Salstrofé i musikkbransjen
Salstrofé i musikkbransjen vert utdelt for visse tal selde plater, album og singlar. Det er bransjeorganisasjonane i kvart land som står for tildelinga, men plateselskapa må som regel betale ein kontingent for å få sertifisert salstala.
Innhaldsliste
1 Noreg
2 USA
3 Storbritannia
4 Tyskland
5 Kjelde
6 Fotnotar
Noreg |
I Noreg er det bransjeorganisasjonane IFPI og FONO som tildeler salstroféa.
Trofé | Album | Singlar | Musikk-DVDar |
Gull | 15 000 | 5 000 | 5 000 |
Platina | 30 000 | 10 000 | 10 000 |
Krava for albumtrofé vart endra 6. september 2006. Tilsvarande tal var tidlegare 20 000 og 40 000. Ein tel med nedlasting via internett og til mobil når ein reknar ut salstala. For singlar gjeld sal av heile låtar, mens for album må ein selje minst 3/4 av heile albumet.[1]
USA |
I USA er det bransjeorganisasjonen RIAA som tildeler salstroféa.
Trofé | Einingar |
Gull | 500 000 |
Platina | 1 000 000 |
Diamant | 10 000 000 |
Merknad: Før 1. januar 1989, blei gull gjeve ved ein million selde singlar, og platina ved to millionar selde singlar.
Storbritannia |
I Storbritannia er det British Phonographic Institute som tildeler salstroféa.
Trofé | Album | Singlar |
Sølv | 60 000 | 200 000 |
Gull | 100 000 | 400 000 |
Platina | 300 000 | 600 000 |
Tyskland |
I Tyskland er det IFPI Deutschland/Bundesverband Phono som tildeler salstroféa.
Trofé | Album | Singlar |
Gull | 150 000 | 300 000 |
Platina | 300 000 | 500 000 |
Kjelde |
- Denne artikkelen bygger på «Salstrofe i musikkbransjen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2010.
Fotnotar |
↑ Troféreglar frå IFPI