Uganda
Republic of Uganda (norsk: Uganda, ugandisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Oh Uganda, Land of Beauty» | ||||||
Motto | For God and My Country (For gud og fedreland) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Kampala | ||||||
Styresett President Statsminister | Republikk Yoweri Museveni Amama Mbabazi | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 241 038 km² (80.) 15 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik | 39 570 125 (35.) 24 442 084 164,2 /km² (55.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia | 9. oktober 1962 | ||||||
Nasjonaldag | 9. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 79 750 mill. USD (88.) 2 500 USD (169.) | ||||||
Valuta | Ugandisk shilling (UGX) | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +256 | ||||||
Toppnivådomene | .ug |
Uganda er eit land i Aust-Afrika som grensar mot Tanzania, Rwanda, Kongo, Sør-Sudan og Kenya.
Innhaldsliste
1 Fakta
2 Klima
3 Administrativ inndelning
4 Bakgrunnsstoff
Fakta |
- Lågaste punkt: Lake Albert, 621 moh.
- Naturtilgong: kopar, kobolt, vasskraft, kalkstein, salt, fruktbar mark
- Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder: 14,7 år (2002)
- Spedbarnsdøydelegheit: nesten 9 % (2003)
- Folkesetnaden si midellivslengde: 44,9 år (2003)
Etniske grupper: baganda 17 %, ankole 8 %, basoga 8 %, iteso 8 %, bakiga 7 %, langi 6 %, rwandiar 6 %, bagisu 5 %, acholi 4 %, lugbara 4 %, batoro 3 %, bunyoro 3 %, alur 2 %, bagwere 2 %, bakonjo 2 %, jopodhola 2 %, karamojong 2 %, rundi 2 %, ikkje-afrikanarar 1 %, andre 8 %
Religion: katolikkar 33 %, protestantar 33 %, inhemske religionar 18 %, muslimar 16 %
Språk: Engelsk, ganda (eller luganda), andre niger-kongolesiske språk, nil-sahariske språk, swahili, arabisk
Analfabetisme: Cirka 30 % av folkesetnaden eldre enn 15 år var analfabete i 2003.
Klima |
Uganda ligg heilt innanfor tropane og ekvator går igjennom landet. Landet har derfor tropisk regnklima, som vert modifisert på grunn av høgda over havet. Viktoriasjøen er ein viktig del av klimaet i Uganda, og gjer at klimaet her er våtare enn t.d. i nabolandet Kenya, som elles har mykje det same klimaet. Fukta frå Victoriasjøen er ei kjelde til fukt i atmosfæren og torevêr. I tillegg er dei vestlege områda ofte påverka av fuktig sørvestleg vind som tar med seg regn frå Kongo. Dei våtaste områda av landet er langs kysten av Viktoriasjøen og Rwenzorifjella i Vest-Uganda. Her får ein om lag 1500 mm i året, medan sentrale og nordaustlege område får mindre enn 1000 mm. Nedbøren varierer derimot frå år til år, så enkelte år kan nedbørsmengda vere mykje mindre enn 1000 mm. Uganda har to regntider som følgjer den intertropiske konvergenssona sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). I dei nordlege områda smeltar derimot desse to regntidene i saman til ei samanhengande regntid, med ei tørketid i mellom.
Temperaturane vert sjeldan svært høge, årsmiddeltemperaturen er kring 22-23 °C året rundt, og fukta er vanlegvis ikkje så pass høg at ein får ubehaglege forhold. Ein kan ha regnvêr ein dag og to i strekk, men vanlegvis kjem regnet i samband med kraftige torebyger.
Administrativ inndelning |
Uganda er inndelt i 56 distrikt:
- Adjumani
- Apac
- Arua
- Bugiri
- Bundibugyo
- Bushenyi
- Busia
- Gulu
- Hoima
- Iganga
- Jinja
- Kabale
- Kabarole
- Kaberamaido
- Kalangala
- Kampala
- Kamuli
- Kamwenge
- Kanungu
- Kapchorwa
- Kasese
- Katakwi
- Kayunga
- Kibale
- Kiboga
- Kisoro
- Kitgum
- Kotido
- Kumi
- Kyenjojo
- Lira
- Luwero
- Masaka
- Masindi
- Mayuge
- Mbale
- Mbarara
- Moroto
- Moyo
- Mpigi
- Mubende
- Mukono
- Nakapiripirit
- Nakasongola
- Nebbi
- Ntungamo
- Pader
- Pallisa
- Rakai
- Rukungiri
- Sembabule
- Sironko
- Soroti
- Tororo
- Wakiso
- Yumbe
Bakgrunnsstoff |
- MyUganda
- MarketUganda
- New Vision
- The Monitor
- Visit Uganda
Aust-Afrika | |
---|---|
|
Den afrikanske unionen | |
---|---|
|
Denne geografiartikkelen som har med Uganda å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|