Musikkgruppa Nirvana




Nirvana var ei rockegruppe som blei til i Aberdeen i Washington i 1986. Ho hadde seks medlemmer: Pat Smear, Chad Channing, Kurt Cobain, Jason Everman, Dave Grohl og Krist Novoselic. Namnet på gruppa kjem frå det orientalske frelseomgrepet nirvana.


Musikken deira var ei blanding av punk og alternativ rock, og fekk merkelappen grunge av pressa. Gruppa var òg kjend som ein hovudrepresentant for «Generasjon X». Etter at vokalist en Kurt Cobain tok livet sitt i 1994, løyste gruppa seg opp. Medlemmer av Nirvana har etter oppløysinga dukka opp igjen i grupper som Foo Fighters og Queens of the Stone Age.


Gruppa gav ut sitt første album, Bleach, i 1989. Fram til 1996 gav dei ut fem album. I 1991 kom albumet Nevermind ut, og da fekk Nirvana verkeleg gjennombrotet sitt. Det siste albumet, From the Muddy Banks of the Wishkah (live), vart gjeve ut etter at Kurt Cobain døydde, men var da eit album med opptak frå konsertar i perioden 1989 til 1994.



Diskografi |



Album |




  • 1989 - Bleach


  • 1991 - Nevermind


  • 1992 - Incesticide


  • 1993 - In Utero


  • 1994 - MTV Unplugged in New York



Samleplater |




  • 1996 - From the Muddy Banks of the Wishkah


  • 2002 - Nirvana


  • 2004 - With The Lights Out


  • 2005 - Sliver: The Best Of The Box





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum