Kontinentalklima




Polarklima vert omdirigert hit, sjå òg arktisk klima.

Kontinentalklima, polarklima eller innlandsklima ein type klima ein vanlegvis har i indre område av store kontinent på midlare breidder på den nordlege halvkula. Dette er klimagruppe D i Köppen si klimaklassifisering. Klimaet har vintertemperaturar som er låge nok til at ein kan ha lengre periodar med snø kvart år, og relativt lite nedbør som hovudsakleg kjem om sommaren, sjølv om austkystområde (hovudsakleg i Nord-Amerika) kan ha meir jamn nedbørsfordeling gjennom året. Berre få område i Iran nær Tyrkia, og Sentral-Asia har mest nedbør om vinteren, som vanlegvis smeltar tidleg på våren og gjev kortvarige flaumar.


Desse områda har vanlegvis skog eller sletter med høgt gras som vegetasjon, og inkluderer mange av dei mest produktive jordbruksområda i verda. Alle slike klima har minst tre månader med middeltemperaturar over 10 °C og vintrane har minst ein månad med middeltemperatur under −3 °C.


Dei fleste områda høyrer til fuktig kontinentalklima med kodane Dfa, Dwa (kalde og tørre vintrar, lange varme somrar) eller Dfb og Dwb (kalde vintrar og lange, milde somrar med anten nedbør jamnt fordel gjennom året (DfB) eller tørre vintrar (Dwb)).


Kontinentalklima er prega av kalde luftmassar om vinteren og varme luftmassar om sommaren, som oppstår på grunn av høg sol og lange dagar. Område med kontinentalklima har ein som regel anten langt frå hav, eller i kyststrøk der vinden vanlegvis bles frå land. Slike område kan få ganske høge temperaturar om sommaren, ikkje ulikt tropisk klima, men er ofte mykje kaldare enn område med andre klima på same breiddegrad om vinteren.


Subarktisk klima (Dfc) har svært kalde, lange og tørre vintrar, men med minst ein månad over 10 °C.



Døme |




  • Midtvesten i USA

  • Sørlege område av Canada

  • Delar av Kina

  • Det meste av Russland


Ein finn ikkje denne type klima på den sørlege halvkula fordi ein ikkje har dei store landmassane her på midlare breidder. Dei sørlegaste delane av Afrika og Australia er påverka av havområda rundt, medan Sør-Amerika er for smalt til at kalde luftmassar kan bygge seg opp. Antarktis ligg sjølvsagt utanfor midlare breidder.










Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering

Gruppe A: Tropisk — Regnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)

Gruppe B: Tørt — Ørkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)

Gruppe C: Temperert — Fuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)

Gruppe D: Kontinentalt — Fuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)

Gruppe E: Arktisk — Tundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)



Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum