Riuwaka-elva
Riuwaka | |
elv | |
Land | New Zealand |
---|---|
Region | Tasman |
Sideelvar | Jordan River |
Lengd | Om lag 20 km |
Kjelde | Samanløpet av nordre og søndre Riwaka |
Munning | Ved Riwaka i Golden Bay |
Riuwaka-elva ligg i regionen Nelson, nordvest på Sørøya på New Zealand.[1][2] Ho renn i 20 km før ho munnar ut i Tasman Bay, nær byen Riwaka, 10 km nord for Motueka.
Elvedalane til Riuwaka aog den nærliggjande Takaka River dannar delar av fjellpasset der den einaste vegen mellom Tasman Bay og Golden Bay går.
Delar av elveløpet går under jorda gjennom sandsteinsgrotter, og kjem opp att i dagen ved The Riwaka Resurgence. Denne staden er populær både blant turoperatørar og dykkarar, fordi vatnet alltid er krystallklårt, og heller kjølig, til og med midtsommars[3].
Namnet på elva blei tidlegare skrive «Riwaka». Skrivemåten blei endra i 2014.[4]
Kjelder |
↑ «Place Name Detail Riwaka River». New Zealand Geographic Placenames Database. 2008-10-31. Henta 2. januar 2013.
↑ Basher, L.R. «The Motueka and Riwaka Catchments» (PDF). Land Research New Zealand. Henta 2. januar 2013.
↑ The Riwaka Resurgence, Motueka Online, henta 2 januar 2013
↑ «Riwaka River», New Zealand Gazetteer: Search for Place Names
- Denne artikkelen bygger på «Riwaka Riwer» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2013.
Bakgrunnsstoff |
- Foto av dykking i Riwaka Resurgence
Koordinatar:
|