forklara mekanismen som låg bak endringane riktig; han hadde ei forklaring som viste seg å vera feil.


For det første meinte han at tileigna eigenskapar var arvbare, og for det andre såg han for seg at den evolusjonære utviklinga stort sett var fastsett på førehand; til dømes at ein kunne spå at insekt skulle evolvera frå leddmakk på same måte som ein kan føreseie kva form ein vaksande krystall vil ta ut frå kva mineral han vert danna av.


Lamarck hadde altså framleis eit hierarkisk syn på naturen.




Originalutgaven av Origin of Species fra 1859.


Dette var det først Charles Darwin som stilte spørsmål ved. I evolusjonsteorien hans går det ikkje an å rekna seg fram til kva endringar som vil skje, bortsett frå i visse tilfelle i det korte løp; då med generelle uttrykk som «evolusjonen går mot betre tilpassing til det lokale miljøet». Dette var eit radikalt brot mot alle tidlegare førestillingar, der alle organismegrupper - om dei var foranderlege eller ikkje - hadde sin fast tilmåla plass i verda.


Òg Alfred Russel Wallace hadde skjønt at naturleg utval var ein drivande faktor bak evolusjonen. Grunnen til at Darwin får mesteparten av æra er den omfattande dokumentasjonen han la fram i boka si The Origin of Species i 1859. Teorien hans vart difor i løpet av forholdsvis kort tid godtatt av dei fleste biologar.


Darwin visste likevel ingenting om korleis arv går føre seg. Han trudde som Lamarck på at arv av tileigna eigenskapar var mogleg, og meinte dessutan at avkommet av to foreldre var ein direkte mellomting mellom foreldra. Han visste ingenting om den spirande genetikken til Gregor Mendel, som vart gjort om lag på same tid.


Då Mendel sine arbeid vart attfunne i 1900, vart genetikken interessant nok sett på som ein konkurrerande forklaring på evolusjon. Tilhengarar av genetikk meinte den gongen med andre ord at mutasjonar var tilstrekkelege forklaringar på evolusjon, og at naturleg utval såleis ikkje var nokon naudsynt teori lenger. Darwins evolusjonsteori mista difor mange tilhengarar i løpet av dei første tiåra på 1900-talet.


Det var så seint som på 1930- og 40-talet, at ein kombinerte det ein visste om genetikk med læra om det naturlege utvalet. Resultatet av arbeidet som vart gjort i denne perioden, vert i dag kalla evolusjonsbiologiens nye syntese, eller rett og slett nydarwinisme. Denne er framleis grunnlaget for evolusjonsforståinga me har i dag.


Òg i etterkant har det vorte gjort mange viktige oppdagingar. Desse har ikkje rokka ved evolusjonsteorien, men tvert om støtta opp under og supplementert Darwins opphavlege og 1930-talet sin syntetiske teori.



Motstand |




Amerikanske Museum of Creation, eit kreasjonistisk prosjekt.


Mellom fagfolk er evolusjonsteorien like akseptert som dei grunnleggande teoriane som finst i andre vitskapar. Det har likevel stundom vorte måla eit bilete i det offentlege rommet av ein evolusjonsteori i krise. Dette kjem av at somme grupperingar i samfunnet har interesse av å framstilla evolusjonsteorien som tvilsam. Ein snakkar då først og fremst om religiøse fundamentalistar, men stundom òg anti-fascistiske aktivistar. Dei førstnemnde mislikar ideen om at mennesket ikkje skal vera krona på skaparverket, men ein tilfeldig art av mange (sjå kreasjonisme). Dei sistnemnde var redde for misbruk av evolusjonsteorien (sjå sosialdarwinisme).


Evolusjonsteorien er ein relativt ung teori, og mange av detaljane i han vert framleis jobba med. Det er difor naturleg at evolusjonsbiologar er usamde om fleire detaljar i teorien. Dette i seg sjølv er eit teikn på at teorien er fruktbar. Grupper som ønskjer å framstilla evolusjon som ikkje-eksisterande, eller prøver setje evolusjonsteorien i eit dårleg lys, framstiller denne vesle usemja som ei krise for evolusjonsteorien som heilskap. Undersøkelsar visar at 9 av 10 forskare trur på evolusjonsteorien.
Døme:



  • Teorien om «punktvis jamvekt» (punctuated equilibrium) vart tolka slik at det braut med evolusjonsteorien sin føresetnad om at endringar skjer gradvis, noko han ikkje gjer.

  • Teorien om nøytral evolusjon (gendrift) er ikkje-darwinistisk i den forstand at Darwin ikkje visste om han, men let seg like fullt kombinerast med nydarwinismen. Trass i dette vart han likevel framstilt som anti-darwinistisk.



Vitskapsteoretisk status |


Kritikarar av evolusjonsteorien har til dels prøvd å hevda evolusjonsteorien er uvitskapleg. Dette har både biologar og vitskapsfilosofar vist attende gjentekne gongar, men ein kan framleis sjå slike påstandar i somme publikasjonar. Det finst to grunnar til dette.


For det første ligg ei feiltolking av frasen survival of the fittest til grunn. Dette uttrykket var i si tid meint som synonym for naturleg utval. I og med at fitness i dag vert nytta med ei særskild tyding, som ikkje lenger fell saman med Darwin si opphavlege meining (der «the fittest» tydde best eigna), har mange fått inntrykk av at naturleg utval er ei ringslutning:
«Overlevinga til dei som overlever.»


Dette er ei enkel - om seigliva - mistyding, som forsvinn når ein ikkje blandar fagspråka frå 1800- og 2000-talet.


Den andre mistydinga let seg spora til ei fråsegn Karl Popper gjorde i 1974, at evolusjonsteorien er eit «metafysisk forskningsprogram». Denne fråsegna kom av at Popper generelt berre omtala nomotetiske vitskapar som «vitskap»; alt anna var metafysikk. I den grad evolusjonsbiologi forskar på organismane sitt stamtre, er han derimot ein idiografisk vitskap, som Popper heilt korrekt òg sa.


Dette utelukkar derimot ikkje at andre sider av evolusjonsbiologien, til dømes evolusjonsfaktorane nemnd ovanfor, er nomotetiske. (I tillegg la ikkje Popper noko negativt i omgrepet «metafysikk», noko mange evolusjonskritikarar har forteia.)



Bakgrunnsstoff |



  • Charles Darwin: «The origin of species» - publisher Oxford University Press. isbn=019283438X

  • How Stuff Works: Evolution Library

  • Evolution Education Wiki: EvoWiki

  • Darwin og evolusjonsteorien

  • [1]


Denne artikkelen er delvis omarbeidd frå Wikipedia på bokmål og riksmål.







Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029