Kongealbatross































Kongealbatross

Status i verda: VU Sårbar


Sørleg underart fotografert ved Tasmania Foto: JJ Harrison
Sørleg underart fotografert ved Tasmania
Foto: JJ Harrison


Systematikk

Klasse:

Aves

Orden:

Procellariiformes

Familie:

Diomedeidae
Slekt:
Diomedea

Art:

D. epomophora

Vitskapleg namn
Diomedea epomophora

Lesson, 1785


Kongealbatross, Diomedea epomophora, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Med eit gjennomsnittleg vengespenn på rundt 3 meter, er dette den nest største albatrossen, berre vandrealbatrossen er større.


Clementslista, versjon 6,6 av august 2011, listar to underartar, nominatforma D. e. epomophora og D. e. sanfordi.[1]BirdLife International,[2][3] og andre, har lista desse opp som to artar, høvesvis ein sørleg og ein nordleg kongealbatrossart.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Utbreiing


  • 3 Kjelder


    • 3.1 Referansar




  • 4 Bakgrunnsstoff





Skildring |


Kongealbatross har ei lengd på 112-123 cm. Vengespennet er frå 2,70 til 3,51 meter. Vandrealbatrossen overgår denne arten både i maksimal og gjennomsnittleg storleik, men storleik kan ikkje brukast til å skilje mellom artane.
Det meste av fuglen er kvit, med mørkebrun overside av vengene. Men graden av mørke område varierer med alder, underart og kjønn. Nebbet har rosa farge med svart langs kanten av den øvre kjeven, og beina er kjøtfarga. Det er vanskeleg å skilje dei to underartane, men den nordlege, epomophora er mørkast på oversida av vengene. Den gjennomsnittlege levealderen er 42,3 år.[2]



Utbreiing |


Begge underartane hekkar på øyar på New Zealand. Fuglar som ikkje hekkar gjer sirkumpolare reiser i Sørishavet.


D. e. epomophora (sør): Nær alle fuglar, 99 %, hekkar på Campbelløya, New Zealand, og nokre få par på øyar i Aucklandøyane, populasjonen er estimert til totalt 7 800 hekkande par. [2]


D. e. sanfordi (nord): Chathamøyane vest for New Zealand er hekkeplass for 99 % av alle para, populasjonen er estimert til 6 500-7 000 hekkande par.[3]



Kjelder |



  • Denne artikkelen byggjer på «Southern Royal Albatross» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2012



Referansar |





  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012 


  2. 2,02,12,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Diomedea epomophora. Henta frå http://www.birdlife.org on 15. april 2012


  3. 3,03,1 BirdLife International (2012) Species factsheet: Diomedea sanfordi. Henta frå http://www.birdlife.org on 15. april 2012




Bakgrunnsstoff |



  • Videoar, bilete og lydopptak av kongealbatross hos Internet Bird Collection



Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum