Ronnie Wood
Ronnie Wood | |
| |
Fødd | 1. juni 1947 Hillingdon, London i England |
---|---|
Fødestad | London |
Fødenamn | Ronald David Wood |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1964 - til i dag |
Sjanger | R&B, rock & roll, blues, rock |
Instrument | Gitar, bass, pedal steel, lap steel, munnspel, saksofon, trommer, vokal |
Kjende instrument | Zemaitis ESP Ron Wood signaturmodell Duesenberg signaturmodell Versoul-gitarar |
Tilknytte artistar | The Birds, Faces, The Rolling Stones, The New Barbarians |
Plateselskap | Warner Bros. |
Verka som | Musikar, låtskrivar og plateprodusent |
Sambuar med | Ekaterina Ivanova |
Born | Leah Wood, Jesse Wood |
Ronald David «Ronnie» Wood (fødd 1. juni 1947 i Hillingdon i London) er ein engelsk rockegitarist og bassist som er mest kjend som ein av medlemmene i The Rolling Stones og Faces.
På 60-talet spelte Wood både i The Birds, The Creation og The Jeff Beck Group (som bassist). Saman med Rod Stewart, som var vokalist i sistnemnde band, vart han med i The Small Faces i 1969. Gruppa skifta same år namn til The Faces, og hadde forholdsvis stor suksess fram til bandet vart oppløyst i 1975. Då hadde Wood alt starta å spele med The Rolling Stones etter at Mick Taylor hadde forlate bandet i 1974. I The Rolling Stones har han etter kvart utvikla eit særs godt samspel med Keith Richards.
Som låtskrivar har Wood heilt klart kome i skuggen av Mick Jagger og Keith Richards i The Rolling Stones. Han har riktig nok vorte tilskriven som låtskrivar saman med «The Glimmer Twins» på nokre få songar, men det skjedde på 80-talet, då Stones knapt kan seiast å ha vore på sitt beste.
Sjølv om Wood er best kjend som gitarist i the Stones, har han òg gjeve ut fleire soloalbum, utan at nokre av dei har vorte suksessar. Best kjend av dei eigne songane hans er nok «Seven Days» frå albumet Gimme Some Neck (1979) – ein song han fekk av Bob Dylan. Han har òg gjeve ut det reine instrumentalalbumet Mahoney's Last Stand (1976) saman med bassisten i The Faces, Ronnie Lane.
Innhaldsliste
1 Album
1.1 Med The Birds
1.2 Med The Jeff Beck Group
1.3 Med The Faces
1.4 Med Ronnie Lane
1.5 Soloalbum
1.6 Med The Rolling Stones
2 Bakgrunnsstoff
3 Kjelder
Album |
Med The Birds |
These Birds Are Dangerous (1966)
Med The Jeff Beck Group |
Truth (1968)
Beck-Ola (1969)
Med The Faces |
First Step (1970)
Long Player (1971)
A Nod Is as Good as a Wink...To a Blind Horse (1971)
Ooh La La (1973)
Coast to Coast: Overture and Beginners (Live) (1974)
Snakes And Ladders: The Best of Faces (1976)
The Best of the Faces: Good Boys... When They're Asleep (1999)
Five Guys Walk into a Bar... (2004)
Med Ronnie Lane |
Mahoney's Last Stand (1976)
Soloalbum |
- I've Got My Own Album To Do (1974)
Now Look (1975)
Gimme Some Neck (1979)
1234 (1981)
Live at the Ritz (1988) (Ronnie Wood, Bo Diddley)
Slide on This (1992)
Slide on Live: Plugged in and Standing (1994)
Live and Ecletic (2000)
Not For Beginners (2002)
Live at Electric Ladyland (2002)
Always Wanted More (2003)
Med The Rolling Stones |
Sjå diskografien til The Rolling Stones frå 1976 og framover (frå og med Black and Blue).
Bakgrunnsstoff |
- Rolling Stones - Ronnie Wood
- Offisiell nettside
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Ron Wood» frå Wikipedia på bokmål, og «Ronnie Wood» frå Wikipedia på engelsk den 15. februar 2009.
The Rolling Stones | |
---|---|
Mick Jagger · Keith Richards · Charlie Watts · Ronnie Wood Brian Jones · Ian Stewart · Dick Taylor · Mick Taylor · Bill Wyman | |
Britiske studioalbum 1964–1967 | The Rolling Stones (1964) · The Rolling Stones No. 2 (1965) · Out of Our Heads (1965) · Aftermath (1966) · Between the Buttons (1967) |
Amerikanske studioalbum 1964–1967 | The Rolling Stones (England's Newest Hitmakers) (1964) · 12 X 5 (1964) · The Rolling Stones, Now! (1965) · Out of Our Heads (1965) · December's Children (And Everybody's) (1965) · Aftermath (1966) · Between the Buttons (1967) |
Studioalbum 1967–til i dag | Their Satanic Majesties Request (1967) · Beggars Banquet (1968) · Let It Bleed (1969) · Sticky Fingers (1971) · Exile on Main St. (1972) · Goats Head Soup (1973) · It's Only Rock 'n' Roll (1974) · Black and Blue (1976) · Some Girls (1978) · Emotional Rescue (1980) · Tattoo You (1981) · Undercover (1983) · Dirty Work (1986) · Steel Wheels (1989) · Voodoo Lounge (1994) · Bridges to Babylon (1997) · A Bigger Bang (2005) · Blue & Lonesome(2016) |
Konsertalbum | Got Live if You Want It! (1966) · Get Yer Ya-Ya's Out! The Rolling Stones in Concert (1970) · Love You Live (1977) · "Still Life" (American Concert 1981) (1982) · Flashpoint (1991) · Stripped (1995) · No Security (1998) · Live Licks (2004) · Shine a Light (2008) |
Tilknytte artiklar | Andrew Loog Oldham · Diskografi · Jagger/Richards · Nanker Phelge |
Faces | |
---|---|
Kenney Jones · Ronnie Lane · Ian McLagan · Rod Stewart · Ronnie Wood Tetsu Yamauchi · Jesse Ed Davis · Mick Hucknall · Glen Matlock | |
Studioalbum | First Step · Long Player · A Nod Is As Good As a Wink... to a Blind Horse · Ooh La La |
Konsertalbum | Coast to Coast: Overture and Beginners |
Samlealbum | Snakes and Ladders / The Best of Faces · Good Boys... When They're Asleep · Five Guys Walk into a Bar... |
Songar | «Wicked Messenger» · «Maybe I'm Amazed» · «Stay with Me» · «Cindy Incidentally» · «Pool Hall Richard» · «Ooh La La» · «You Can Make Me Dance, Sing or Anything» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Small Faces |
|