Brian Jones



































































Brian Jones
Brian Jones, Statesboro, Georgia, May 4, 1965 (377872218).jpg

Fødd 28. februar 1942
Cheltenham i Gloucestershire i England
Fødestad Cheltenham
Død 3. juli 1969
Hartfield i Sussex i England
Dødsstad Hartfield
Fødenamn Lewis Brian Hopkin Jones
Alias Элмо Льюис
Opphav Storbritannia
Aktiv 1961–1969
Sjanger
Rhythm and blues, rock and roll, psykedelisk rock, verdsmusikk
Instrument
Gitar, appalachian dulcimer, mellotron, munnspel, sitar
Kjende instrument
Vox Mark III
Gibson Firebird
Tilknytte artistar
The Rolling Stones, Master Musicians of Joujouka
Plateselskap
Decca, London
Verka som
gitarist, låtskrivar, komponist, orkesterleiar, musikkprodusent, multiinstrumentalist
Sambuar med Zouzou

Lewis Brian Hopkin Jones (28. februar 1942–3. juli 1969) var ein engelsk gitarist, og eit av medlemmane som var med å starte The Rolling Stones. Jones var kjend som ein multiinstrumentalist med eit moteriktig modimage.


I the Stones var Jones andre gitarist etter Keith Richards frå starten i 1962 og fram til 1969, berre dagar før han drukna i sitt eige basseng. Jones var kjend for å vere særs intelligent og som barn interesserte han seg tidleg for jazz- og bluesmusikk.


Det var Jones som grunnla The Rolling Stones då han sette inn ei annonse i eit magasin, der han søkte etter musikarar til ei ny R&B-gruppe og det var han som gav bandet namnet deira, som han tok frå ein song av Muddy Waters.[1] Jones tilførte the Stones ein unik stil og blanda inn fleire uortodokse instrument i bandet, som var uvanlege for denne tida. Jones var òg den som lærte Mick Jagger å spele munnspel. Imaget til Jones inspirerte ikkje berre Jagger og Richards, men òg andre artistar som Jim Morrison i The Doors.


Han hadde eit forhold til Anita Pallenberg, men ho forlet han til fordel for Keith Richards, noko som førte til at Jones fekk psykiske problem og hadde vanskeleg med å konsentrere seg om å spele inn musikk eller gjere konsertar. Det siste albumet Jones medverka på var Let it bleed.


Jones sa farvel til bandet etter at Jagger, Richards og Charlie Watts hadde vitja heimen hans og dei gav han beskjed om at det var best om dei heldt fram utan han. Kort tid etter omkom han i sitt eige symjebasseng på Cotchford Farm. Stones hadde planlagt ein kosnert i Hyde Park i London, som skulle vere berre to dagar etter dødsfallet til Jones. Då dei fekk vite om dødsfallet avgjorde dei å halde konserten som ein hyllest til Jones.


Jones vart gravlagd i Cheltenham. Bill Wyman og Charlie Watts frå Stones var til stades på gravferda. I 1999 hevda Anna Wolin, som var kjæraste med Jones då han døydde, at han vart myrda av ein bygningsarbeidar, som visstnok tilstod dette på dødsleiet sitt. Dette har sidan vorte avvist.[2]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Brian Jones» frå Wikipedia på svensk, og «Brian Jones» frå Wikipedia på engelsk den 15. februar 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Wyman, Bill. Rolling With the Stones. DK Publishing, 2002. s. 32.


  2. Wyman, Bill. Rolling With the Stones. DK Publishing, 2002. s. 329.
































Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum