North Uist
North Uist Lokalt namn: Uibhist a Tuath | |
---|---|
Strand nær Sollas på North Uist | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 303,05 km²
|
Høgaste punkt | Eaval (347 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane |
Største busetnad | Lochmaddy
|
Demografi | |
Folketal | 1 217 (2001) |
Folketettleik | 4,0 /km² |
North Uist (skotsk-gælisk Uibhist a Tuath, norrønt Nordra Ívist) er ei øy i øygruppa Hebridane i Skottland, sentralt i dei dei vestlegaste øyane. Administrativt ligg ho regionen Ytre Hebridane (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Siar).
Ho har eit areal på 303 km²[1] og er med det den niande største øya i Skottland. Ho er berre litt større enn South Uist. North Uist har vegsamband med øya Benbecula via Grimsay, til Berneray og til Baleshare. Med unntak av søraustsida er øya flat, dekt med torvmyrer, låge åsar og små innsjøar. Nokre av desse sjøane har ei blanding av ferskvatn og salt sjøvatn, som gjev grunnlag for komplekse og uvanlege biologiske habitat.
I 2001 hadde øya 1 217 innbyggjarar, eller 1 320 om ein tar med tidvassøya Baleshare.[2]
Den største busetnaden på øya er Lochmaddy. Andre landsbyer er Sollas, Hosta, Tigharry, Hougharry, Paible, Grimsay og Cladach Kirkibost.
Bakgrunnsstoff |
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «North Uist» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2010.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
↑ «Number of residents og households in all inhabited islands» (PDF) (engelsk). General Register Office for Scotland. Henta 27. februar 2010.
Busette øyar i Hebridane | ||
---|---|---|
Indre Hebridane | Canna · Coll · Colonsay · Danna · Eigg · Eilean Bàn · Eilean Donan · Eilean Shona · Erraid · Gigha · Gometra · Iona · Islay · Isle of Ewe · Jura · Kerrera · Lismore · Lunga · Muck · Mull · Oronsay · Raasay · Rona · Rùm · Sanday · Scalpay · Skye · Slate Islands · Soay · Summer Isles · Tiree · Ulva | |
Ytre Hebridane | Baleshare · Barra · Benbecula · Berneray · Eriskay · Flodaigh · Fraoch-Eilean · Great Bernera · Grimsay (nord) · Grimsay (sør) · Lewis og Harris · North Uist · Scalpay · South Uist · Vatersay |
|