Vilhelm Krag





























Vilhelm Krag

Portrait of the writer Vilhelm Krag (1871-1933).jpg

Fødd
24. desember 1871
Kristiansand
Død

10. juli 1933
Søgne


Yrke
skribent, lyrikar
Far
Peter Rasmus Krag
Ektefelle
Beate Kielland

Vilhelm Krag på Commons

Vilhelm Andreas Wexels Krag (24. desember 1871–10. juli 1933) var ein forfattar frå Kristiansand. Han er best kjend for lyrikken sin, men skreiv også ei rad romanar og forteljingar, samt skodespel. I dag er Krag kanskje aller best kjend som opphavsmann til den geografiske og sosiologiske nemninga Sørlandet. Peter Krag var far hans, Thomas Krag ein eldre bror.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og gjerning


    • 1.1 Sørlandet




  • 2 Verk


  • 3 Litteratur


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Liv og gjerning |


Krag byrja i 1889 på latingymnas i Kristiania. Her skreiv han diktet Fandango som vart offentleg framført hausten 1890. Litteraturhistorisk har diktet fått plass som innleiaren til den norske nyromantikken. Frå 1891 til 1897 gav han ut tre samlingar med nyromantisk lyrikk. I 1898 kom samlinga Vestlandsviser, med eit innhald prega av «frisk folkelighet», seinare kom nye diktsamlingar med same tema og form.


Også som forteljar gjekk Krag gjennom dei same fasane som han gjorde i lyrikken. Dei fyrste romanane formidla mykje den same stemninga som i dei nyromantisk dikta. Mellom 1897 og 1918 skreiv han derimot mange fortlejingar med innhald frå det historiske og folkelege i den landsdelen han hadde vokse opp i.


Krag forfatta ei rad skodespel i åra frå 1894 til 1914. Han var sjølv teatersjef ved Nationaltheatret i Kristiania 1908-11. Omtrent samstundes, 1907-09, var han redaktør for tidsskriftet Kringsjaa.


I 1926 kom den fyrste av fire minnebøker, den siste kom ut i 1931. Krag skreiv i alt 43 bøker, dikt, prosa og skodespel. Nest etter Bjørnstjerne Bjørnson skal han vere den mest tonesette, norske lyrikaren. Nærare hundre komponistar har laga meir enn 300 melodiar til dikta hans.



Sørlandet |


Vilhelm Krag presenterte nemninga Sørlandet i ein avisartikkel i Morgenbladet si utgåve for 16. mars 1902.


Krag døydde i Ny-Hellesund i Søgne, der han hadde fritidsbustad i mange år.



Verk |








Dikt



  • Digte, 1891


  • Nat. Digte i prosa, 1892


  • Sange fra syden: Reiseindtryk og stemninger, 1893


  • Nye Digte, 1897


  • Vestlandsviser, 1898


  • Norge: Dikt, 1903


  • Sange. Et Udvalg, 1917


  • Sange fra min Ø, 1919


  • Viser og Vers, 1919


Skodespel



  • Vester i Blaafjeldet, 1893


  • De gode gamle: To enaktere: De gamles juleaften – Solnedgang, 1895


  • Den sidste Dag, 1897


  • Baldevins bryllup, 1900


  • Livet en Leg, 1901


  • Situationens herre, 1903


  • Sangen om Florens, 1906


  • Jomfru Trofast, 1906


  • Slangen i Paradis, 1914


  • Vanitas, 1915




Prosa



  • Hjemve, 1895


  • Den glade løitnant (roman), 1896


  • Fra de lave Stuer, 1897


  • Rachel Strømme Kristiania, 1898


  • Jul i skrivergaarden (noveller), 1899


  • Marianne (roman), 1899


  • Isaac Seehusen (roman), 1900


  • Isaac Kapergast (roman), 1901


  • Lille Bodil (roman), 1902


  • Den gamle Garde (roman), 1903


  • Thea Marie (roman), 1904


  • Hos Maarten og Silius, 1906


  • Major von Knarren og hans Venner (noveller/roman), 1906


  • Krøniken om Hr. Villum (roman), 1913


  • Stenansigtet (roman), 1918


  • Verdensbarn (roman), 1920




Memoarar


  • Min Barndoms Have, erindringer Oslo, 1926

  • Dengang vi var tyve Aar, erindringer Oslo, 1927

  • Heirefjæren, erindringer Oslo, 1928

  • De skinnende hvide Seil, erindringer Oslo, 1931


Andre verk


  • Holmerne de graa (vandringsbok) Kristiania, 1905

  • Vandringsmand (vandringsbok) Kristiania, 1907 (2 opplag)

  • Fra det blaa Bryggerhus: Af en Digters Optegnelser (vandringsbok) Kristiania, 1911 (2 opplag)

  • Hos Maarten og Silius (vandringsbok) Kristiania, 1912 (2 opplag)

  • Sange fra min Ø (dikt) Kristiania, 1918

  • Christianssands Sparebank 1824–1924: Et jubilæumsskrift (bedriftshistorie) Kristiania, 1924

  • Baldevin. To idyller: Baldevins bryllup. Slangen i Paradis (skuespill) Oslo, 1925

  • Baldevins bryllup, filmatisert og hadde premiere i 1926.

  • Skrifter i utvalg I–IV, Oslo, 1930



I Major von Knarren

II Thea Marie og Stenansiktet

III Maarten og Silius og andre noveller fra Holmerne de graa, Vandringsmann, Fra det blå bryggerhus, Fra de lave stuer og Marianne

IV Dikt fra Digte, Nye digte, Vestlandsviser, Sange fra min ø og Viser og vers





Litteratur |




  • Herman Smitt Ingebretsen: En dikter og en herre. Vilhelm Krags liv og diktning, Ascehoug 1942.

  • Gunvald Opstad: Fandango. En biografi om Vilhelm Krag. Vigmostad og Bjørke 2002.



Bakgrunnsstoff |



  • Digitaliserte bøker av Krag hos [[Nasjonalbiblioteket


Kjelder |



  • Aschehougs og Gyldendals store norske leksikon.


  • Denne artikkelen bygger på «Vilhelm Krag» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2012.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum