Abel Tasman National Park
Abel Tasman National Park | |
nasjonalpark | |
Torrent Bay i Abel Tasman National Park. | |
Land | New Zealand |
---|---|
Region | Tasman |
Areal | 225,41 km² |
Grunnlagd | 1942 |
Tidssone | +12 |
Wikimedia Commons: Abel Tasman National Park | |
Abel Tasman National Park er ein nasjonalpark som ligg heilt nord på Sørøya på New Zealand. Parken vart grunnlagd i 1942, og er med eit areal på berre 225 km², den minste av nasjonalparkane på New Zealand. Landskapet er skogkledd og åslendt nord for elvedalane til Takaka og Riwaka River, og er i nord avgrensa av havet i Golden Bay og Tasman Bay. Han har fått namn etter Abel Tasman, som i 1642 vart den første europeiske oppdagaren som fekk sjå New Zealand.
Abel Tasman National Park strekkjer seg ikkje ut over høgvassmerket i dei tilstøytande kystane. Strandområda mellom gjennomsnittleg flo og og gjennomsnittleg ebbe er i om lag 70 kilometers lengde gjort til naturreservat, og dekkjer i alt 774 hektar.
Det newzealandske miljøverndepartementet, Department of Conservation (DOC) administrer parken. Naturvernområdet er administrert av Tasman District Council (TDC) og Department of Conservation sin konservator i Nelson/ Marlborough.
Aktivititetar i tilsstøytande kystfarvatn ligg under ansvaret til TDC i medhald av separate regelverk.
Fotturruta Abel Tasman Coast Track er ei populær turrute som følgjer kystlinja, medan ei innlandsrute, Abel Tasman Inland Track, vert mindre brukt. Kajakkpadling, camping og turisme er andre aktivitetar i parken.
Den næraste større byen er Motueka, 20 kilometer mot sør.
Innhaldsliste
1 Galleri
2 Sjå òg
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Galleri |
Ei strand i parken
Totaranui
Flyfoto over Abel Tasman National Park
Ei hengebru i parken
Sjå òg |
- Nasjonalparkar på New Zealand
- Fotturar på New Zealand
- New Zealand Great Walks
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Abel Tasman National Park» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2013.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Abel Tasman National Park
- Department of Conservation si informasjonsside om Abel Tasman National Park.
- Turguide til Abel Tasman Coastal Track.
Nasjonalparkar på New Zealand | ||
---|---|---|
Nordøya | Egmont · Te Urewera · Tongariro · Whanganui | |
Sørøya | Abel Tasman · Aoraki/Mount Cook · Arthur's Pass · Fiordland · Kahurangi · Mount Aspiring · Nelson Lakes · Paparoa · Westland | |
Stewart Island/Rakiura | Rakiura |
|